Kinesiske CAAS og NIBIO signerte avtale om forskingssamarbeid

Kinasignering_cropped.jpg

Administrerande direktør i NIBIO, Nils Vagstad og Wan Jianmin, visepresident i CAAS ved signeringa av ei intensjonsavtale om landbruksforsking. Foto: Stian Stang Christiansen, Kunnskapsdepartementet.

NIBIO og det kinesiske landbruksakademiet CAAS underteikna i dag ein intensjonsavtale om vidare samarbeid innan forsking og teknologiutvikling knytt til mattryggleik, sikker matforsyning og eit klimasmart, berekraftig landbruk.

Chinese Academy of Agricultural Science (CAAS) og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har i dag inngått ein intensjonsavtale for å fremje bilateralt samarbeid til nytte for begge land og organisasjonar. 

Avtalen blei signert i ein seremoni i Oslo, der både den kinesiske forskingsministeren Wan Gang og Noregs kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen var til stades.

 

Verdsleiande

- Vi er veldig glad for at våre relasjonar til Kina og landbruks- og miljøforskinga der får ein så framskut posisjon at dei to landa sine respektive forskingsministrar er vertskap ved signeringa av vår MoU (Memorandum of Understanding) med CAAS, seier Nils Vagstad, administrerande direktør i NIBIO. 

Det er 13 år sidan CAAS og NIBIO møttest for fyrste gong i Noreg. Sidan har det blitt mange møter og ein har utvikla eit fageleg samarbeid. 

Ifølgje Vagstad er CAAS på veg til å bli verdsleiande, og direktøren trur partnarskapet kan bety mykje både for NIBIO og for Noreg framover. Veterinærinstituttet er også ein viktig part i denne alliansen, og Vagstad seier han er glad for at avtalen skaper moglegheiter for at også Veterinærinstituttet kan kome med i samarbeidet framover.

Han meiner det er avgjerande å ha eit blikk ut mot verda gjennom å søke samarbeid og hente heim kunnskap og idear. 

- Og så håper vi at våre erfaringar og kunnskap kan være nyttig også andre vegen. Dette er kjernen i alt vi held på med – utvikling gjennom gjensidig kunnskap- og teknologiutveksling. At vi på fleire områder er forskjellige, har ulike erfaringar og historie er viktig og bidrar til synergiar, påpeikte Vagstad i sin tale.

 

Satsing i nordområda

NIBIO-direktøren viste også til at Noreg og NIBIO representerer ein eineståande tilgang til arktiske økosystem med biologiske moglegheiter, eit uoppdaga potensial og uutnytta ressursar. 

- Samstundes er nordområda eit unikt laboratorium for å utvikle meir kunnskap om klimaendringar og deira konsekvensar. Vi veit allereie at CAAS sit på verdifull kompetanse som kan vere viktig i arbeidet med å skaffe meir kunnskap om nordlege og arktiske system, sa han. 

- I avtalen vi har underteikna legg vi også eit løp for å utvikle eit felles senter for arktisk klima, økosystemforsking og innovasjon med utgangspunkt i vår stasjon Svanhovd i Sør-Varanger kommune, avsluttar Vagstad.  

Forskingssamarbeidet har støtte frå Noregs Forskingsråd, Landbruks- og matdepartementet, det kinesiske landbruksdepartementet og vitskaps- og teknologidepartementet i Kina.

 

KONTAKTPERSON
Statsråden imponert

mg200208_DSCN7241-X2.jpg

 – Eg er imponert over den posisjonen NIBIO har fått i Kina gjennom sitt systematiske og fagleg samarbeid sidan 2004. Avtalen dei no har teikna med CAAS svarer på Regjeringa sin strategi for høgare utdanning og internasjonalt forskingssamarbeid. NIBIO bidrar til eit viktig internasjonalt kunnskapsnettverk og auka framtidig kompetanse i landbruket. Eg er og særs nøgd med at Veterinærinstituttet blir trukke inn som partnar i avtalen. NiBIO og CAAS er innovative institusjoner, som har sett seg mål å vere i front i verda på mange område innan landbruksretta forsking og teknologiutvikling.

– Eg ønskjer NIBIO sitt initiativ på Svanhovd i Finnmark velkommen. Nordområda er eit unikt laboratorium for å utvikle meir kunnskap om klimaendringer og deira konsekvenser – men og nye moglegheiter innan landbruket i nord.

 

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.