Hopp til hovedinnholdet

40 år med tapstal frå sauebeite

Sau_Innerdalen_Rennebu_050717_GHS-7_cropped

Lamma er meir utsette i utmarka enn søyene. Biletet er frå Innerdalen i Rennebu. Foto: Geir-Harald Strand, NIBIO

Dei siste åra har norske sauebønder slept om lag 1,8 millionar sauar og lam på utmarksbeite. Snaut 100 000 kom aldri heim att. Tapsprosenten har gått ned sidan byrjinga av 2000-talet, men båe årsak og tapstal varierer mykje mellom ulike beiteområde. Beitestatistikk er eit viktig verktøy for forvaltinga av beiteområda.

I Vestbygdi ligg sauebruket Hovda på om lag 250 meter over havet med panoramautsyn over Seimsvatnet i Voss herad. Lillian Hovda overtok garden i 2016, men far Leif Hovda er framleis til god hjelp. No har dei fått sauane heim att frå fjellbeite. Som vanleg har dei fått ned att nesten alle dei 160 lamma som blei slept på forsommaren.

– Det er alltid litt tap, det er ikkje til å unngå. Men me har ikkje høge tap her hjå oss, seier Leif Hovda.

I alle åra han har drive med sau kan han ikkje hugsa at det har vore år med svært høge lammetap.

– Me er heldige her for me har nesten ikkje rovdyr, utdjupar Lillian Hovda.

– Eg trur at den viktigaste orsaka til tap i vårt område er at lamma får skadar eller går seg skårfast. Det vil seia at lamma hoppar ned på ei fjellhylle, og ikkje kjem seg opp att. Men trass i farar, er det normalt berre tre til fire lam som ikkje kjem heim frå flokken vår, seier ho.

heul_20241004-DSC02908.png
Far Leif Hovda og dotter Lillian Hovda driv med sau i Vestbygdi i Voss herad. Når tåka lettar, har garden panoramautsyn utover dalen og Seimsvatnet nord-vest for Vossavangen. Dei slapp om lag 160 lam på fjellbeite i år og no er nesten alle kome trygd heimatt. Foto: Hege Ulfeng, NIBIO

 

Men ikkje alle sauebønder er like heldige som Hovda. Kari Hånsnar er sauebonde og rådgjevar ved landbrukskontoret i Lom og Skjåk. Ho har ei heilt anna historie og fortelja. Ho er nett no i gang med å registrera lammetap frå årets beitesesong.

– Her er det ingen lykkelege tal å formidla. Fleire bønder har mista over halvparten av lamma denne sommaren. Før hadde me enkeltbesetningar med store tap i einskilde år, mens dei fleste hadde låge tap. No har det vorte motsett, fortel Hånsnar.

– Dei tre siste åra har det vorte skikkeleg ille. Det skjer frykteleg fort. I år gjekk det bra i juni og juli, men så, på ein til to dagar kunne det forsvinna ei mengd med lam. Berre få vart funne att, sjølv om me har rykka ut raskt etter at radiobjøller har varsla at noko er gale, og sjølv med intensivt beitetilsyn.

Båe Lillian Hovda og alle sauebøndene i Lom og Skjåk er med i beitelag. Dei får tilskot for organisert beitebruk frå Landbruksdirektoratet. Om lag tre fjerdedelar av sauane og lamma som vert slepte i norsk utmark vert innrapportert gjennom denne ordninga. Tala gir grunnlag for ein statistikk som kan fortelja mykje om tap av sau på beite i Noreg. Statistikken syner mellom anna dei store skilnadane som Hovda og Hånsnar fortel om.

 

Beitestatistikk for heile landet

Senioringeniør og beitekartleggjar Michael Angeloff i NIBIO, er kanskje den i Noreg som kjenner statistikken aller best.

– No har me tal frå over førti år med beite i utmarka. Dei siste ti åra har om lag 5 – 5,5 % av slepte søyer og lam vorte borte på utmarksbeite kvart år. Det vil seie 70 000 til over 80 000 dyr frå dei organiserte beitelaga. Reknar vi tala om til å gjelda all sau slept i utmark om sommaren, vert det om lag 100 000 dyr totalt, seier Angeloff.

– Tapsprosenten for lam er alltid mykje høgre enn for søyer; 6,8 % for lam mot 3 % for søyer i 2023. Lamma er meir sårbare båe for sjukdom, skadar og rovvilt, forklarar han.

Graf_beitestatistikk_Noreg.PNG
Åttitalet hadde lågare tapsprosent enn i dag. Frå midten av nittitalet til utpå 2000 talet auka tapsprosenten for så å avtaka gradvis dei siste ti åra. Men frå 2021 har det vore ein svak auke att. Henta frå https://beitestatistikk.nibio.no/

Store skilnader mellom landsdelar og område

Det er store skilnader på omfanget av tap av sau på beite, båe i tid og rom. I nokre av dei mest problematiske beiteområda vert det ikkje lengre slept sau på beite, og dermed har tapa gått ned til null.

– Frå 1994 til 2014 var det særs høge tap i tidlegare Hedmark fylke, rundt 10 %. No er tapa ned mot landsgjennomsnittet fordi mange har slutta med utmarksbeite i dei mest utsette områda, forklarar Angeloff.

– Nokre av kommunane nord i Gudbrandsdalen har hatt aukande tap dei siste åtte åra. Sjølv om tala ikkje kan seia noko sikkert om tapsårsak, gir tala eit kunnskapsgrunnlag i botn når forvaltinga skal vurdera søknadar og klager.

 

Tapsmysteriet

Det finst mange teoriar om kva som er hovudårsaka til tap av sau i utmarka. Rovdyr og laushundar er den årsaka som vert omtalt mest i media, men sjukdom, parasittar, giftige planter, påkøyrsel og fallskadar er andre vanlege årsaker. Utfordringa er at ingen veit sikkert.

– Svært få dyr som døyr på beite vert funne att, fortel Angeloff.

– Kråke, rev og andre rovdyr kjem fort på plassen når dei kan få lett tilgjengeleg mat. Då tek det ikkje lange tida før dyret er fortært. For å påvisa sikkert at ein sau eller eit lam er drepen av eit rovdyr, må ein kunna visa til skade frå bitt i blautvev. Difor er det stort sett umogleg å seia noko sikkert om dødsårsak.

Beitestatistikken kan likevel hjelpa på veg. Statistikken gir tal for totalt tap av beitedyr heilt ned på kommunenivå. Desse tala er lett tilgjengelege for alle. I tillegg kan ein skilde beitelag og finna statistikk for sitt eige område.

– Dersom ein ser ein brå auke i tapte dyr frå eit område, kan ein dokumentera at noko har endra seg. Så kan ein samanlikna det med det ein veit om andre endringar og funn, og slik kanskje koma fram til ei sannsynleg årsak, forklarar senioringeniøren.

– Skal me få sikrare kunnskap om tapsårsaker, må det settast i gong prosjekt som overvakar sauen i utsette område over tid, legg han til.

WEF-07082009-110749_cropped.jpg
Lette rasar kan klara seg betre i ulendt terreng. Biletet syner villsau på fjellbeite i Stryn. Foto: Wendy Fjellstad, NIBO

Lys i beitetunellen

Høge tap av dyr på beite er ei stor påkjenning for båe dyr og bønder. Næringa er oppteken av å finna løysingar. På åttitalet var tapsprosenten lågare enn i dag. Målet er å koma så lågt som mogleg utan at kostnadane vert for høge. No gir teknologien håp om betre tider.

– Eit lyspunkt er at bruken av radiobjøller aukar. Eg og mange andre er einige om at mykje av løysinga ligg her, seier Angeloff.

– Radiobjøllene sender signal til bondens mobiltelefon ein gong i døgnet. Slik veit han kvar dyra oppheld seg. Bjølla har rørslesensor slik at bonden får beskjed om eit dyr ikkje lear på seg eller om det har fluktåtferd. Dette gjer det mogleg å fylgja med dyra på ein heilt annan måte enn før, forklarar han.

Utfordringa er at bjøllene er dyre. I dag har berre om lag 5 % av beitedyra slike bjøller. Tilpassing av tilskotsordningar er ei moglegheit som vert diskutert for at fleire skal kunne bruka radiobjøller på dyra.

– Avlsarbeidet kan kanskje òg bidra noko med å redusera tap. I lang tid har mange vore oppteken av kjøtfylde og store lam, men ein kunne òg avla meir på utmarkseigenskapar og åtferd, seier Angeloff.

– Dyr som held seg i større flokkar og samlar seg når dei vert truga, klarar seg betre i utmarka enn dei som går spedt. Lettare dyr som ikkje treng høgkvalitetsfôr, er ein fordel. Ein kan dessutan avla på dyr som utnyttar terrenget godt. Gode tidlegbeite og sunne, friske dyr er òg viktig, understrekar han.

Bøndene i Lom og Skjåk har testa ut mange førebyggjande tiltak som radiobjøller på alle søyer og tidleg sanking, utan gode resultat. Det er observert mykje jerv i området.

– Nokre bønder har gitt opp drifta i år. Det vert for stor påkjenning for båe folk og dyr. Men mange vonar at me skal finna løysingar, sidan Stortingets tosidige mål for rovviltforvalting seier at me skal ha moglegheit for full utnytting av utmarksbeitet i Lom og Skjåk, fortel Kari Hånsnar.

heul_20241004-DSC02913.png
Det er enklare å halde tilsyn med dyra når dei går på heimebeite, men fôret i umarka er ei viktig ressurs båe for bonde og dyr. Foto: Hege Ulfeng, NIBIO

 

Mange bruksområde

Beitestatistikken har fleire ulike bruksområde. Den vert ikkje berre nytta som grunnlag for planlegging av beitenæringa sjølv. Statsforvalting og kommunar nyttar den i sakshandsaming og i utgreiingar. Tala er enkle å nytta fordi dei ligg opent på nettet med god forklaring og visualisering.

– Tala er viktige ved vurdering av søknadar om tapserstatning, tilskot for førebyggjande tiltak i beiteområda eller for utarbeiding av kommunale beitebruksplanar. Statistikken er óg nyttig som dokumentasjon for tap av sau og generell oppfølging av bestandsmåla for rovdyr, seier Angeloff.

– Kor mange sau som er på utmarksbeite i eit område fortel elles noko om verdien av areala. Det same gjer endringar i bruk over tid. Slik informasjon er verdfull til dømes ved spørsmål om arealbruk.

På nibio.kilden.no kan ein samanlikna kart som syner dyretal på beite med kart over beitekvalitet. Det kan avdekka interessante samanhengar. Har ein data frå radiobjøller, kan ein i tillegg sjå kvar dyra har gått mest.

– Her er moglegheitene mange, og me håpar at statistikken kan bidra i arbeidet med å redusera tap på beite og fremma beitenæringa i åra som kjem, avsluttar senioringeniør Angeloff.

12.jpg

 

Beitestatistikk

Beitestatistikken viser dyretal og tap på utmarksbeite for sau som er organisert i beitelag under tilskotsordninga Organisert beitebruk (OBB). Dette omfattar om lag 73 % av sau sleppt i norsk utmark. Statistikken har òg tal for ku og geit. Statistikken syner kor mange dyr som vart slept og sanka og kor mange dyr som vart tapt, samla tapsprosent og prosentvis tap for søyer og lam kvar for seg. Ein kan og lasta ned talmaterialet i Excel for bruk i eigne analysar. Tala visast for kvart år sidan 1981 og på tre geografiske nivå. Frå 2002 er det laga kart over område som beitelaga bruker. Kart for førige beitesesong ligg på NIBIO sin kartløysing: kilden.nibio.no. Områda er delt inn i klasser ut frå beitestatistikken.

received_371610648472402.jpeg
Berre nokre få av dei lamma og sauene som vert borte på utmarksbeite vert funne att. Kadaverhundar er gode hjelparar når ein søkjer etter tapte dyr. Foto: Kari Hånsnar

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.