NIBIO har kartlagt jorda langs framtidige vegtrasear på Vestlandet
Vegprosjekt på jordbruksareal på Austlandet. Her har vegplanleggjarar hatt tilgang til jordsmonnkart lenge. Foto: Kjetil Fadnes
Frå Sørlandet til Nordmøre har NIBIO kartlagt matjord langs fleire framtidige vegtrasear. Kartlegginga skal gje vegplanleggjarane eit betre grunnlag for å vurdera konsekvensane for jordbruksareala når nye vegar vert planlagt.
Når nye vegar skal planleggjast, må nedbygging av jordbruksareal vurderast opp mot ei rekkje andre omsyn, som naturmangfald, landskap, kulturmiljø og friluftsliv. Kvaliteten på kunnskapsgrunnlaget kan få stor betydning når ulike trasealternativ vert samanlikna.
På Austlandet har vegplanleggjarar lenge hatt tilgang til jordsmonnkart. Store delar av Vestlandet har mangla dette kunnskapsgrunnlaget. Difor har Statens vegvesen engasjert NIBIO for å kartleggja jord langs fleire planlagde vegstrekningar i vest.
– Eg har vore oppteken av at me må handsama dei ulike temaa så likt som mogleg. Då treng me eit best mogleg kunnskapsgrunnlag, også for jordbruksareal i vest, seier Hilde Sanden Nilsen frå Statens vegvesen (SVV).
Vestlandet mangla viktige jorddata
I Vestland fylke er om lag 15 prosent av det fulldyrka og overflatedyrka arealet jordkartlagt. Til samanlikning er rundt 95 prosent jordkartlagt i Akershus, Vestfold og Østfold. I Møre og Romsdal ligg delen på om lag 30 prosent.
– I ein konsekvensutgreiing skal me vurdera kva fylgjar ein vegutbygging vil få for samhellet. Me har ein fastlagt metodikk som er skildra i SVV sin handbok for konsekvensutgreiing, V712. Areala vert delt inn i fem klasser frå «utan tyding for konsekvensutgreiinga» til «særs stor verdi», forklarar Sanden Nilsen.
– Utan jordsmonnkart kunne me ikkje vurdera jordbruksareal på lik linje med andre tema. Difor har me leigd inn NIBIO der økonomien i vegprosjekta har tillate det. Informasjonen har vore viktig både i overordna og meir detaljert planlegging, utdjupar Sanden Nilsen.
Kartlagt jord langs fleire framtidige vegstrekningar
Samarbeidet mellom NIBIO og vegstyresmaktene starta i 2016 i samband med utvikling av verdikart for jordbruksareal. I 2019 starta det første prosjektet med jordkartlegging for SVV i Vaksdal og Bergen. Informasjonen har vorte viktig for planlegginga av E16 og Vossebanen mellom Arna og Stanghelle. Det siste prosjektet for SVV var i samband med E39-utbygginga i Bergen kommune.
– NIBIO si jordkartlegging er den einaste autoriserte jordkartlegginga som dannar grunnlag for offentleg tilgjengelege jordsmonnkart for heile Noreg, seier Siri Svendgård-Stokke, avdelingsleiar i NIBIO og leiar for jordkartlegginga i Noreg.
– Me arbeider etter ein standardisert metodikk som gjer at resultata kan samanliknast på tvers av kommune- og fylkesgrenser. Det er viktig når kartgrunnlaget skal brukast i planlegging og forvaltning over heile landet, seier ho.
Grunn jord og dreneringsbehov
For å kartleggje jorda undersøker jordkartleggaren eigenskapar som innhald av sand, silt og leir, mengd organisk materiale, jorda si naturlege evne til å bli kvitt vatn, jorddjupn og innhald av stein og grus. Terrengforhold og synleg fjell i dagen vert også vurderte. Dette er eigenskapar som har mykje å seia for kor godt jorda er eigna for dyrking av ulike matvekstar.
– På Vestlandet har me registrert ein god del grunn jord og mange areal med dårleg evne til å bli kvitt overflødig vatn. Mange av areala har vore små og spreidde. Dette er typisk for denne landsdelen og gjer det meir utfordrande å driva jordbruk her, skildrar Svendgård-Stokke.
– Samstundes viser kartlegginga vår at mange areal har større produksjonspotensial enn dagens tilstand kan gje inntrykk av. Mange av areala kunne ha produsert meir om dei hadde vorte drenert, seier Svendgård-Stokke.
Til nytte for fleire
Sjølv om kartlegginga er gjennomført som del av konkrete vegprosjekt, får resultata langt vidare verdi.
Kartgrunnlaget vert gjort tilgjengeleg gjennom NIBIO sine opne kartløysingar og kan nyttast av kommunar, konsulentar, rådgjevarar, landbruksnæringa, takstmenn og andre som treng kunnskap om jordsmonn.
– Når me kartlegg eit område, skaper vi kunnskap som kan nyttast til mykje meir enn det opphavelege prosjektet. Det gjev også meirverdi for samhellet, avsluttar Svendgård-Stokke.
KONTAKTPERSON
Siri Svendgård-Stokke
Avdelingsleder
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 478 14 011 siri.svendgard-stokke@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Oppdaterte kart over jordbruksareal i Kilden
Kartlegginga frå NIBIO dannar grunnlaget for kartlaget «Verdiklasser for jordbruksareal» i karttenesta Kilden.nibio.no. Kartet vert mellom anna nytta i konsekvensutgreiingar (KU). Det brukar same verdiinndeling som fleire andre tema i KU.
Verdiklassekarta for jordbruksareal er nyleg oppdaterte. Dei oppdaterte karta byggjer på nye inngangsdata og skil seg noko frå karta som låg til grunn for fleire av rapportane for prosjekta som er nemnde i denne saka.
Nye «Verdiklasser basert på jordsmonnkart» finst i kartløysinga Kilden, under «Verdiklasser for jordbruksareal» i venstre meny. Den eldre versjonen av «Verdiklasser basert på jordsmonnkart» er tilgjengeleg same stad, under årstalet «2025». Karta er publisert på fagområda Arealinformasjon og Jordsmonn.
Meir informasjon om oppdateringa finn du her: https://www.nibio.no/tema/jord/arealressurser/andre-kart/verdiklasser-for-jordbruksareal-og-dyrkbar…
Slik foregår planlegginga av nye vegtrasear
Planlegging av nye vegar skjer etter plan- og bygningslova. For større samferdselsprosjekt vert det normalt gjennomført ei konsekvensutgreiing (KU).
Sjølve sakshandsaminga har fleire fasar. Først ei konseptutgreiing der ein ser på overordna korridorar og alternative løysingar. Deretter utforming av ein kommunedelplan der aktuelle trasealternativ vert utgreidd. Til slutt vert det utarbeidd ein reguleringsplan for den valde traseen der arealbruk, tekniske løysingar og avbøtande tiltak inngår.
Statens vegvesen og andre fagstyresmakter bidreg med kunnskapsgrunnlag og faglege vurderingar. Det er politiske styresmakter som til slutt avgjer om og korleis eit prosjekt skal gjennomførast.
KONTAKTPERSON
Siri Svendgård-Stokke
Avdelingsleder
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 478 14 011 siri.svendgard-stokke@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.