Kveite gir ikkje betre lønsemd enn bygg – høg risiko held produksjonen nede
Risiko i kveiteproduksjon er større enn for bygg, både agronomisk og økonomisk. Sjølv om prisen på matkveite er betre, skal det ein stor innsats til frå bonden for å oppnå matkornkvalitet på kveita. Foto: Erling Fløistad
Trass i høgare tilskot og stor etterspurnad, aukar ikkje norsk kveiteproduksjon nemneverdig. Nye analysar frå NIBIO viser at hovudårsaka er enkel: Kveite gir ikkje betre økonomi enn bygg – men inneber høgare risiko for bonden.
Mange har fått med seg at Noreg har låg sjølvforsyningsgrad for mat. Målt i energi er den på rundt førti prosent. Samstundes har Noreg ein sjølvforsyning på åtti til nitti prosent for kjøt, mjølk, egg og fisk. Hovudårsaka til den låge sjølvforsyningsgraden er høg import av planteprodukt, der import av matkveite slår kraftigast ut. Mesteparten av kornet vi et i Noreg er kveite.
Stortingsmelding 11 (2023-2024), Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer, legg vekt på tydinga av å auke produksjonen av norsk matkorn. I 2023 la Partnerskapet for norsk matkorn og planteprotein (Matkornpartnerskapet) fram kunnskapsgrunnlaget Markedet for norsk matkorn. Rapporten fastslår at det er mogleg å auke norskandelen av matkorn frå dagens 50 - 55 % opp mot eit snitt på 90 %. Dette målet er no breitt forankra og også lagt til grunn i Stortingsmelding 11.
Matkornpartnerskapet spør kvifor
For å nå «kveitemåla» vart det gitt høgare tilskot både i 2024 og 2025. Høg etterspurnad etter kveite og tendens til overproduksjon av bygg og havre gjer at ein skulle forventa auka kveiteproduksjon. Likevel har det berre vorte produsert ein til to prosent meir kveite dei to siste åra.
– Vi har sett på at målet er høgt, men framdrifta låg. Vi snakkar om å nesten doble kveitearealet. Skal bøndene klare dette, må verkemidla ha enno større effekt enn dei har i dag, seier Amund Dønnum, kornbonde og leiar for Matkornpartnerskapet.
Partnerskapet har engasjert NIBIO for å finne forklaringar og vurdere effektive tiltak. Merksemda har særskilt vorte retta mot Innlandet. Fylket har størst kornareal i Noreg og eit potensial for auka kveiteproduksjon. Landbruksøkonomar i NIBIO har samanlikna lønsemd og risiko i bygg- og kveitedyrking i område med ulike veksttilhøve. I tillegg har dei vurdert kva for tiltak som gir mest lønsemd for pengane. Talgrunnlaget er NIBIO sine Driftsgranskingar i jord- og skogbruk for 2020 til 2024. Driftsgranskingane er ei årleg rekneskapsundersøking som omfattar rundt 1000 gardsbruk.
Like dekningsbidrag – men større risiko i kveite
Eit tydeleg funn er at dekningsbidraget i kveite og bygg var om lag likt over år. Dekningsbidrag er inntekt minus kostnadar som er direkte knytt til produksjonen, i hovudsak såkorn, handelsgjødsel, plantevern og kalk.
Dekningsbidraget for dei to kornslaga var nesten likt både i dei beste og dei meir marginale kornområda når arealtilskotet vart rekna med. Bygg hadde jamnare resultat frå år til år, medan kveite hadde større variasjon. Dekningsbidraget for matkveite var 4 % høgare enn for bygg, medan dekningsbidraget for fôrkveite var 11 % lågare enn for bygg.
– Risiko i kveiteproduksjon er større enn for bygg, både agronomisk og økonomisk. Sjølv om prisen på matkveite er betre, skal det ein stor innsats til frå bonden for å oppnå matkornkvalitet på kveita. Dersom vêret er vått når kveiten skal treskast, kan det gje betydeleg kvalitetstap. Kveite er dessutan vanskelegare å tørka enn bygg. Vert kvaliteten for låg, må matkveiten seljast som fôrkveite med lågare lønsemd enn bygg, forklarar Dønnum.
Dette gjer at bonden ikkje får betre økonomi av å ha kveite i vekstskiftet. Ifølgje Dønnum er det særleg denne nedsiderisikoen som gjer at mange dyrkar bygg framfor kveite, sjølv om marknadsrommet for kveite er stort. Når bygg gir like godt dekningsbidrag som kveite, samstundes som byggdyrking inneber mindre risiko og arbeid, er det forståeleg, meiner han.
Lønsam kveiteproduksjon krev høge investeringar
Eit anna viktig funn frå NIBIO si analyse er at kveiteprodusentar med korntørke har høgare dekningsbidrag. Dette gjeld i hovudsak for bønder som driv 500 dekar eller meir. For mindre bruk syner tala at ei såpass stor investering ikkje er like effektiv.
Det å kunne få tørka kornet raskt etter tresking, sikrar kvaliteten og fører til betydeleg betre resultat både i gode og vanskelege år. Dermed vert risikoen lågare. Tala syner at dette gjeld både for matkveite og fôrkveite. Seniorrådgjevar Anna Landrø Hjelt har jobba med berekningane i prosjektet og forklarar funna slik:
– Det handlar om tørke- og lagringskapasitet som er nødvendig for å ta vare på kvaliteten. Mange stader har dei store kornmottaka avgrensa kapasitet. Då vert det desto viktigare for bøndene å kunne handtere kornet på eigen gard, noko som krev store investeringar, seier ho.
– Det kjem til uttrykk ved at driftseiningar med kveiteproduksjon har meir kapital bunden i bygningar og maskiner, heile 1,6 millionar meir i snitt enn dei utan kveite i vekstskiftet. Nyinvestering i lager og korntørke kostar fleire millionar kroner. Dette er store kostnadar som berre er moglege for større kornbruk. Større gardsanlegg fører dessutan med seg høgare kostnadar til avskrivingar, forsikringar og vedlikehald samt større arbeidsinnsats, forklarar Landrø Hjelt vidare.
Landrø Hjelt understrekar at fleire kornbønder peiker på manglande tørke- og lagringskapasitet som ein av dei største flaskehalsane.
– Variasjonen mellom år er stor, og dei som har eiga tørke og lager, står betre rusta til å handtere dei dårlege åra, seier ho.
Dette kan få bøndene til å velje kveite
Kornprodusentar frå Innlandet og representantar frå Matkornpartnerskapet har sett på resultata frå NIBIO og saman har dei diskutert kva tiltak som kan gje størst effekt. Tre økonomiske verkemiddel vart utpeikt:
- ytterlegare auke i arealtilskot for kveite
- høgare pris for fôrkveite
- investeringsstøtte til gardsanlegg for tørking og lagring
Landrø Hjelt har berekna kostnadseffektiviteten av tiltaka. Målet har vore å finne kva som skal til for at fôrkveite skal oppnå same dekningsbidrag som bygg, fordi dette vil løfte den samla økonomien i kveiteproduksjonen.
– Resultata viser at eit tillegg i arealtilskotet er det mest kostnadseffektive tiltaket for å betre lønsemda i kveitedyrkinga totalt.
– Dersom målet er høgare lønsemd i fôrkveite, handlar det om å dempe tapet når kornet ikkje held matkvalitet. I dette høvet er det meir kostnadseffektivt å heve prisen på fôrkveite, understrekar Landrø Hjelt.
Dønnum i Matkornpartnerskapet er tydeleg på at auka arealtilskot for kveite som kom i 2024 og 2025 har vore viktige skritt mot målet om meir norsk matkveite. Samstundes meiner han at det trengst ei ytterlegare auke for å få ei kraftig vriding frå bygg til kveite. Han er oppteken av at dei nye analysane syner at risikoen må ned for at fleire bønder skal satsa på matkveite.
– Bøndene treng verkemiddel som jamnar ut risiko. Her vil også investeringsstøtte til gardstørke vere viktig. Når mange kornmottak har for liten kapasitet, kan det vere meir lønsamt totalt sett å auke lagrings- og tørkekapasiteten på kvart enkelt gardsbruk. Dette er det verdt å sjå nøyare på, seier han.
– Skal vi få til ein kraftig auke, må vi løyse både risikoen og logistikken. Kveite må bli eit trygt val for bonden – ikkje eit vågespel, seier Dønnum.
KONTAKTPERSON
Kort fortalt
Kveitedyrking er lønsamt – men berre dersom ein oppnår matgradering og bonden får «matkveitepris».
Fôrkveite er mindre lønsamt enn bygg og dette gir stor økonomisk nedsiderisiko.
Bønder som dyrkar kveite har høgare faste kostnader og større risiko.
Eige tørke‑ og lageranlegg reduserer risikoen.
Kveitetillegg i arealtilskotet er det mest kostnadseffektive tiltaket dersom målet er å heve lønsemda i heile kveiteproduksjonen.
Dersom målet er å redusere fallet i lønsemd når kveitedyrkaren må selja kveiten som fôrkveite, er auke i prisen på fôrkveite det mest kostnadseffektive tiltaket.
For dei som vil vita meir om temaet, kjem det ein rapport med meir detaljert informasjon seinare på året.
Meir om Matkornpartnerskapet
Matkornpartnerskapet er eit forpliktande samarbeid mellom alle aktørar i verdikjeda for matkorn og blei oppretta sommaren 2021. Dei jobbar med å styrke samspelet, innsatsen og kompetansen for innovasjons- og FoU-arbeid for å auke bruk av norsk korn og planteprotein. Dei har talfesta eit mål om å komma opp mot eit snitt på 90% norsk matkorn innan 2030. Dette målet er no breitt forankra og lagt til grunn i Stortingsmelding 11 (2023-2024). Andelen norsk matkorn har lege på eit snitt på 50 – 55 % sidan 2009.
Matkveite og fôrkveite
Forskjellen på matkveite og fôrkveite ligg primært i kvalitetskrava som blir sette ved mottak av kornet, ikkje nødvendigvis i sjølve kornsorten som blir dyrka. Matkveite oppfyller strenge krav for å bli brukt til menneskemat (mjøl), medan fôrkveite blir brukt til dyrefôr, ofte på grunn av lågare kvalitetsparametrar som proteininnhald eller hektolitervekt.
Norsk matkveite som møllene ikkje kan bruka, til dømes ved for lågt falltal eller overskot, blir ofte nedklassifisert til fôrkorn.
KONTAKTPERSON
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.