Hopp til hovedinnholdet

Beite for storfe

Storfe hereford_Svarthaugbekken Kvamsfjellet_Nord-Fron_040810_YNR
Herefordfe beitar langs Svarthaugbekken. Nord-Fron kommune, Oppland.
Foto: Yngve Rekdal, NIBIO

Kartet viser vegetasjonsdekket delt inn i 3 beiteklassar for storfe. Grunnlaget for inndeling er innhaldet av beiteplanter i vegetasjonstypane og hovedtrekk i storfe sine beitevanar.

Vegetasjonsdekt areal som på vegetasjonskartet har tilleggssymbol for meir enn 50 prosent dekning av bart fjell eller blokkmark, får redusert beiteverdi. Det same gjeld rishei med høg dekning av lav eller finnskjegg.
 
Beiteverdien til dei ulike vegetasjonstypane vil variere i løpet av beitesesongen. Dette gjeld særleg i grassnøleie og lågurteng som blir tilgjengeleg først ut på seinsommaren. Dette er markert med skravur. Skravur er også lagt på grasrike utformingar som kan forekoma av ulike vegetasjonstypar.
 
Frodige skogtypar og høgstaudeeng vil ha høg potensiell beiteverdi. Den aktuelle beiteverdien kan vera begrensa av høg dekning av høge urter, bregner og vier. Beitekartet viser den potensielle verdien som kan oppnåast gjennom kultivering.
 
Ved sida av dette er det teke ut beitevollar, dyrka mark og uproduktive areal. Tilgjenge på grunnlag av topografi er ikkje vurdert.