Alle kjenner til humla. Dette folkekjære, lubne og hårete insektet er ein favoritt hos mange, og ein slags maskot for dei pollinerande insekta. Dessverre har det blitt vanskelegare å være humle. Som fleire andre insektgrupper er også humlene i tilbakegang.
- Resultata frå overvakinga gjer det mogleg å ta grep for å tilpasse landskapet, slik at me kan leggja til rette for humler, dagsommarfuglar og andre pollinerande insekt.
Eit kulturlandskap i endring
I motsetjing til honningbier, som får mat servert i vanskelege tider, er humler og andre pollinerande insekt avhengige av tilgang på mat heile sesongen. Dei er også avhengige av å kunne fly mellom område med mat. I dagens jordbrukslandskap kan dette by på utfordringar.
Blomstrar og bier – heile sesongen
Dei insektvennlege lommene er ikkje berre viktige i jordbrukslandskapet. I utbygde område kan hagar med litt ustelt grasplen bli til gode insektlommer. Dramstad oppmodar til å la litt av plenen stå i fred, og setje pris på ei løvetann eller fleire, til glede for insekta.
- Det er også fint å plante blomstrar som humlene liker. Då er eit godt tips å gå rundt ute på hagesenteret og følgje summelyden. Då vil du fort finne plantene som humlene føretrekk!
Det er viktig at det finst mat til insekta heile sesongen – frå tidleg på våren til utover i september.
– Utover i september er det også viktig at humlene framleis har tilgang på mat. Då kan både kløver og løvetann by på mat til neste års dronning, før ho legg seg til å kvile for vinteren, avsluttar forskaren.