Divisjon for matproduksjon og samfunn

Mal og skjøtselsplanar for heilskaplege kulturlandskap

Mørkridsdalen landskapsverområde Foto: Bolette Bele
INAKTIV SIST OPPDATERT: 01.02.2019
Slutt: juni 2017
Start: jan 2016
NIBIO, Avdeling kulturlandskap og biologisk mangfold, fekk i 2016, i oppdrag å utarbeide ein generell mal og skjøtselsplanar for to heilskaplege kulturlandskap. Oppdraget har vore todelt, der Miljødirektoratet har stått som oppdragsgjevar for utarbeiding av den generelle malen. Breheimen Nasjonalparkstyre har stått som oppdragsgjevar for utarbeidinga av skjøtselsplanane for Mysubytta landskapsvernområde i Skjåk og Mørkridsdalen landskapsvernområde i Luster. Begge desse landskapsvernområda er karakteristiske seterlandskap med store kulturhistoriske og biologiske verdiar.
mal for skjøtsel_storbråtem_ii_dsc_0123.jpg
Mysubytta landskapsvernområde. Foto: Bolette Bele / NIBIO
Start- og sluttdato 01.01.2016 - 30.06.2017
Prosjektleder Bolette Bele
Divisjon Divisjon for matproduksjon og samfunn
Avdeling Kulturlandskap og biomangfold
Samarbeidspartnere NIKU, Norsk Institutt for kulturminneforsking
Finansieringskilde Breheimen Nasjonalparkstyre, Miljødirektoratet

Sammendrag

I tilrådinga til generell del og mal vert ulike verdiar som biologisk mangfald, naturtypar og kulturminner omtala. Kva ei skjøtselsplan inneheld og korleis den kan implementerast er også skildra. Det vert gjeve praktiske råd om aktuelle restaurerings- og skjøtselstiltak som skal bidra til å halde kulturlandskapet ope og ta vare på det biologiske mangfaldet. Samtidig er det gjeve råd om korleis ein skal ta omsyn til kulturminna i landskapet.

Prosessen  fram mot skjøtselsplanar for heilskaplege kulturlandskap og korleis arbeidet kan forankrast lokalt er skildra med dømer frå arbeidet i Mysubutta landskapsvernområde og Mørkridsdalen landskapsvernområde. Den generelle delen vil seinare kunne brukast som mal når skjøtselsplaner for liknande heilskaplege kulturlandskap skal utarbeidast.
Parallelt med arbeidet med generell del og mal har det også vorte utarbeidd skjøtselsplanar for dei to landskapsvernområda i Mysubytta og Mørkridsdalen. Det er utarbeidd lokalitetsskildringar, bevaringsmål og tiltakslister for representative naturtypar i områda. Det er også gjeve tilråding til overvaking i samsvar med kriteria i Miljødirektoratet sitt fagsystem NatStat. I store område som Mørkridsdalen, var det også naudsynt å gjere prioriteringar mellom dei lokalitetane som skulle omfattast av skjøtselsplanen.
Oppdraget vil resultere i tre NIBIO-rapportar. Desse er utforma som tilrådingar til Miljødirektoratet og Breheimen Nasjonalparkstyre. Skjøtselsplanane for Mysubytta landskapsvernområde og Mørkridsdalen landskapsvernområde vil gå ut på høyring. Det vil være Breheimen Nasjonalparkstyre som gjer endelege vedtak om innhaldet i skjøtselsplanane og som vil initiere tiltaka.
Mal for skjøtsel_dsc_0027.jpg
Foto: Bolette Bele / NBIO