Divisjon for matproduksjon og samfunn

Effekt av dreneringstiltak og reduksjon av klimagassutslepp frå jordbruksareal – formidling av kunnskap

Gassmåling i forsøksfelt Foto: Synnøve Rivedal
INAKTIV SIST OPPDATERT: 15.03.2021
Slutt: nov 2020
Start: jan 2018

Kunnskap om jord, drenering og klimagassutslepp er viktig både for avling og utslepp av klimagassar frå jordbruksareal. Når jordbruket skal redusere sine utslepp er det viktig å vurdere dei agronomiske tiltaka som blir sett inn. Prosjektet har samla informasjon om aktuelle forsøk gjennomført i Norge og presentert dette til bønder, forvalting og rådgjevarar på markdagar, fagmøte, seminar og i artiklar i fagtidsskrift.

Start- og sluttdato 01.01.2018 - 30.11.2020
Prosjektleder Synnøve Rivedal
Divisjon Divisjon for matproduksjon og samfunn
Avdeling Fôr og husdyr
Samarbeidspartnere NMBU- Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, Norsk landbruksrådgiving, Landbruk Nordvest, NORSØK
Finansieringskilde Landbruksdirektoratet gjennom nasjonale og regionale (Vestland) Klima- og miljømidlar

Problemstillingar knytt til drenering, jordpakking, overvintring/vinterutgang og arealproduktivitet i samspel med klima har vore aktuelt på Vestlandet i lang tid. I det siste 10-året har ein også kopla klimagassutslepp frå jordbruksareal til utfordringar knytt til drenering og jordfysisk tilstand. Linjene i dette arbeidet går tilbake til forsøksfelt som vart etablert på Fureneset på 1970-talet, omlaupsfelt og felt med jordforbetring på myr. Resultata frå desse forsøka er viktige for å synleggjera verknaden av omgraving som dreneringsmåte på utslepp av klimagassar, jamført med tradisjonell røyrgrøfting av myr.

Målet med dette prosjektet er å samla og formidla ny kunnskap om jord og dreneringstiltak og korleis dreneringstilstanden og dreneringsmåtar verkar inn på avling og på utslepp av klimagassar. Samt også samla og formidla ny kunnskap om kalking/pH-effekt på lystgassutslepp, og kva verknad jordforbetringstiltak kan ha på utslepp av lystgass med resultat frå både eng og korn.

Vi har også samla kunnskap om kva engalder og engomlaup kan bety for karbonlagring i jord, og om innlagring av karbon i topplag med mineraljord etter omgraving av myr. Med grunnlag i klimascenariar, må vi bu oss på at nedbørsmengda vil halda fram med å auka, og at «vindauga» for lagelege onneperiodar vil verta korte. Kunnskapen som vert formidla frå prosjektet gjer råd om kva ein kan gjera for å handtera desse utfordringane både ut frå agronomiske og miljømessige omsyn.

Prosjektet har blant anna resultert i heftet: Jord, drenering, klimagassutslepp - effekt av ulike agronomiske tiltak. Heftet er produsert av Bondevennen SA og dei fleste artiklane vart publiserte i Bondevennen i 2020. Artiklane byggjer på resultat blant anna frå forskingsprosjekta Drainimp, Peatinvert, Protein Rich Forage, Longtermgrass, Migmin, Magge-pH og på Nasjonalt program for jordsmonnkartlegging. Forskingsprosjekta var finansiert av Norges Forskingsråd/Forskingsmidlar for jordbruk og matindustri og Horizon 2020.

Landbruksnæringa og landbrukstilknytta verksemd (TINE, regionale samarbeidsråd i landbruket, FK Agri, FKRA, Pipelife), Stiftelsen fondet for jord- og myrundersøkelser, Fylkesmannen og fylkeskommunen i ei rekkje fylke var medfinansiørar.

Publikasjoner i prosjektet

Sammendrag

Dreneringstilstand- og drenering av dyrka jord er to sentrale forhold som vedkjem både agronomi og miljø. Dreneringstilstanden er avgjerande for realproduktiviteten i landbruket, og for at produksjonen skal vere så miljøvenleg som råd. Dreneringstilstanden har innverknad på driftsvilkåra og kor årsikker produksjonen i landbruket kan vera. Endra klima med meir nedbør, og meir nedbør også i veksetida, er noko som kan dokumenterast i den seinaste 30-års normalperioden (1991-2020) som snart er komplett. Auka nedbør framover er venta, slår klimaforskarane fast i framskrivingar. Situasjonsomtalen må føra til gjennomslag i handling, ved trong må omfanget av ny drenering aukast. Det som føreligg av opplysningar om kor mykje av dyrka areal i Noreg som ikkje har tilfredsstillande dreneringstilstand er frå Jordbruksteljinga i 2010, der bøndene i svar på tilleggsspørsmål gjev samla opplysning om at 8 % av dyrka areal ikkje er tilfredsstillande drenert. Truleg er det eit for lågt estimat. Årleg drenering av dyrka areal er no mindre enn halvdelen av kva det var før 1985. Fagheftet er ei samling av artiklar om jordfysisk tilstand og karbon i jord, om drenering og korleis drenering verkar på agronomi og samspelet i skjeringspunktet mellom agronomi og miljø. Utsleppet av klimagassar, og korleis det kan påverkast av dreneringstilstand og driftsmåte vert omhandla. Dei fleste artiklane er publiserte i Bondevennen frå mars til november 2020. Artiklane byggjer på resultat blant anna frå forskingsprosjekta Drainimp, Peatinvert, Protein Rich Forage, Longtermgrass, Migmin, Magge-pH og på Nasjonalt program for jordsmonnkartlegging. Forskingsprosjekta var finansiert av Norges Forskingsråd/Forskingsmidlar for jordbruk og matindustri og Horizon 2020. Landbruksnæringa og landbrukstilknytta verksemd (TINE, regionale samarbeidsråd i landbruket, FK Agri, FKRA, Pipelife), Stiftelsen fondet for jord- og myrundersøkelser, Fylkesmannen og fylkeskommunen i ei rekkje fylke var medfinansiørar. Formidlingsprosjektet, som dette heftet er ein del av, er støtta av Landbruksdirektoratet sitt Klima- og miljøprogram. Dette omfattar både nasjonale og fylkesvise midlar frå Hordaland og Sogn og Fjordane, no Vestland. Både forskingsprosjekta og formidlingsprosjektet er samarbeid mellom ulike avdelingar i NIBIO, NMBU, NLR og NORSØK. Formidlingsprosjektet er leia frå NIBIO Fureneset. Målet er at artiklane i dette heftet gjev fagleg forståing og grunnlag for tiltak for betre drenering og driftsvilkår, større arealproduktivitet og redusert utslepp av klimagassar. Artikkelsamlinga i heftet Drenering -Teori og praksis 2013 https://nibio.brage.unit.no/nibio-xmlui/handle/11250/2445537) har ei praktisk tilnærming til ulike problemstillingar ved drenering, medan denne har meir fokus på forskingsresultat. Det er ei offensiv målsetjing i den inngåtte klimaavtalen mellom landbruket og Regjeringa, der fleire av punkta er knytt til jordkultur, plantekultur og fôrkvalitet. Dette er ting som heng saman, og der jordkapitalen er grunnlaget. Heftet er produsert av Bondevennen SA i samarbeid med NIBIO Fureneset.