Hopp til hovedinnholdet

Resistent sopp truar helse og matproduksjon

3-32-Soppmiddelresistens-DSC08074-OK

Foto: Silje Kvist Simonsen

Forskarar er bekymra for spreiing av soppmiddelresistent sopp. NIBIO og Veterinærinstituttet samarbeider for å auke kunnskapen om resistens i Noreg.

Sopp kan forårsake sjukdom hos menneske, dyr og planter. Årleg døyr 1,5 millionar menneske av soppinfeksjonar, og soppangrep i matplanter truar matproduksjonen. Azoler er ei viktig gruppe kjemikalie brukt i medisinar og plantevern, men hyppig bruk av desse kan føre til resistens i soppen.

Verdas helseorganisasjon har vald ut soppen Aspergillus fumigatus som ein sopp som kan utgjere ein helsemessig trussel framover. Den finst overalt i miljøet, men er ikkje farleg for friske folk. For personar med svekka immunsystem kan den gi infeksjonar som må behandlast, då oftast med azoler. Azolresistent A. fumigatus er eit aukande globalt problem, men situasjonen i Noreg er lite kjend.

I prosjeket NavAzole samarbeider Veterinærinstituttet med NIBIO for å forstå utviklinga av azolresistens i Noreg. Mellom anna kan kornåkrar være "hotspots" for resistensutvikling, forklarer NIBIO-forskar Andrea Ficke.

 – A. fumigatus lev i jorda, og kan bli utsett for azoler gjennom plantevernmiddel. Vi vil undersøke om vi finn resistent A. fumigatus i kornåkrar som blir sprøyta med azolbaserte middel, og om det finst ein samanheng mellom utviklinga av resistens i plantepatogene sopp og i A. fumigatus.

Problemet med azolresistens er framleis lite i Noreg, men førebygging er viktig for å unngå at resistensen får fotfeste.

– Me må forstå omfanget av problemet i Noreg, og iverksette tiltak som kan redusere resistensutviklinga. Bruken av integrert plantevern speler ei viktig rolle ved å redusere unødig bruk av soppmiddel, konkluderer Ficke.

 

Formål

NavAzole har som mål å kartleggje og forstå utviklinga av azolresistens i Noreg

Samarbeid: Veterinærinstituttet (prosjektleiar) og fleire nasjonale partnarar

Finansiering: Norges forskningsråd