Hopp til hovedinnholdet

Jorddamping mot skadegjerar i potet

14-37-20211027_124215-MSV

Foto: Marit Skuterud Vennatrø

Forskarar frå NIBIO har funne ut at varmebehandling med damp effektivt drep gul potetcystenematode frå infisert jord.

All jord som skal flyttast i ulike prosjekt, må være fri for planteskadegjerarar. Ein av skadegjerarane som finst i Noreg er gul potetcystenematode (PCN). Den angrip røtene til potetplanter, har eit betydeleg spreiingspotensial og er vanskeleg å bekjempe. Forskarar ved NIBIO har undersøkt korleis jorddamping kan drepe nematoden.

 – Det finst kommersielt tilgjengeleg teknologi for jordreinsing, og vi har testa SoilSaver frå SoilSteam. Her blir jorda sterilisert i varm damp, fortel forskar Marit Skuterud Vennatrø.

– Både i forsøk med SoilSaver og i forsøk under meir kontrollerte forhold har vi observert at gul PCN døyr når han blir utsett for damp med høg temperatur over tid.

Metoden fungerer godt, men SoilSaver er ein stasjonær maskin og kan ikkje brukast på allereie infiserte åkrar. Maskinen er meint brukt på utgraven jord der det er påvist uønskte planteskadegjerarar, slik at jorda kan brukast på nytt.

NIBIO-forskar Erik Joner undersøkte jordhelsa etter forsøka med damping. Sjølv om prosessen drep nytteorganismane i jorda forklarer han at jorda kan gjenopplivast med innblanding av anna jord eller kompost. Jorddampinga gir ingen opplagde kjemiske effektar, men dampinga kan føre til at jorda taper noko struktur og blir pakka.

 

Formål

Å undersøke om potetcystenematode (PCN) overlever etter behandling med vassdamp i SoilSaver.

Samarbeid: SoilSteam Internation AS, Toten Løkpakkeri, Larvik løk, Lindum, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet NMBU, Statens Vegvesen og Norsk Landbruksrådgiving

Finansiering: Arbeidet har vore ein del av prosjektet RessursRetur, eit IPN-prosjekt eigd av SoilSteam