Hopp til hovedinnholdet

Tre fluger i ein smekk – sirkulær produksjon av insektlarvar

Jaastad_melbille

Mjølbillelarver liker best tørr mat. Foto: Gunnhild Jaastad

Insektlarver er proteinrike og kan derfor vera ein viktig del av regjeringas satsing på berekraftig fôr. Ved å ta i bruk avfallet som ein ny ressurs, kan produksjon av insektlarvar faktisk vere godt for både jorda, dyra og sirkulærøkonomien.

For å kunne ta vare på jorda sine avgrensa ressursar må samfunnet omstille seg til ein sirkulær økonomi, kor minst mogleg ressursar går tapt som avfall. Mykje av dagens avfall er ikkje avfall, men ressursar som kan nyttast på nye måtar.

Produksjon av insektlarver som proteinkjelde til dyrefôr er ei aukande næring både globalt og nasjonalt. Insektlarver inneheld opp mot 50 % protein, og kan leve på mange ulike organiske matkjelder. Dersom alt matavfallet som vart kasta i Noreg i 2020 hadde vorte nytta til insektproduksjon, kunne vi ha produsert mellom 45 000 og 230 000 tonn insektlarver, basert på at produksjonen av 1 kg larver krev 2-10 kg larvemat.

 

Frass – eit verdfullt avfall

I Noreg vert det produsert larver av to insektartar – svart soldatfloge (Hermetia illucens) og stor mjølbille (Tenebrio molitor). Larvene er både areal- og energieffektive samanlikna med andre husdyr. Men som alle andre dyr lager dei avfall – dei let mat liggje att, dei skit og skiftar jamleg hud. Alt dette skaper eit «avfall» som eigentleg ikkje er avfall i det heile, men eit potensielt verdfullt produkt kalla frass.  

– På grunn av innhaldstoff og funksjon har larvefrass potensiale til å verte eit høgverdig produkt med gjødlings-, jordforbetrande-, biostimulerande- og plantestyrkande evne. Frass inneheld  næringsstoff  og me ser at det kan fungera godt som gjødsel til mellom anna gras og jordbær, forklarer Gunnhild Jaastad. Ho forskar på insekt i NIBIO, og koordinerer prosjektet MultiFuelLarve.

Prosjektet har som hovudformål å bruke frass som eit høgverdiprodukt. Gjennom prosjektet testar ein effekten av insektart og larvemat på næringsverdien i frasset, og korleis frass verkar på mellom anna plantekvalitet, jordkvalitet og motstandsdyktigheit mot skadegjerarar i planter.

Jaastad forklarer vidare:

– Frass inneheld ei rekke gunstige bakteriar og kitin, eit stoff som finst i skalet til insekt. Å tilsetje dette i jorda kan styrke planta sitt immunforsvar, og gjere den meir motstandsdyktig både mot abiotisk stress, slik som kalde vintrar, og biotisk stress, slik som skadegjerande sopp og insekt.

 

Fleire aktørar ser moglegheiter for frass

Insektlarveprodusentane i MultiFuelLarve-prosjektet er godt kjende med at frass er eit produkt, ikkje eit avfall. Alexander Solstad Ringheim er grunnleggjar av insektfirmaet Invertapro As. Han forklarer at frass er eit av produkta dei sel.

– Vi får veldig gode tilbakemeldingar frå kundane om at frass fungerer godt for plantene deira, seier han. Resultata frå gjødslingsforsøk med frass konkluderer med at frass gir god plantevekst, og resultata kan tyde på at frass gir sterkare planter som kan vere meir motstandsdyktige mot sjukdom.

– I dag sel me larver mellom anna som snacks, men når larveproduksjonen blir større vil vi levere insektmjøl til dei store fôrprodusentane som sel fôr til fjørfe og oppdrettsnæringa, fortel han vidare.

Gjødselprodusenten Yara ser ei framtid der bruk av mellom anna frass og anna organisk gjødsel kan vere eit alternativ til mineralgjødsel. Trass i at «Bærekraft er bra for business», er det fleire utfordringar som må løysast for at frass skal bli attraktivt for dei store aktørane. Ein av utfordringane er å ha ein jamt høg produksjon og gjennomgåande lik kvalitet av frasset, noko som er utfordrande dersom insektproduksjonen skal vera sirkulær og bruka organiske restar som vil variere i innhald og kvalitet over tid.

 

Grandiosa, ølmask og skeive gulrøter

- Vi resirkulerer ikkje, vi oppsirkulerer, seier Jakob Irgens Blakstad frå Invertapro As. Han forklarer vidare at mjølbillelarvene dei produserer lever på organisk avfall, som dermed blir omdanna til verdfullt fôr.

– Vi har avtaler med grossistar og ølprodusentar, og får mellom anna ølmask og skeive gulrøter. Ein annan insektprodusent, Norinsect, er så heldige å drive produksjonen sin i Fjord kommune på Sunnmøre. Dette er nabokommunen til Stranda der Stabburet produserer Pizza Grandiosa.

– Pizza Grandiosa viser seg å vere utmerka mat til larvene, seier Harald Larsen Espeland frå Norinsect.

Dei to produsentane deler ein av utfordringane med å bruke avfall som fôr. Ulikt meir konvensjonelt fôr kan ein ikkje bestille avfall i bestemte mengder og med bestemt innhald, ein må bruke det ein får. Dette kan gi ulik samansetjing av næring i ulike insektparti, og gjer det utfordrande å produsere larver av jamn kvalitet.

Maska grønsaker ser ikkje spesielt delikate ut, men kan vere ei god matkjelde for svoltne larver! Foto: Gunnhild Jaastad
Mosa grønsaker ser ikkje spesielt delikate ut, men kan vere ei god matkjelde for svoltne larver! Foto: Gunnhild Jaastad

Kampen om avfallet

Insektlarveprodusentane er ikkje dei einaste som vil ha tak i verdfullt organisk avfall. Fleire aktørar knivar om den same ressursen, og ein konkurrent som blir trekt frem er biogassbransjen. Det finnes også store mengder organisk avfall som ikkje er tilgjengeleg for insektlarvene med dagens lovverk.

Hushaldningsavfall, som er den største kjelda til matavfall, er ikkje tillate å bruke som fôr, då det kan innehalde kjøt. Det er per i dag ikkje tillate å fôre produksjonsdyr til andre produksjonsdyr, heller ikkje insekt. Dette vart bestemt etter utbrotet av prionsjukdommen kugalskap i Storbritannia på 1980-talet. Den gang vart storfe smitta ved å ete fôr med beinmjøl frå smitta storfe. Heller ikkje fiskeslam, som er eit stort avfallsproblem i oppdrettsnæringa, er tillate som insektfôr. Dette til tross for at det ville vore eit utmerka insektfôr, ifølgje fleire insektprodusentar.

 

Gode framtidsutsikter

– Det er utfordrande å vere ein oppstartsbedrift i ein oppstartsbransje, seier Blakstad frå Invertapro.

Ein kan spørje seg korleis bransjen kjem til å utvikle seg i framtida. Ivar Pettersen, tidlegare seniorrådgivar ved NIBIO, presenterer eit knippe scenario han ser på som realistiske. Eitt av scenarioa inneber at bransjar som konkurrerer om organisk avfall finn gode måtar å samarbeide på, og sikrar ei best mogleg utnytting av ressursane. Eit anna scenario baserer seg på at insektbasert fôr er spesielt helsefremjande, og dermed blir seld som eit nisjeprodukt til høgare pris. Alexander Ringheim frå Invertapro er tydeleg på at heile samfunnet må gjennomgå ei omstilling til sirkulærøkonomi, og at ei slik omstilling er essensiell for at insektproduksjon skal kunne nå sitt fulle potensiale.

– Å oppnå dette er ein maraton, og det kjem til å ta tid. Det er mange aktørar som må samarbeide og ta del  i omstillinga – både oss produsentar, forskinga og kundane. Eg er stolt over alt vi har fått til så langt, men det er framleis mykje som står att.

9-11-12.jpg

 

MultiFuelLarve – frå organisk restavfall til verdfulle larveprodukt

MultiFuelLarve er eit IPN-prosjekt – innovasjonsprosjekt i næringslivet. Insektlarveprodusenten Ecoprot AS har sidan oppstarten av prosjektet i 2021 vore prosjekteigar og -ansvarleg. Tre andre insektprodusentar, Invertapro AS, Pronofa AS og Norinsect AS, har saman med Jåstad planteskule AS vore viktige samarbeidspartar.

Frå april 2023 overtek Norinsect AS stafettpinnen og vert ny prosjektansvarleg. NIBIO leverar FoU og syter for at prosjektet oppnår målet om at avfallsprodukt frå insektproduksjonen skal verte eit høgverdig og multifunksjonelt produkt for planteproduksjon.

NIBIO ved Gunnhild Jaastad er leiar av prosjektet som går over fire år, frå 2021 til 2024. Prosjektet er støtta av Noregs forskingsråd.

Larvene er plasseffektive, og eit slikt klimakammer kan huse mange av dei! Foto: Pronofa ASA
Larvene er plasseffektive, og i eit slikt klimakammer er det plass til 74 000 larver! Foto: Pronofa ASA
Larver av svart soldatfluge. Foto: Gunnhild Jaastad
Larver av svart soldatfluge. Foto: Gunnhild Jaastad

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.