Tiltak mot siv – slå det ned no

liv østrem_cropped

Liv Østrem med den nye artikkelsamlinga om siv i eng og beite. Foto: Siri Eikerol.

Siv i eng og beite er eit aukande problem. Den beste tida for å slå ned sivet er frå no og utover hausten. I juli og august er næringslageret i sivplantene på det lågaste.

Lyssiv og knappsiv har vorte svært synlege ugras dei siste tiåra. Auken har vore mest synleg i kystområda på Vestlandet og litt innover i landet. Siv er lett synleg i ekstensivt driven eng og beite, og det er i aukande grad også eit problem i yngre eng i tilsynelatande god drift.

Siv reduserer fôrkvaliteten og påverkar såleis negativt mjølke- og kjøtproduksjon. I ytterste konsekvens kan siv gjera eng og beite ubrukeleg som fôrgrunnlag til dyr og kan redusera motivasjonen for vidare landbruksdrift.

 

Toler pakka og våt jord

Siv er godt tilpassa vekst på pakka og våt jord ved at dei kan transportera oksygen til røtene gjennom eit porefylt vev i stengelen. Når jorda vert pakka av tunge maskiner, ofte ved hausting i nedbørrike periodar, trivst ikkje graset godt. Siv-artane, lyssiv og knappsiv, toler luftmangel i jorda betre enn graset. Sivet tek gradvis over plassen, særleg på myrjord og anna jord med høgt innhald av organisk materiale, når jorda er dårleg drenert.

I utmarka vil siv vera spesielt problematisk sidan det ofte er vanskeleg å koma til med slåtte- eller pusseutstyr, og kjemiske tiltak vert ofte i mindre grad nytta.

   

Tapp sivet for næring

Som for andre fleirårige ugrasarter blir tiltak mot siv meir effektive viss dei vert nytta når plantene har lågast lager av karbohydrat, og minst evne til gjenvekst. Då vil gjentatt fjerning av overjordiske deler tappe sivet for lagra næring, og det vil etter kvart svekkast betydelig. I praksis er beitepussar og ryddesag med trekantblad aktuelle tiltak, og no er det rett tid for å kutte sivet. Låg kutting har best verknad.

– Ryddesaga er særleg aktuell til å fjerne tuer av siv i eng og beite før dei vert for mange, seier forskar Samson Øpstad i NIBIO.

– Om sivet tek overhand er sprøyting eller gjentatt kutting utover hausten nye aktuelle tiltak.

Lyssiv vs knappsiv-Korsmo_PL_80_det.jpg
Lyssiv og knappsiv. Kilde: Korsmo ugrashage. 

Samla kunnskap

Forskarane i NIBIO har i fleire år forska på tiltak mot siv i ulike prosjekt saman med Norsk Landbruksrådgiving Rogaland, Norsk Landbruksrådgiving Vest og Norsk Sau og Geit. No er ei samling på 11 fagartiklar som har stått på trykk i Bondevennen, samla i eit hefte. Dette heftet har både praktiske råd om kontroll av siv i eng og beite, og informasjon om bakgrunnen for problema og tiltaka.

– Me voner denne artikkelsamlinga vil sette bøndene i stand til å velje eigne strategiar i kampen mot siv som ugras, seier forskar Liv Østrem i NIBIO.

– Målet er at dette heftet, med ei samla oversikt over det me veit om siv i dag, gir grunnlag for praktiske tiltak i kampen mot siv i tradisjonell og økologisk drift. Kunnskapen gir også grunnlag for rettleiingsteneste og forvalting til å målretta råd og tiltak.

Medverkande i formidlingsprosjektet har vore fagfolk frå NIBIO, Norsk Landbruksrådgiving og NMBU. Landbruksdirektoratet løya midlar til formidling, som i tillegg til serien med fagartiklar omfatta markdagar og fagmøte.

Heftet vert distribuert frå NIBIO Fureneset.

 

KONTAKTPERSON
Fakta

artikkelsamling_front.JPG

 

Formidlinga er basert på eit prosjekt finansiert av Norges Forskningsråd (Fondsmidlar forskingsavgift i landbruket), og FMLA i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Formidlingsprosjektet har vore finansiert av Landbruksdirektoratet.

Brosjyren kan lastes ned nederst på denne siden.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Sammendrag

Lyssiv (Jûncus effûsus L.) og knappsiv (Jûncus conglomerâtus L.) har vorte eit svært synleg ugras dei siste tiåra. Auken har vore mest synleg i kystområda og litt innover i landet. Siv er lett synleg i ekstensivt driven eng og beite, og det er i aukande grad også eit problem i yngre eng i tilsynelatande god drift. Dette fagheftet er ei samling artiklar om siv som er publisert i Bondevennen frå oktober 2016 til juni 2017. Artiklane byggjer på resultat frå forskingsprosjektet “Siv – eit aukande ugrasproblem i eng og beite”. Landbruksdirektoratet har løyvt midlar til denne formidlingsdelen, som i tillegg til serien med fagartiklar omfatta markdagar og fagmøte. Prosjektet “Siv – eit aukande ugrasproblem i eng og beite” (2009-2015) hadde som mål å greia ut veksemåten til lyssiv og knappsiv for å finna målretta tiltak for å kontrollera den stadig aukande utbreiinga av siv på Vestlandet. Prosjektet skulle skaffa fram ny kunnskap om veksemåten til lyssiv og knappsiv som grunnlag for råd om mekaniske og kjemiske tiltak. I tillegg skulle ein sjå på korleis jordtilhøve og dreneringstilstand, agronomi og klimaendringar påverkar overleving og konkurransetilhøve. Prosjektet var finansiert av Norges Forskningsråd (Fondsmidlar forskingsavgift i landbruket), og FMLA i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Prosjektet var eit samarbeid mellom NIBIO med einingane NIBIO Fureneset og NIBIO Plantehelse, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland, Norsk Landbruksrådgiving Vest og Norsk Sau og Geit. NIBIO var prosjekteigar. Medverkande i formidlingsprosjektet har vore fagfolk frå NIBIO Avd. Fôr og husdyr (Fureneset, Fjaler, Sogn og Fjordane) og Avd. Skadedyr og ugras (Ås, Akershus), Norsk Landbruksrådgiving Rogaland, Norsk Landbruksrådgiving Vest og NMBU, Fakultet for miljøvitenskap og naturforvaltning (Ås). Målet er at dette heftet, med ei samla oversikt over det me veit om siv i dag, gir grunnlag for praktiske tiltak i kampen mot siv i tradisjonell og økologisk drift. Kunnskapen gir også grunnlag for rettleiingsteneste og forvalting til å målretta råd og tiltak