Hopp til hovedinnholdet

Sterkare skog skal gje færre straumbrot

DAL-20160412-114539_cropped.jpg

Etter stormen Dagmar i 2011 har kostnadane med skogrydding langs linjenettet i Noreg auka og er i dag på 400 millionar kroner. I tillegg kjem kostnadar på over 100 millionar kroner til reparasjonar og bøter for ikkje levert kraft. Foto: Lars Sandved Dalen.

Trefall på linjenettet er eit stort og aukande problem her i landet, og den viktigaste årsaka til lengre straumbrot. No skal eit nytt forskingsprosjekt redusere skadane frå skog som fell over straumførande linjer.

– Etter stormen Dagmar i 2011 har kostnadane med skogrydding langs linjenettet i Noreg auka og er i dag på 400 millionar kroner. I tillegg kjem kostnadar på over 100 millionar kroner til reparasjonar og bøter for ikkje levert kraft, fortel seniorforskar Svein Solberg ved NIBIO.

Med meir ekstremvêr, er det venta at problema kjem til å auke. Meir skog og fleire høge tre er også med på å heve risikoen for at tre ramlar over kraftlinjene. Utfordringane er særleg store på Vestlandet og i skogfylka Hedmark og Oppland. Det blir peika på at skogen i desse delane av landet breier om seg, og at skogeigarane eller hogstentreprenørane ofte lèt skogen inn mot kraftgatene stå att når dei feller tømmeret.

– Dette gjer at det vert stadig meir stor skog langs kraftgatene. Når desse trea ramlar, kan dei gjere stor skade på anlegga, forklarer fagansvarleg Hans Peter Eidseflot i Mørenett.

 

Samarbeid med nettselskapa

– Det endelege målet med prosjektet «Sterkskog» er å redusere talet på hendingar der tre blir liggjande over kraftlinjene og fører til stopp i straumleveringa, seier Eidseflot.

Mørenett er eitt av dei fire nettselskapa som er med i dette treårige prosjektet saman med Meteorologisk institutt og NIBIO. Prosjektet skal gje råd og utveksle erfaringar både med kraftnæringa og skogbruksnæringa.

 

Skal styrke skogen

Eit mål med Sterkskog-prosjektet er å skape meir stormsterke tre og gjere skogen betre i stand til å stå imot belastninga frå vind og snø. Å byggje opp ein slik skog er ikkje gjort over natta. Det blir mellom anna teke til orde for å behandle skogen på ein annan måte heilt frå ungskogfasen. Men dette må skje stegvis og over tid. Det blir også føreslege å behandle gammal og høg granskog på ein annan måte enn i dag. Til saman er det venta at tiltaka i prosjektet kvart år vil gje innsparingar på 100 millionar kroner.

DAL-20160412-104057.jpg
Åge Øibakken, Eidsiva Nett; Hans Peter Eidseflot, Mørenett og Svein Solberg, NIBIO. Bildet er frå ei utferd på Ørsta med prosjektet Sterkskog, Foto: Lars Sandved Dalen.
Fakta

Prosjektet Sterkskog skal gå i perioden 2016-2018, med eit budsjett på 2,9 millionar kroner. Prosjektet er delfinansiert av Forskingsrådet sitt ENERGIX-program. Deltakarar er Mørenett, Eidsiva nett, Hafslund nett, TrønderEnergi nett, Meteorologisk institutt og NIBIO. Det er Mørenett som er eigar av prosjektet og NIBIO har det koordinerande ansvaret.

Forskningsrådet program ENERGIX: http://www.forskningsradet.no/prognett-energix/Forside/1253980140037

 

Mørenett AS eig og vedlikehald eit kraftnett med om lag 6 514 km linjer og kablar (frå 11 til 132 kV), 2 563 nettstasjonar og 28 transformatorstasjonar. Distribusjonsnettet er i 12 kommunar på Sunnmøre. Regionalnettet dekkjer i tillegg kommunane Sandøy, Haram, Vestnes, Skodje, Ørskog, Stordal, Sykkylven og Stranda. Mørenett har om lag 62 000 kundar i distribusjonsnettet.

Eidsiva Nett bygger, driv, vedlikeheld og fornyar eit straumnett med ein utstrekning på om lag 22 000 kilometer. Selskapet eig og driftar regional- og distribusjonsnett i Hedmark og Oppland, og har områdekonsesjon for distribusjon av straum i 15 kommunar i Hedmark og fem kommunar i Oppland. Området har ei samla befolkning på om lag 250 000 personer. Talet på kundar er 155 000.

Hafslund nett sørgjer for at 1,5 millionar menneske i Oslo, Akershus og Østfold har straum i kontakten. Selskapet har 700 000 kundar, som gjennom 44 000 km luftledningar og jordkablar og 17 500 nettstasjonar mottar 17,7 milliardar kilowatttimar kvart år.

TrønderEnergi Nett har ansvar for utbygging, drift og vedlikehald av eit fylkesomfattande regionalnett i Sør-Trøndelag og distribusjonsnett i tretten kommunar.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.