Hopp til hovedinnholdet

Skal stoppe potetskadegjerar i Kenya

plh-2012-033.jpg

Potetrøter med cyster av gul PCN. Foto: Bonsak Hammeraas.

Potetcystenematodar (PCN) er eit stort problem i Europa, men i Noreg har overvaking og tiltak gjennom 60 år avgrensa utbreiinga. No skal NIBIO dele kunnskap om korleis ein kan nedkjempe PCN med Kenya, der ein no har oppdaga skadegjeraren.

I 2014 blei det bekrefta at ein hadde oppdaga PCN i Kenya. Nematoden eller cystane har truleg kome inn frå Europa med potetmateriale for mange år sidan og har tilsynelatande spreidd og etablert seg fleire stader i landet. Potetplanter som er angripne av PCN har dårleg evne til opptak av næring og vatn, noko som hindrar ei normal utvikling og avling. PCN kan dessutan bli i jorda i fleire tiår. 

Potet er den nest viktigaste grønsaken etter mais i Kenya. Dersom nematoden får fortsette å spreie seg utan at ein set inn førebyggjande tiltak, kan det øydeleggje mykje for potetbøndene i landet. Men no skal norsk kompetanse frå NIBIO vere med på å auke kunnskapen rundt skadegjeraren i Kenya.

 

Eit stort problem

Fleire europeiske nasjonar, inkludert nabolanda våre Sverige og Danmark, slit i dag stort med å halde skadegjeraren i sjakk. I fleire land er det snart ikkje område igjen utan potetcystenematodar. Det er særleg kvit PCN som skapar utfordringar. 

Bruk av kjemiske middel har der vore ein føresetnad for å oppretthalde eit akseptabelt nivå på potetproduksjonen, noko som mellom anna har betydd at giftige kjemikal har hamna i grunnvatnet. I Noreg har ein kombinasjon av forsking, rådgjeving og strenge forskrifter gjort at ein har klart å unngå bruken av desse kjemikalane. 

Det at ein i Noreg kan garantere setjepoteter som er fri for PCN, er unikt i europeisk samanheng

 

Noreg er leiande

- PCN vart først oppdaga i Noreg i 1955. I 60 år har ein overvaka og sett inn tiltak mot nematoden, noko som har gitt resultat. I dag er Noreg leiande når det gjeld kompetanse på PCN, seier Richardo Holgado, seniorforskar og nematodeekspert ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Han legg til at tiltaka i Noreg blir sett på som eit godt eksempel for fleire europeiske land. 

For å halde nede PCN må ein i følgje Holgado planlegge dyrkingsopplegget grundig ut frå ei forståing av samspelet mellom nematodane, potetplanta og jordtypen. Sortsvalet vil sterkt påverke populasjonstettleiken til PCN og nivået på avlinga. Riktig val av sort er ein føresetnad for lønsam potetproduksjon, seier han. 

Jord er den viktigaste smittekjelda og kjennskap til kvar smitten finst er vesentleg. Under transporten er godt reinhald naudsynt for å redusere smittefaren, forklarar han.

DSC_0918.jpg
Pamela Kigwage, planteinspektør fra Kenya Plant health inspectorate service (KEPHIS) studerer PCN-cyster i lupe. Foto: Solveig Haukeland.

Manglar kompetanse

- I Kenya er det ingen kompetanse på PCN, og dei manglar kunnskap om korleis dei skal identifisere skadegjeraren, seier Solveig Haukeland, forskar ved NIBIO. Haukeland har base i Kenya ved International Centre of Insect Physiology and Ecology (ICIPE). 

Ho fortel at PCN har etablert seg fleire stader i Kenya - og ho meiner nematoden mest sannsynleg har vore til stades i opp til 20 år. 

- Ein rapport om potetdyrking i Kenya viser ei auking i potetproduksjonen i landet frå rundt 500 000 dyrkarar i 2003 til ca. 800 000 i 2011. Men samstundes er det store utfordringar under dyrkinga. For småbøndene er ei typisk avling på rundt 7-10 tonn/ha, samanlikna med minst 25 tonn/ha for profesjonelle dyrkarar i andre land. Lave avlingar skyldast hovudsakleg manglande kunnskap om nedkjemping av skadegjerarar som PCN og soppsjukdomar, i tillegg til mangel på rein settepotet. Det er naudsynt at situasjonen blir kartlagt - særleg når det gjeld PCN som er ei ny utfordring, seier Haukeland. 

For å auke kompetansen i Kenya har ICIPE og NIBIO starta eit nettverksamarbeid. Det har mellom anna vore møte med aktuelle aktørar og Haukeland har arrangert eit introduksjonskurs om PCN for Mattilsynet i Kenya (KEPHIS), representantar frå forskingsmiljø og studentar. Her informerte Richardo Holgado mellom anna om korleis ein kan identifisere nematoden. 

Det blei klart frå første dag at vidare opplæring er naudsynt for at Kenya skal kunne gjennomføre ei kvalitetsmessig kartlegging av PCN. Ei slik kompetanseheving vil kunne bidra ikkje berre til naudsynt kunnskap i Kenya, men vonleg også til nabolanda som bør utføre kartlegging så snart som mogleg. 

- Målet er å rettleie, auke kompetansen og lage eit nettverk som kanskje også kan inkludere naboland som Tanzania. Men det er mange utfordringar. Mellom anna har det mangla finansiering og det er viktig å få kartlagt utbreiinga. Men vi jobbar med å finne løysingar og håper mellom anna på å få midlar slik at vi kan få med oss masterstudentar og en PhD student, seier Haukeland.

DSC_0936.jpg
Ricardo Holgado og Solveig Haukeland frå NIBIO, saman med deltakarar frå det kenyanske mattilsynet på kurs i identifisering av PCN. Foto: Solveig Haukeland.
Fakta om PCN

- Potetcystenematodar (PCN) Globodera spp.  kjem opphavleg frå fjelltrakter i Peru og Bolivia.

- Det er to hovudtypar av PCN - gul PCN (Globodera rostochiensis) og kvit PCN (G. pallida).

- PCN er ein av dei meist avanserte og framgangsrike planteparasittane. Det tar tid for PCN å byggje seg opp i ein åker, og parasitten kan med eit normalt vekstskifte vere i åkeren i lang tid utan ein er klar over det. Parasitten gir store avlingstap, men er ikkje farleg for menneske. Smitta poteter kan difor etast utan fare. Men for potetdyrkarane er skadegjeraren svært øydeleggande og vanskeleg å nedkjempe. Egga frå ei cyste kan såleis overleve i fleire tiår i jorda utan næring frå vertsplanter. Ved påvising av smitte blir det difor pålagt langvarige restriksjonar.

- I Noreg blei PCN først påvist 1955 i Agderfylka. I 1993 blei dei første funna gjort i Nord-Trøndelag.

- På verdsbasis er PCN funne utbreidd i 23 land og har ein avgrensa førekomst i 42 land. I tillegg er det gjort undersøkingar i 130 land der parasitten ikkje er blitt påvist ennå. Både gul og kvit PCN er klassifisert som karanteneskadegjerarar i høvesvis 106 og 55 land. I dei siste åra har PCN blitt påvist i Australia, Canada og USA. Dette har på nytt har sett fokus på kor lett PCN kan spreiast og kva slags nasjonale konsekvensar PCN har.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.