Hopp til hovedinnholdet

Salamander sett i gangfelt i Drøbak

DSC_1676_cropped.jpg

I følgje Artskart vart ein storsalamander registrert i eit gangfelt i Drøbak i august 2003. Foto: Morten Günther.

Kartet stemmer ikkje alltid med terrenget. Datagrunnlaget ein har for å vurdere tilstanden til ulike artar har i enkelte tilfelle manglar som kan gi eit feil bilete av situasjonen.

Artskart basert på observasjonar av individ kan tyde på at her bur det salamander, men ein tur ut i terrenget slår fast det motsette. Ein tidlegare yngleplass kan vere nedbygd eller gjengrodd. Observasjonen ein trudde var ein salamander, kan ha vore ei firfirsle. Feil kan skje.

- Rettsvernet til salamanderen kan rett og slett vere trua gjennom mangel på korrekte tal, fortel forskar Christian Pedersen ved NIBIO.

Saman med forskarar ved Norsk institutt for naturforsking, NINA, har han nyleg levert ein rapport om Tap av ynglelokalitetar for salamander i Norge.  

Rapporten tar for seg utviklinga i levevilkåra til storsalamanderen, og kva konsekvensar det har for arten når våtområde og dammar forsvinn. Arbeidet dokumenterer og eit behov for å tenke nytt om kartlegging og vedlikehald av databaser for natur i Noreg. 

tchann_img_5254_leifågestrand.jpg
Storsalamander hann. Ofte finn vi salamander i tun- eller vatningsdammar, og skogsdammar. Dei er rovdyr som et insekt, meitemark og andre småkryp. Foto: Leif Åge Strand.

Feil grunnlag for raudlistevurdering?

Nyleg vart storsalamanderen sin status på raudlista justert frå ‘trua’ til ‘nær trua’ ifølgje Artsdatabanken. Med omsyn til midlar og merksemd frå ansvarlege myndigheiter, kan dette utgjere stor forskjell i korleis arten blir sett på.

- Det får og konsekvensar for handsaming av arten i planprosessar og utgreiingar, seier Pedersen.

- Ein art som er trua har langt sterkare vern enn om han er nær trua. Om det i tillegg hefter usikkerheit ved vurderingsgrunnlaget, er det grunn til uro sjølv om Naturmangfaldlova legg vekt på føre-var prinsippet, legg han til.

Av alle dei 3 517 observasjonane som vart analyserte for å gi eit reelt bilete av dagens situasjon for storsalamanderen i Noreg, kunne rundt 70 prosent knytast til eigna ynglelokalitetar. Det er område der salamanderen kan leve, formeire seg og overvintre.

- Det oppsiktsvekkande var at nærare 20 prosent av observasjonane var knytt til stader som er ueigna for yngling, seier Christian Pedersen.

- 677 av observasjonane førte oss til 204 område som ikkje lenger kvalifiserer som bustader for storsalamander, fortel han.

Dei var anten fylte igjen, eller grodd igjen. Stadene var likt fordelt mellom skog og kulturlandskap. Pedersen fryktar for bestanden sitt grunnlag for å overleve når leve- og yngleområde forsvinn.

- Dersom områda som faktisk er igjen, får lågare rettsvern, eller forvaltningstiltak sluttar, er det verkeleg fare på ferde, legg han til. 

- I eit bustadområde i Drøbak er det til dømes registrert storsalamander på fem ulike stader innan ein radius på nokre få hundre meter. Tre av desse er moglege yngledammar. Ein observasjon vart gjort midt i eit gangfelt; dei to siste i villahagar for langt frå dammane. Kanskje er observasjonane korrekte, men dei kan òg ha vorte registrert med feilaktige koordinatar eller forveksla med ei firfisle. Uansett er det dammane det er viktigast å ta vare på, fortel Christian Pedersen.

Skjermbilde 2016-01-13 14.56.41.png
I Frogn kommune er det registrert storsalamander på ei rekkje lokalitetar. Ikkje alle kan knytast til yngledammar. 

Må tenkast nytt om kart

Fordi databasene som blir brukte for å vurdere status til storsalamanderen er tufta på observasjonar, vil ein få eit misvisande bilete om ein ikkje kvalitetssikrar registreringane. Det inneber mellom anna å vurdere dei opp mot leveområde og yngleplassar.

- Artskarta kan gi inntrykk av at det finst fleire salamanderlokalitetar enn det faktisk gjer på grunn av måten vedlikehald av databasen skjer på, seier forskar Børre Dervo i  NINA. Han utdjupar:

- Det ein ser på kartet, stemmer ikkje nødvendigvis med naturen. Vår gjennomgang viser at det årlege tapet av lokalitetar på landsbasis kan vere så høg som ein prosent per år. I eit hundreårsperspektiv vil da 2/3 av alle storsalamanderlokalitetane vere borte.

Han presiserer at dette ikkje er kritikk av Artsdatabanken, men eit tydelig signal om at dataa må analyserast og koplast til andre kjelder før dei kan brukast til å vurdere bestandsutviklinga.

- Gjennom samarbeidet med NIBIO, og koplinga av deira kunnskap om kulturlandskapet med våre overvakingsdata og observasjonsmaterialet i Artsdatabanken, får vi eit mykje meir solid vurderingsgrunnlag, seier Dervo.

Forskaren meiner at neste gong rødlista skal utarbeidast, bør det gjerast ein tilsvarande gjennomgang av registreringane slik det er gjort i denne rapporten.

tchunnfr-stad1_leifågestrand.jpg
Hosalamanderen legg 200-300 egg enkeltvis på vassplantar. Egga blir klekte i vatn der larvene utviklar seg, før dei kryp på land i løpet av september-oktober og går i dvale. Foto: Leif Åge Strand.

Tilbakegang snudd til framgang

Det har vore tøft å bringe slekta vidare for salamanderen i perioden etter krigen. Over lengre tid har yngleplassar for storsalamander forsvunne som følgje av grøfting, bustadfelt, vegbygging og at kulturlandskap gror igjen.

I tillegg har fiskeutsetting og forsuring av vatn ført til tap av nye salamanderkull. Fisken et salamanderyngel, medan surt vatn fører til at yngelen ikkje får nok oksygen.

- Der det tidlegare var gode yngle- og levevilkår knytt til gardsdammar, førte moderne gardsdrift og færre husdyr til mindre behov for slike vasskjelder, fortel Christian Pedersen.

Dammar gjekk ut av bruk og vart fylte igjen utan at ein tenkte på konsekvensane for plante- og dyrelivet som lever i slike miljø. Brønnlova på 50-talet,strengare krav til sikring og behov for større samanhengande jordbruksareal forsterka utviklinga.

- På 1990-talet forstod ein alvoret i at gardsdammane var i ferd med å forsvinne ut av kulturlandskapet, og ein fekk etterkvart ordningar der ein kan få støtte til å restaurere gamle dammar, eller etablere nye, seier Pedersen.

- I dag ser vi ein svak auke i talet på gardsdammar i enkelte fylke slik som Hedmark. Det gir eit lite håp for biomangfaldet, avsluttar han.

19920710-OSP-014_kyr-vanningsdam_Nestjern-Evjevollen_Froland_Aust-Agder.jpg
Salamandarane overvintrar på land, frå november til april. Dei går i dvale i jord som er djup nok til at frosten ikkje drep dei. Om ein gytedam blir fylt igjen vil salamanderen søke seg tilbake kvar vår livet ut. Han vil ikkje forsøke å finne ein ny dam. Froland, Aust-Agder. Foto: Christian Pedersen.

Ny innsikt også for dei ansvarlege

For ti år sidan vedtok regjeringa å utarbeide handlingsplanar for eit utval trua artar i Noreg som eit ledd i bevaring av biologisk mangfald. Storsalamanderen fekk da sin eigen handlingsplan for perioden 2008-2012 av Direktoratet for naturforvaltning som no er ein del av Miljødirektoratet. 

Dei omtalar seg sjølve som ‘vaktbikkja som seier tydeleg ifrå dersom miljøutviklinga ikkje er i samsvar med politiske mål og internasjonale forpliktingar. 

No står storsalamanderen utan plan eller vern som ‘trua’ art. Situasjonen er endra i positiv retning, men akkurat i kor stor grad, er altså fagfolka i tvil om. Også for miljøvern-myndigheitene har rapporten om Tap av ynglelokalitetar i Norge gitt ny innsikt. 

- Dersom det viser seg å være hol i materialet som vi baserer våre vurderingar på, må vi sjå dette på ein ny måte, kommentarar seniorrådgjevar Ingrid Regina Reinkind i Miljødirektoratet.

- Vi er for tida i dialog med Fylkesmannen i Oslo og Akershus om det vidare arbeidet med storsalamander, og vil ta desse aspekta med oss, seier ho. 

Fylkesmannen i Oslo og Akershus har fått ansvar for å koordinere arbeidet med å ta vare på storsalamander i Noreg.

 

Salamandrar

Salamandrar er amfibier som likar seg i myrlendte, opne skogsområde eller i kulturlandskap med god tilgang på vatn og skjulestader. Dei er rovdyr som et insekt, meitemark og andre småkryp. I Noreg finst artane storsalamander og småsalamander.

Ofte finn vi salamander i beite-, tun- eller vatningsdammar, og skogsdammar. Han treng fuktige habitat med god temperatur og tilgang på skjulestader. Vasskjeldene må vere minst 50 m2 store, utan fisk. Fisken et salamanderyngel.

Ein storsalamander kan bli 10-16 cm og leve opptil 18 år.

 

Artsdatabanken

Artsdatabanken vart etablert i 2005 som ein nasjonal kunnskapsbank om naturmangfald i Noreg. Ei av oppgåvene til Artsdatabanken er å forsyne samfunnet med oppdatert kunnskap om artar og storleiken på dei.  Artsobservasjonar og Artskart er to av databasene som gir oversikt over nye observasjonar og samla forekomstar av mellom anna storsalamander.

Artskart fungerer slik at allmenta kan leggje inn data via Artsobservasjonar. Artsdatabanken sikrar ikkje dataene; dette ansvaret ligg hos dei som registrerer og brukar databasane.

Artsobservasjonar er eit eksempel på citizen science, eller borgarforskning, som er vitskapleg arbeid utført av allmenta, ofte i samarbeid med forskarar og vitskaplege institusjonar.

 

Tap av ynglelokaliteter i Norge

Alle dei 3517 observasjonane av storsalamander i Artskart per 1.11.2015 vart analysert i arbeidet bak rapporten Tap av ynglelokaliteter i Norge. Ein fann dette:

  • 2437 kunne knytast til 1092 reelle yngleplassar
  • 677 kunne knytast til 204 yngleplassar som ikkje lenger finst
  • 403 observasjonar var det ikkje mogleg å stadfeste, eller dei var dobbeltregistrert og kunne knytast til eksisterande lokalitet

 

Norsk raudliste 

Norsk raudliste for artar er ‘ei oversikt over artar som kan ha ein risiko for å døy ut frå Noreg.’ Raudlista er utarbeidd av Artsdatabanken i samarbeid med fagekspertar.

 

Meir om salamandrar

http://www.nina.no/salamander

http://www.nina.no/Salamanderhotell

Faktaark om storsalamander 

Handlingsplan for storsalamander 2008 - 2012

 

 

storsalamander_bjørn rangbru.jpg.jpeg
Storsalamander hann. Ein storsalamander kan bli 10-16 cm og leve opptil 18 år. Foto: Bjørn Rangbru.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.