Planteparfyme trekkjer til seg nyttedyr

ef-20170619-074607_cropped.jpg

Overvintringskasse for gulløye. Foto: Erling Fløistad.

Planteparfyme og blomsterfelt får lusejegeren gulløye inn i kornåkeren viser forsøk frå NIBIO.

Gulløye er eit av dei viktigaste nyttedyra vi har fordi dei mellom anna et bladlus, larvar og egg av ei rekkje viktige skadedyr. Dei har ein svært godt utvikla luktesans, og no har forskarar ved NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) funne ut at «parfyme» er vegen å gå for å freiste lusejegeren inn i kornåkeren.

ef-20170605-203838.jpg
Gulløye er eit av dei viktigaste nyttedyra vi har fordi dei mellom anna et bladlus, larvar og egg av ei rekkje viktige skadedyr. Foto: Erling Fløistad.

Planteparfyme

Forskarane Geir Kjølberg Knudsen og Gunda Thöming frå NIBIO har i samarbeid med forskarar frå Ungarn, produsert eit luktstoff som verkar spesielt tiltrekkande på gulløyer. Dette er ein del av prosjektet SMARTCROP (www.smartcrop.no) der målet er å utvikle innovative tiltak for integrert plantevern. Forsøk i felt har vist at å setje ut kapslar med dette stoffet, trekkjer til seg gulløyer og stimulerer dei til å legge egg i kornåkeren.

I tillegg til planteparfyma har forskarane også planta blomsterstriper i åkeren for å trekkje til seg vaksne gulløyer på jakt etter nektar og pollen. Forskarane melder også at det blir fleire blomsterfluger og marihøner i åkeren som følgje av blomsterdufta.

- Dette luktstoffet liknar det som plantene sender ut når dei er under angrep – litt som eit SOS frå plantene - og lokkar til seg nyttedyr som gulløye som kan hjelpe planta til ikkje å bli spist, seier Knudsen. 

Han forklarar at stripene med ville blomster er viktige fordi dei vaksne gulløyene treng pollen og nektar å ete. Larvene til gulløyer et derimot skadedyr og kan berre overleve kort tid utan mat, og gulløyeegga må difor plasserast på ein stad der det er nok skadedyr når larvene klekkjer frå egga.

- Dersom dei pøser ut egg, men det ikkje er noko å ete, kan vi ende opp med å øydeleggje populasjonen over tid, påpeikar han.

ef-20170608-130646.jpg
Geir Kjølberg Knudsen trur integrert plantevern kan vere med å hjelpe oss til å bli endå meir robuste mot utfordringar. Foto:  Erling Fløistad. 

Overvintringskasser

Ei anna utfordring med gulløyer er å overleve vintrane. 

For å auke overlevingsevna gjennom vinteren har NIBIO-forskarane satt opp overvintringsbur – halmfylte trekassar som er tilsett luktstoffet. Dette har gitt positive resultat når det gjeld andelen som overlever, fortel Knudsen. 

- Resultatet frå forsøka viser at ein kan auka bestanden av nyttedyr i kornåkeren og redusere problemet med skadedyr med desse tiltaka, legg han til.

ef-20170619-074432.jpg
For å auke overlevingsevna gjennom vinteren har NIBIO-forskarane satt opp overvintringskasser. Foto: Erling Fløistad.

Kan brukast i frukt- og privathagar

Både nasjonalt og internasjonalt slit fruktnæringa og kornproduksjonen med bladlusproblem.

- Med desse tiltaka kan ein halde bladluspopulasjonen under ein viss terskel i åkrar og frukthagar, seier NIBIO-forskaren

I framtida kan slik planteparfyme kanskje selgjast for bruk i private hagar, men først må ein produsent få det godkjent som plantevernmiddel.

Han påpeikar også at det er naudsynt å sjå nærare på korleis ein bør spreie dufta.

-Ein måte å få lukta ut på er å skyte ut små pellets som limer seg på vegetasjonen – kanskje med ein gjødselspreiar eller en drone. Men slike pellets er laga av plastikk og ikkje bra for miljøet. Kanskje er det betre å fysisk setje ut noko ein også kan ta inn igjen, som ein liten boks som puffar luktstoffet ut i små doser som ei lita tåke, seier Knudsen.

ef-20170619-075141.jpg
Forsøk i felt har vist at å setje ut kapslar med dette planteparfyme, trekkjer til seg gulløyer og stimulerer dei til å legge egg i kornåkeren. Foto: Erling Fløistad.

Eit krav

Det er no eit lovfesta krav om at norske bønder skal bruke dei åtte prinsippa for integrert plantevern for å beskytte kulturplantene sine. Integrert plantevern kombinerer fleire tiltak, frå før såing til etter hausting, i eit system der det ikkje er greitt å sprøyte utan at det er heilt naudsynt.   

– Å påverke nyttedyra som allereie er der til å gjere ein enda betre jobb kan vere med og redusere bruk av kjemiske plantevernmiddel. Men det som gjennomsyrer integrert plantevern er at ein ser på det totale biletet. Skadedyr er berre ein del. Vi jobbar også med ugras, og plantesjukdomar, fortel Knudsen. 

Han trur det nye regelverket er bra for bøndene og dei får vise kor profesjonelle og dyktige dei er.

- Dei må kunne og lære mykje som eg ser på som positivt. Det er utruleg krevjande å produsere mat. Integrert plantevern kan vere med å hjelpe oss til å bli endå meir robuste mot utfordringar. Eg trur norske bønder i samarbeid med forskingsmiljøa her har kunnskap og kompetanse nok til å utvikle «the best off» integrert plantevern, avsluttar han.

ef-20170619-074941.jpg
I tillegg til planteparfyma har forskarane også planta blomsterstriper i åkeren for å trekkje til seg vaksne gulløyer på jakt etter nektar og pollen. Foto: Erling Fløistad.
KONTAKTPERSON
Les mer om integrert plantevern

ef-20140818-093602.jpgGulløye. Foto: Erling Fløistad.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.