Ny global bioøkonomi
Global bioeconomy summit er den første store internasjonale konferansen som vil diskutere bioøkonomi i lys av FNs nye berekraftsmål. Direktør i Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Alvhild Hedstein, er utnemnd som medlem i konferansens rådgjevande komité.
I dag står bioøkonomi høgt på agendaen i meir enn førti land, men strategiane er svært ulike. Det er behov for ein samkøyrd internasjonal innsats. 500 leiarar innanfor politikk, forsking, industri og det sivile samfunnet skal møtast i Berlin denne veka. Målet er å etablere eit internasjonalt forum for dialog om ein berekraftig global bioøkonomi.
Arrangøren av konferansen er det tyske bioøkonomirådet, som er eit uavhengig rådgjevande organ for den tyske regjeringa. I samband med konferansen har arrangøren oppretta «International advisory committee», der Hedstein er medlem.
Bioøkonomi er eit nytt ord. Mange kappast no om å fylle konseptet med innhald. For kva er eigentleg denne bioøkonomien? NIBIO har valt å definere bioøkonomi slik:
Bioøkonomi baserer seg på utnytting og forvalting av biologiske ressursar frå jord og hav, framfor ein fossil økonomi som baserer seg på kol, olje og gass.
Verda treng globalt samarbeid om bioøkonomi
Nasjonale strategiar fokuserer på ulike delar av bioøkonomien. Somme land legg vekt på lenkja mellom helse og bioøkonomi, det vil seie utvikling av medisinar frå biologiske ressursar og ein berekraftig og sunn matproduksjon. Andre land har større fokus på innovative berekraftige produkt frå biomasse. Det er stadig meir vanleg å kombinere bioøkonomiske nyvinningar med informasjonsteknologi, for eksempel satellittovervaking av skog og presisjonslandbruk for å bruke mindre plantevernmiddel.
Verda treng ei felles oppfatning av kva bioøkonomi er, og globalt samarbeid på tvers av viktige næringar som landbruk, skog, marin sektor, farmasi, fornybar energi, naturforvalting og forsking. Samstundes må forvalting og utnytting av naturressursar gå hand i hand, slik at den globale bioøkonomien blir berekraftig.
Berekraft og bioøkonomi
FN har nylig vedteke sytten nye mål for berekraftig utvikling. Berekraftsmåla peiker ut ei felles global retning for land, næringsliv og sivilsamfunn. Berekraftig utvikling dreier seg om å ta vare på befolkninga i verda, men utan å øydelegge framtidige generasjonars levekår. Dei sytten måla reflekterer dei tre dimensjonane i berekraftig utvikling, som er, klima og miljø, økonomi og sosiale forhold. Deltakarane på Global bioeconomy summit skal diskutere bioøkonomi i lys av FNs nye berekraftsmål.
KONTAKTPERSON
KONTAKTPERSON
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.