Hopp til hovedinnholdet

Norsk-kinesisk samarbeid om berekraftig jordbruk

ef-20170808-085124_cropped.jpg

Forskarar frå NIBIO og landbruksakademiet HAAS i Heilongjiang-provinsen nordaust i Kina er denne veka samla på Ås for å utveksle erfaringar, med mål om å finne gode løysingar for eit berekraftig jordbruk i Noreg og Kina. Foto: Erling Fløistad.

Denne veka samlast forskarar frå NIBIO og landbruksakademiet i Heilongjiang-provinsen i Kina, for å utveksle erfaringar innan miljøvenleg matproduksjon. Møtet er ein del av eit langsiktig forskingssamarbeid med mål om å utvikle eit berekraftig landbruk i Noreg og Kina.

Heilongjiang Academy of Agricultural Sciences (HAAS) nordaust i Kina, som har ei viktig rolle for den nasjonale matsikkerheita i landet, og NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) har samarbeida på forsking innan berekraftig jordbruk i sju år. Institutta signerte i 2015 ein ny femårig avtale om vidare samarbeid om forsking på matproduksjon og mattryggleik.

 

Skal styrkje samarbeidet

Denne veka møtes dei til samarbeidsseminar på Ås (7-9 august) - det fjerde i rekkja. Fokuset vil mellom anna vere etterspørsel i dag og i framtida, jordmiljø, berekraftig landbruksutvikling, jordbruksindustrimodellar og planterotasjon kombinert med buskapsproduksjon.

Målet er å styrkje samarbeidet mellom norske og kinesiske bedrifter innan landbruk og dyrehald, grøn syklus og miljøvenleg matproduksjon.

 

Mykje å lære av kvarandre

– Noreg og NIBIO har lang erfaring innan matsikkerheit og berekraftig landbruk og er difor ein svært interessant samarbeidspartner for HAAS, seier administrerande direktør i NIBIO Nils Vagstad.

Vagstad trur også at vi har mykje å lære av Kina. 

– Det blir satsa enormt på forsking innan dei områda som vi forskar på. Sett frå NIBIO og norsk side er det viktig for oss å få vere ein medspelar i den kraftige satsinga og utviklinga som skjer i kinesisk landbruksforsking og teknologisk innovasjon, seier han.

– Kinesisk landbruk har mange utfordringar, men også store moglegheiter. Ikkje minst er det stor vilje til innsats for å løyse miljø- og berekraftsutfordringane. Klimaendringar og matsikkerheit kan ein ikkje løyse åleine. Difor må vi satse på forsking og internasjonalt samarbeid for å finne gode nasjonale og lokale løysningar der vi alle kan trekkje vekslar på andre sine erfaringar, seier Jihong Liu Clarke, koordinator for Kina-samarbeidet i NIBIO.

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.