Hopp til hovedinnholdet

NIBIO og Kina i dialog om utvida samarbeid i nord

ef-20170519-092421.jpg

Foto: Erling Fløistad.

I 10 år har Norsk institutt for bioøkonomi samarbeidd med sentrale fagmiljø i Kina om matsikkerheit og miljøvenleg og berekraftig landbruk. I dag vitja den kinesiske viseministeren for landbruk NIBIO for å diskutere eit utvida samarbeid.

Den kinesiske viseministeren for landbruk, Zhang Taolin, gjesta i dag NIBIO som ein del av eit todagars besøk i Noreg med fokus på landbruk og fiskeri. 

På NIBIO sine lokalitetar i Ås blei viseministeren presentert for instituttet si forsking og samvirke med Kina. Eit viktig mål var også å sjå på potensialet for å utvide samarbeidet vidare, mellom anna når det gjeld klimautfordringar i nordområda.

 

Tett samarbeid

- Vi er veldig glade og stolte over å få besøk av ministeren og det kinesiske landbruksdepartementet. Det viser at samarbeidet vi har hatt ber frukt og at vi blir lagt merke til i Kina. Ein del av den erfaringa vi har på berekraftig landbruk, er midt i blinken i forhold til dei prioriteringane Kina no gjer. Dei har ei sterk satsing på mattryggleik og miljøvenleg matproduksjon, seier Nils Vagstad, administrerande direktør ved NIBIO.

Ifølgje Vagstad har Kina i dei seinare år sett i gong omfattande tiltak for å avgrense dei negative miljøverknadane av landbruket, samstundes som dei fortsatt skal oppretthalde vekst i produksjonen. Noreg og NIBIO er ein aktiv medspelar i dette arbeidet, mellom anna gjennom samarbeid med sentrale fagmiljø som Chinese Academy of Agricultural Science (CAAS).  

I fjor inngjekk NIBIO også eit nytt femårig forskingssamarbeid med Heilongjiang Academy of Agricultural Sciences (HAAS), som har ei framståande rolle for den nasjonale mattryggleiken i Kina. Saman skal dei to institutta forske på matproduksjon og matryggleik. 

ef-20170519-104640.jpg
Foto: Erling Fløistad.

Viktig å vere medspelar

Utfordringane knytt til miljø, klimaendringar og matsikkerheit er store, dei er globale og dei krev internasjonalt samarbeid. 

- Heile verda, også vi i Noreg, blir påverka av korleis Kina maktar å løyse utfordringane sine, påpeikar Vagstad.

- Eg meiner samspelet mellom oss og Kina er veldig bra. Vi har verkeleg noko å tilføre Kina med vår erfaring og kunnskap i den norske modellen, mellom anna når det gjeld måten landbruket vårt er bygd opp og korleis kunnskapsoverføringa skjer frå forsking og rådgjeving til landbruket. 

Vagstad trur også at vi har mykje å lære av Kina. 

- Det blir satsa enormt på forsking innan dei områda som vi forskar på. Sett frå NIBIO og norsk side er det viktig for oss å få vere ein medspelar i den kraftige satsinga og utviklinga som skjer i kinesisk landbruksforsking og teknologisk innovasjon, seier NIBIO-direktøren. 

Han fortel at NIBIO no også diskuterer vidare samarbeid i nordområda.

- Vi har tett dialog med kinesiske miljø om å aktivt involvere dei i eit større klima- og miljøsamarbeid i nordområda.

ef-20170519-110741.jpg
Foto: Erling Fløistad.

Fornøgde partnarar

Zhang Taolin, var svært godt fornøgd med det langvarige samarbeidet mellom NIBIO og søsterinstitusjonane i Kina.

- Kina arbeider med å modernisera jordbrukssektoren. Frå einsidig fokus på kvantitet, vil vi ha ein god balanse mellom kvantitet, kvalitet, mattryggleik og berekraft. Då er det inspirerande å sjå NIBIO sin tverrfaglege tilnærming, frå naturvitskap til økonomi. Vi er imponert over den norske landbrukssektoren, og ser store høve for samarbeid framover. 

Jihong Liu Clarke er seniorforskar ved NIBIO og koordinator for instituttet sitt Kinasamarbeid. Ho seier dei har fått tydelege signal om at NIBIO er ein viktig forskingspartnar for vidare samarbeid i Kina. 

- Kina har som mål å bli ein kjempestor aktør på landbruksforsking og teknologi. Men for å klare dette må dei ha dyktige samarbeidspartnarar. Vi har svært gode bilaterale relasjonar i Kina og dette er vi svært fornøgde med, seier Clarke. 

Finansiering

NIBIOs forskingsprosjekt i Kina har mellom anna vore finansiert av Utanriksdepartementet gjennom den norske ambassaden i Beijing, Landbruks- og matdepartementet (LMD) og Noregs Forskingsråd (NFR). Men også det kinesiske forskingsdepartementet har vore med å finansiere fleire prosjekt.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.