Hopp til hovedinnholdet

Lang vinter stoppar ikkje planteskadegjerarane

DSC_0738

Berit Nordskog, prosjektleiar for varslingstenesta for planteskadegjerar (VIPS) ved NIBIO, seier at ein heilt spesiell vinter har gjort det vanskeligare å føresjå sesongstart for varsling av planteskadegjerarar. Foto: Siri Elise Dybdal.

Ein lang vinter gjer det vanskelegare å føresjå når planteskadegjerarane vil slå til. Men plutseleg varme kan jamne ut utviklinga.

- Dette har vore ein heilt spesiell og langvarig vinter, noko som gjer det meir vanskeleg å føresjå sesongstart. Det seier Berit Nordskog, prosjektleiar for varslingstenesta for planteskadegjerar (VIPS) ved NIBIO, som gir informasjon om fare for angrep og skadar av sjukdommar, skadedyr og ugras i dei viktigaste jord- og hagebrukskulturane. 

Men plutseleg varme kan gjere at det hentar seg inn. Det er vêrforholda framover som vil påverke utviklinga. Eg tippar vi er tett på no i milde område. Våronna har byrja på Jæren, og er så smått i gong på snøfri og varm jord rundt Oslofjorden, opplyser Nordskog. 

Ho legg til at vi har hatt mykje snø omkring i landet, og at eit godt lag med snø på bakken verkar som ei isolerande «dyne» og kan auke vinteroverlevinga til insekt. Dessutan kjem ein del skadegjerarar utanfrå.

- Til dømes overvintrar kornsjukdomen gulrust i liten grad i Noreg. Men soppsporane kan spreie seg med vinden over store avstandar.

20040923ef0012
Varsel for epleskurv startar fortløpande ved grøn spiss i tidleg blomstrande eplesorter. Foto: Erling Fløistad.

Epleskurv fyrst ut

Det er soppsjukdomen epleskurv som vil vere fyrst ut på infeksjonsrisikovarsel, ifølgje Nordskog.

- Varsel for epleskurv startar fortløpande ved grøn spiss i tidleg blomstrande eplesorter. Varsel for lita kålfluge, gulrotfluge og tege er starta og vert vist i VIPS, legg ho til. 

I tillegg til eple har VIPS varsling for anna frukt, kålvekstar, løk, salat, selleri, gulrot, potet, korn og oljevekstar. Overvaking av skadegjerarar i fleire kulturar blir gjennomført av rådgjevingstenesta. 

- Observasjonane i ulike distrikt blir lagt ut på VIPS-nettsidene. Ein kan og abonnere på både varsel og meldingar på SMS og e-post. VIPS baserer seg på verdata frå Landbruksmeteorologisk teneste (LMT), med meir enn 80 lokale målestasjonar. I tillegg er det også fellefangst, fortel NIBIO-forskaren.

 

Eige kart

Nytt i år for VIPS er ei kartteneste der ein kan få ei samla oversikt over utbrot og spreiing av kvar enkelt skadegjerar.

- Lurer du t.d. på spreiinga av gulrust rundt i landet, kan du no sjå kvar og når observasjonane var gjort på eit eige kart. Dette blir tilgjengeleg i løpet av sesongen 2018. Vi er også i ferd med å utvikle ein app som gjer det enklare for rådgjevarane å rapportere direkte frå felt.

VIPS skjermdump
Nytt i år for VIPS er ei kartteneste der ein kan få ei samla oversikt over utbrot og spreiing av kvar enkelt skadegjerar.

Nordisk-baltisk prosjekt

VIPS speler også ei sentral rolle i eit nordisk-baltisk samarbeidsprosjekt. Kveite og bygg er nokre av dei største jordbrukskulturane i denne regionen. Men avlinga kan bli betydeleg redusert ved angrep av bladflekksjukdommar. Varslingsmodellar som kan bidra til å finne riktig sprøytetid, er difor ein viktig del av integrert plantevern (IPV) for å få best mogleg effekt ved sprøyting og samtidig redusere talet på behandlingar. 

- Prosjektet, som vert koordinert av NIBIO med partnarar frå Noreg, Sverige, Litauen, Danmark og Finland, har som målsetjing å gi kornprodusentar i desse landa betre og meir brukarvenlege modellar for varsling av bladflekksjukdommar i kveite og bygg. 

Ho fortel at arbeidet er godt i gang, og alle data samordnast for analysar.

- Samstundes blir det sett opp automatisk innsamling av data frå verstasjonar i alle medlemsland. Dette gjev ei større breidde i testinga – og vil vere med på å løfte tenesta på desse sjudommane, kommenterer Nordskog.

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.