Hopp til hovedinnholdet

Korn + svin toppar inntekta i jordbruket

201708 Korn tun_fra By mot Byvoll_Levanger_Nord-Trøndelag_Foto Oskar Puschmann

Frå Levanger, Nord-Trøndelag. Foto: Oskar Puschmann.

Medan gjennomsnittsinntekta i jordbruket gjekk fram med to prosent frå 2015 til 2016, fekk bonden som kombinerer korn og svin ein inntektsauke på 15 prosent.

- Etter to svært gode år med stor auke både i 2014 og 2015, er det positivt å kunne vise til ein viss auke i inntektene også i 2016, seier seniorrådgjevar og driftsgranskar Torbjørn Haukås i NIBIO.

Han er ansvarleg for dei  årlege driftsgranskingane som hentar inn og samanstiller tal frå rundt tusen ulike gardsbruk for å følgje den økonomiske utviklinga i jordbruket.

Store skilnader

Dei store linjene for 2016 er framgang for mjølk og svin, og nedgang for sau og korn. Det er likevel stor variasjon i inntektene mellom ulike driftsformer. 

- Den gjennomsnittlege kornbonden fekk ein inntektsnedgang på 29 prosent i 2016 samanlikna med 2015. Da bør det samstundes seiast at både 2014 og 2015 var svært gode kornår, fortel Haukås.

- Til sjuande og sist er det jo vêr og vind som avgjer mykje av avlingsnivået, legg han til.

Produsentane av svinekjøt, og dei som driv med både korn og svin, gjorde det best totalt sett i 2016.  Gode prisar på svinekjøt, bra avsetnad i marknaden og volumauke per bruk, er ein viktig del av forklaringa på at bønder som kombinerer svin og korn fekk ein framgang på 15 prosent. Det gav 511 100 kroner per årsverk.  

Griser-COLOURBOX524214.jpg
Gode prisar på svinekjøt, bra avsetnad i marknaden og volumauke per bruk, er ein viktig del av forklaringa på at bønder som kombinerer svin og korn fekk ein framgang på 15 prosent. Foto: www.colourbox.com

- Stemmer det, 2016 var bra

Korn- og svinebonde Kjell Kristoffer Skuterud i Ås i Akershus stadfester at jordbruksåret 2016 var eit godt år.

- Eg snakkar mykje heller om 2016 enn 2017, seier han da han blir spurt om å kommentere driftsgranskingane. I år fekk han ikkje sådd haustkveiten før vinteren kom. Han held fram om 2016:

- Kornavlingane var bra, og i tillegg var det gode marknadstilhøve for gris. Det var god avsetnad til ein ok pris, til trass for overproduksjon. Nortura gjorde ein grei jobb, seier Skuterud.

Vidare seier han at situasjonen fort kan snu når vi stadig produserer meir kjøt per dyr. Det kan bli ei utfordring med omsyn til tålegrensa i marknaden når forbruket ikkje aukar. Skuterud meiner svineprodusentane kan tene på å gå litt ned i produksjon.

Sjølv driv han kombinert svineproduksjon, og har 52 årspurker. I tillegg har han 650 mål med korn.

Rundt 1200 slaktegris blir årleg levert herifrå. Kvar ellevte veke kjem rundt 400 smågris til verda. Dei blir fôra opp her, og så selde som slaktegris. Innimellom skal korn såast og korn haustast. Det er mest kveite og bygg det går i.

Når marknaden har fått sitt, går halmen til grisefjøset og gjødsla ut på kornjorda. Slik er vekselbruket på garden.

KarlKristoffer Skuterud_0412 justert P1030271
- Jordbruket har endra seg voldsomt berre sidan eg begynte med gris for 15 år sidan, seier Kjell Kristoffer Skuterud.

Rivande utvikling

Det går i eit banka køyr, slik Skuterud skildrar dagane. Han reflekterer over at det er lite snakk om timeprisar når ein samanliknar bonden si årsinntekt med andre yrke.

- For oss som driv med dyr og korn er søndag og mandag mykje det same. Det seier seg sjølv, dyr må ha tilsyn og stell alle dagar, poengterer Ås-bonden.

- Jordbruket har endra seg voldsomt berre sidan eg begynte med gris for 15 år sidan. Den gongen kunne eg handtere grisinga sjølv, og leigde inn hjelp kun innimellom. No treng eg den same hjelpa nærast konstant fordi det er så stort ‘trøkk,’ seier Skuterud.

Han forklarer om større dyr og større kull. I dag er det meir vanleg at purka får kull med fleire enn 20 smågris, enn at ho får færre enn ti. Ho har 14 -16 spenar. Gjennomsnittskulla blir stadig større.

Svinebonden snakkar gjerne om avlsutvikling, og etiske spørsmål knytt til dagens husdyrproduksjon. Om ikkje utviklinga har gått langt nok no? Vi lar spørsmålet ligge, men for bonden er dette ei viktig side av det å drive med dyr. Dei skal og ha eit verdig liv. Det er tydeleg at Skuterud prioriterer dyrevelferd høgt.

Jamt fordelt inntektsauke

Torbjørn Haukås stadfester at svinehald er ein viktig del av norsk jordbruk:  

- Svinehald er ikkje så stort på landsbasis, men er viktig mellom anna på Jæren. Cirka 30 prosent av landets grisebønder er her. Akershus har til samanlikning lite, seier driftsgranskaren.

Bøndene på Jæren oppnådde høgast jordbruksinntekt i landet, med åtte prosent auke i 2016 og ei gjennomsnittsinntekt på 400 200 kroner.  For landet samla vart middelinntekta 332 800 kroner.

- Jærbøndene er store på mjølk og svin, to produksjonar som begge utvikla seg positivt i 2016. Det forklarer mykje av framgangen, seier Haukås. 

Saman med bøndene på Jæren er bøndene på flatbygdene på Austlandet dei som tener mest. For desse vart det likevel ein nedgang på seks prosent samanlikna med året før, mest grunna nedgang på kveite. Årsinntekta vart 374 600 kroner per årsverk.

- Sjølv om utviklinga varierer mellom produksjonar og regionar, var inntektsutviklinga i 2016 jamnare fordelt på bruk av ulike storleikar enn i 2015. Førre året fekk dei store bruka klart størst framgang, kommenterer Haukås.

På Vestlandet fekk både mjølke- og fruktbøndene betre resultat enn  året før, medan sauebøndene opplevde nedgang. Gjennomsnittsinntekta til Vestlandsbonden vart 297 000 kroner. I Nord-Noreg var det også framgang for mjølk, medan sauehald gjekk tilbake. Middelinntekta vart omtrent uendra.

Etter eit svakt avlingsår i 2015, viste Trøndelagsjordbruket god framgang i 2016, og oppnådde 344 500 i jordbruksinntekt. Høgare prisar på storfekjøt og mjølk forklarer mykje av framgangen.

Gjennomsnittsbonden i 2016: 332 700 kroner

Jordbruksinntektene auka med 6 000 kroner til 332 800 kroner per årsverk i 2016.

Arealet auka med 12 dekar, til eit snitt på 379 dekar.

Gjennomsnittleg nettoinvestering per bruk auka frå 127 800 til 150 700 kroner.

Det er framleis høgt investeringsnivå, og dei store bruka investerer mest. Høgast nettoinvestering var det i Agder og Rogaland, utanom Jæren.

Typiske investeringar er maskinar, bygningar, jord og mjølkekvotar.

Nettoinntekta til ein brukarfamilie auka med ein prosent, til 952 200 kroner. Da er alle inntektene til heile familien, både i og utanfor bruket, rekna med.

Uten navn-2.jpg

Pressemelding for landet - Driftsgranskingane 2016

0.219 MB pdf

Portrett Skuterud_3337_cropped.jpg
Korn- og svinebonde Kjell Kristoffer Skuterud. Foto: Kjersti Kildahl.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.