Fruktforskarar har knekt Celina-koden

pærer Celina Mekjell M hovedbilde j.sch

Seniorforskar Mekjell Meland ved ei pæreplanting med Celina ved NIBIO Ullensvang. Foto: Jon Schärer.

Den norske pæresorten Celina har slege til i utlandet, og i år kom gjennombrotet også her heime. Celina toppar statistikken, og vil bli den nye hovudsorten som for alvor kan få norske pærer tilbake i butikkhyllene.

Ei omfattande «farskapstesting» med DNA-analysar og kontrollerte krysningar måtte til for å knekke koden. No har forskarane kartlagt kva for pollensortar som gjev størst avling for den nye Graminor-sorten. Etter kvart kan Celina utnytte potensialet fullt ut, meiner seniorforskar Mekjell Meland i NIBIO.  

 

Pæreløft

-Det er planta nærare femti tusen tre med den nye pæresorten, men vi hadde problem med å få gode nok avlingar, seier Meland. Han arbeidar ved NIBIO si avdeling Ullensvang i Hardanger, og har leia forskinga i eit prosjekt som skal løfte produksjonen med dei nye pæresortane. Det gjeld spesielt sortane Celina og Ingeborg.

I 2010 vart pæresorten Celina/QTee® ('Broket Juli' x 'Williams') lansert frå det norske foredlingsprogrammet ved Graminor avdeling Njøs i Sogn. Celina har allereie slått til internasjonalt, og vert dyrka særleg i Belgia, Spania og Sør-Afrika .

No meiner Mekjell Meland at dei har funne dei beste pollensortane for god fruktsetjing og avling også her i landet.

- Håpet er at vi skal få ein større del med norske pærer, etter at produksjonen har vore nesten heilt nede på nullpunktet, seier fruktforskaren ved Ullensvang.

Celina felt Ullensvang. j.sch.JPG
Frå plantefeltet ved NIBIO Ullensvang, der det er planta «Celina» saman med «Anna» som pollensort og i ulike treformar. Foto: Jon Schärer.

Godt fruktår

Totalt ser det ut til å bli ein god sesong for norsk frukt. Litt lite morellar, men mykje plommer og eple.

- Eplesesongen er ikkje avslutta, men det ser ut til å bli eit godt år, på høgde med 2014 og 2016-sesongane, seier Leif Øie. Han er fruktlagerinspektør i Grøntprodusentanes Samarbeidsråd (GPS), som gjennom sesongen utarbeidar prognosar for fruktavlingane.

For norske pærer går det og rette vegen. Litt over gjennomsnittet dei siste åra, men likevel under fjoråret. Då stod den andre norske satsinga, Ingeborg, for over halvparten av avlingane. I år har ikkje den sorten slege til, og dermed er det Celina som dominerer sesongen i år. Nærare 150 tonn er hausta hittil.

Celina.JPG
Den nye, norske pæresorten Celina har raud dekkfarge og god smak. Foto: Oddmund Frøynes.

Vil auke produksjonen

- Vi nærmar oss taket for plommeproduksjonen, og det er sikkert planta veldig mykje eple og. Men for pærer er det eit veldig stort potensiale, seier Mekjell Meland. Etter at produksjonen låg heilt nede, kom vendepunktet med Graminor-sorten Ingeborg for 20 år sidan.

- Vi sleit med å få avling der og, men gjennom studieprosjekt med næringa og tett samarbeid med dyrkarar,  fant vi ut korleis vi skulle dyrke den nye sorten. No har det løyst seg og det blei ei veldig stor avling i fjor, påpeikar Meland.  

Celina har verkeleg slege til i utlandet, og i 2018 vart det planta 860.000 tre utanfor Noreg!

- Eigentleg er Celina ei sommarpære utanlands, som passar betre i eit varmare klima. Men eg trur vi skal få den til her i landet og no, seier Mekjell Meland ved NIBIO Ullensvang. Årets avling er kanskje berre ein forsmak, rettare sagt pæresmak, for at Celina kan gje eit løft for dyrkarane også her i Noreg.

KONTAKTPERSON
2-9-12.jpg
Fornøgd fruktdyrkar

 – Sjølv om det har vore ein del regn, er det bra å vere fruktdyrkar i år, seier Terje Fosshagen i Leikanger. Plommehausten vart veldig bra der som elles i landet. Det blir og eit godt år for eple, som er hovudproduksjonen for fruktdyrkaren i Sogn. Her går haustinga føre seg fortsatt.

Innan pærer prøver Terje Fosshagen også ut Celina, som i år har gitt i underkant av fire tonn per dekar. Det er han veldig godt nøgd med. Han håpar sorten kan vere med å lyfte opp att den norske produksjonen.

Dei neste åra skal det plantast fleire pære- og epletre på leigejord som ikkje er i drift. Det skjer gjennom eit aksjeselskap Fosshagen har etablert med to andre dyrkarar. 

Prosjektinfo: «Auka volum for norske pærer»

Eit Bionær-prosjekt 2015 -2019. Prosjektansvarlig: Sognefrukt SA med NIBIO Ullensvang som FoU ansvarleg. Viktige samarbeidspartnarar var Njøs Næringsutvikling, Universitetet i Beograd, Serbia og Universitetet i Sarajevo, Bosnia og Herzegovina.

Hovudmålsetjinga var å auke marknadsdelen av norske pærer gjennom å utnytta det potensialet som ligg i nye sortar og forbetra kvalitet i omsetnaden. Det vart satsa på dei nye norske pæresortane Celina og Ingeborg.

I arbeidspakke 1 om genetiske studiar for å finna retta pollensort, har det vorte gjennomført DNA analysar av til saman 16 pæresortar og hybridar frå Noreg (såkalla farskapstesting).      I arbeidspakke 2 vart fenologiske observasjonar gjennomførde i blømingsperioden (datoar for  opne blomar og krunbladfall) og gjennomført kontrollerte kryssingar av Ingeborg og Celina  med ulike pollensortar.  Resultata viser at dei beste pollensortane til Celina er pæresortane Anna og Fritjof.

Celina, nærbilete 2 M.Meland.jpg
Celina er ein raudfarga norsk pæresort utvikla ved Graminor. Foto: Mekjell Meland.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.