Hopp til hovedinnholdet

Beitegranskar Yngve Rekdal har vunne Skåbuprisen

Befaring rikmyr HPK YNR GHS_Skjæringfjell_Ringebu_19062012_MIA_cropped

Yngve Rekdal har heldt på med vegetasjonskartlegging for NIBIO i over førti år. Her er han på synfaring av rikmyr på Skjæringfjell i Ringebu i 2012. Foto: Michael Angeloff

Yngve Rekdal har nytta mykje av livet sitt til å kartleggja verdiar i norsk utmark. Som ein framifrå formidlar har han og spreidd kunnskapen sin vidt og bredt. I august kåra ein einstemmig jury Rekdal til årets vinnar av Skåbuprisen.

«Skåbuprisen» vert tildelt ein kandidat som har gjort ein ekstraordinær innsats for bevaring og utvikling av norsk landbruk, matproduksjon og beredskap med hovudvekt på bruk av norske ressursar, fortrinnsvis utmarksbeite. Juryen består av representantar frå Tyr, Norsk Sau og Geit og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Prisen vart utdelt på Skåbukonferansen den 23. august. Skåbu ligg i Nord-Fron kommune i Innlandet, eit område som Rekdal har jobba mykje i.

 

Einstemmig avgjerd

Tor Jacob Solberg, styreleiar for Norsk Bonde- og Småbrukarlag satt i juryen der den einstemmige avgjerda blei tatt.

– Det var heilt unisont, bekreftar Solberg.

– Rekdal har jobba eit langt liv for å kartleggja utmarksbeite. Han har alltid vore faktaorientert og har gitt oss eit avgjerdsgrunnlag som kanskje har øydelagt nokre drøymar om ein annan type arealbruk enn beitedrift, men redda mange gode utmarksbeite. Denne kartlegginga viser kva for potensial som finst for beitenæringa i norsk utmark, understrekar styreleiaren.

 

Overraska og glad prisvinnar

Yngve Rekdal fortel at han vart både overraska og glad over å få denne prisen.

– Det er ein stor oppmuntring å få ein slik pris som syner at det arbeidet eg har gjort vert sett pris på av næringa. Det er dei arbeidet mitt tyder mest for, seier Rekdal.

For det har ikkje alltid vore slik. Då Rekdals karriere starta i januar 1981, var det miljøforvaltinga som ynskte kartlegging av vegetasjon.

– Utmarksressursar hadde ikkje status i landbrukssamanheng den gongen. Då var det opptrappingstid i landbruket og det skulle dyrkast, gjødslast og byggjast nye fjøs, minnast han.

Utdelinga av Skåbuprisen til «Årets utmarksforkjemper 2024» syner at landbruket no ser verdiane i utmarka. Samstundes har utbyggingspresset i utmarka auka. Informasjonen om beitekvalitet, som Rekdal og kollegaene hans har samla inn i over førti år, er kanskje viktigare enn nokon sinne.

Grunngjeving

I utsegna frå juryen heiter det mellom anna:

Yngve Rekdal har vorte ein frontfigur for beiteressursane i Norsk utmark og ingen kjenner naturen i norske beiteområde like godt som han. I tillegg til Ynge sin store kunnskap er han og ein svært dyktig formidlar og har helde foredrag for alt frå beitelag til kommunal forvalting, heradsstyre, statsforvaltare, studentar ved universitetet på ås og andre fagsamlingar over heile landet. Arbeidet som Yngve saman med kollegaar har utført har vore svært viktig for å gjere synleg dei store verdiane som ligg i utmarka, slik at beitenæringa vert teke omsyn til i ulike arealkonfliktar. Dette har vore og vert heile tida viktigare ettersom kampen om utmarka vert større for kvar dag som går.

Yngve Rekdal (t.v.) mottek Skåbuprisen 2024. Foto: Kathrine Kinn
Yngve Rekdal (t.v.) mottek Skåbuprisen 2024. Foto: Kathrine Kinn

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.