Hopp til hovedinnholdet

Ny jordbruksmelding: Auka produksjon, betra effektivitet og styrka konkurransekraft

mg201006_DSC_5032_cropped.jpg

Foto: Morten Günther.

Heile verdikjeda i norsk jordbruk må i større grad tilpasse seg sterkare konkurranse i framtida: Ei effektiv næring som leverer det forbrukarane etterspør, og som tek inn over seg ein stadig meir krevjande internasjonal marknad. Dette er ein føresetnad for auka norsk matproduksjon og at det framleis kan vere eit mangfaldig jordbruk over heile landet.

Norsk jordbruk har mange konkurransefortrinn og har eit godt utgangspunkt for produksjon av konkurransedyktige kvalitetsprodukt. Det krev eit framtidsretta jordbruk som er mindre politisk styrt og meir forbrukar- og marknadsretta.

Dette er hovudbodskapen i Melding til Stortinget nr. 11 Endring og utvikling – En fremtidsrettet jordbruksproduksjon, som Regjeringa la fram i dag. 

- Den norske bonden gjer ein imponerande jobb, kvar dag, og norsk jordbruk har i løpet av åra vist evne til å møte utfordringar. Den innsatsen må halde fram om vi skal ta vare på dei viktige verdiane som ligg i det norske jordbruket. Vi har all grunn til å lukkast berre vi gjer dei rette vala, steg for steg. Det er det Regjeringa legg opp til i denne stortingsmeldinga, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.