Grete Helland
Førstekonsulent
Sammendrag
Rapporten viser ei oversikt over utviklinga i jordbruket dei siste åra i Rogaland og Agder. Driftsgranskingane i jord- og skogbruk er ei årleg rekneskapsundersøking blant tilfeldig utvalde gardsbruk i heile landet. I 2024 var det totalt 932 bruk, der 105 var frå Rogaland og 52 var frå Agder. I driftsgranskingane er jordbruket i Rogaland og Agder delt inn i to regionar, «Jæren» og «Agder og Rogaland andre bygder».
Sammendrag
Rapporten viser ei oversikt over utviklinga i jordbruket dei siste 10 åra i fylka Vestland og Møre og Romsdal. Driftsgranskingane i jord- og skogbruk er ei årleg rekneskapsundersøking blant tilfeldig utvalde gardsbruk frå heile landet. I 2024 var det totalt 932 bruk, der 182 var frå Vestlandet, 123 frå Vestland fylke og 59 frå Møre og Romsdal. Jordbruksinntekta, målt som vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk, auka både på Vestlandet og på Landsbasis frå 2023 til 2024. Husdyrproduksjonane hadde positiv inntektsutvikling, med størst auke for mjølkeproduksjon, medan frukt- og bærprodusentane hadde ein liten inntektsnedgang frå 2023 til 2024.