Rådgjeving og litteratur
NIBIO legg stor vekt på formidling av beitekunnskap til næring og forvaltning, med særleg vekt på beitebruk, landskapsskjøtsel og biologisk mangfald. Det blir delteke i forskningsprosjekt og utgreiingar som gjev viktig kunnskap for fagområdet utmarksbeite. Her kan du finne litteratur frå utmarksbeitegruppa.
Vegetasjonskartlegging
NIBIO har gjeve ut rundt 80 rapportar frå vegetasjonskartlegging over heile landet. Rapportane kan finnast i publikasjonslista i lenka til venstre, eller lastast ned frå dokumentet under. Lista er søkbar og sortert på fylke, kommune og år kartlegginga vart utført.
Rapportar frå kartleggingsoppdrag.pdf
Lenker
ArealrekneskapsrapportarArealrekneskap
I prosjektet "Arealrekneskap for utmark" er eit nett av
1 081 utvalsflater som kvar er 0.9 km2 lagt ut med 18 kilometer mellom kvar flate. Flatene er vegetasjonskartlagt etter instruks for vegetasjons-kartlegging på oversiktsnivå. Dette gjev data for heile landet, men også på fylkesnivå for dei fleste fylka. I lenka til venstre kan du finne rapportane frå fylka.
Lenker
Litteratur om attgroingAttgroing
Kartlegging av utmark gjev statistikk som kan brukast til å undersøke graden av attgroing og modellere korleis vegetasjon kan endre seg ved opphør av beiting og/eller i eit varmare klima. Tal frå prosjektet "Arealrekneskap for utmark" blir bruka inn mot slik forsking. I lenka til venstre er eit utval litteratur som er skrive om temaet av oss og andre i NIBIO.
Lenker
Populærvitskaplege artiklarPopulærvitskap
I tillegg til å skrive rapportar til oppdragsgjevarar, ynskjer vi å spreie kunnskap om utmark og utmarksbeite og bidra i samfunnsdebatten. Derfor skriv vi jamnleg populærvitskaplege artiklar til fagblad, lokalavisar og nasjonale medier. Lista som kjem opp om du følgjer lenka til venstre gjev ei oversikt over publiserte artiklar. Vi arbeider med å legge ut linkar til artiklane.
Lenker
Kronikkar mm.Kronikkar og anna formidling
Kronikkar, intervju og foredrag gjeve av faggruppa vår er samla her. Vi arbeider med å gjere kronikkane tilgjengelege, førebels er dei fleste utan link til mediet dei er publisert i.
Forskingsprosjekt
Les om interne og eksterne forskingsprosjekt vi deltek i, eller har gjeve bidrag til i form av data eller rådgjeving.