Du grøne glitrande tre!

 

Jula står for tur, og nok ein gong er det tid for å få juletreet i hus. NIBIOs ekspertar gir deg interessante og nyttige fakta om juletreet.

PUBLISERT: 18.12.2023 Tekst: Silje Kvist Simonsen, Foto: NIBIOs bildearkiv

Det første juletreet i Noreg vart pynta i Christiania i 1822. No, meir enn 200 år seinare, er juletreet ein fast tradisjon for dei fleste nordmenn. Tradisjonelt sett vart vanleg gran (Picea abies) og furu (Pinus sylvestris) henta ut frå skogen for å pryde stova. I dag er det to typar edelgran (Abies-arter), fjelledelgran og nordmannsedelgran, som vert dyrka mest i norske juletrefelt. Framleis vel nordmenn flest å pynte levande tre, men 30 % kjøper kunstige juletre.

Kva er eigentleg det beste alternativet? Og korleis kan du få juletreet til å vare så lenge som mogleg?

Juletreet treng stell heile året

Skal du ha eit fint juletre er det ikkje berre å så eit granfrø, for så å felle treet neste jul. Først må treet vekse i 7-10 år. Frøa som blir brukt til juletre er nemleg foredla for å gi sakteveksande, buskete tre med djupgrøne farger.

Ugras i juletrefelt
  • I juletrefeltet treng treet stell gjennom heile året. Ugras i feltet skal fjernast og trea skal ha gjødsel og formklipp. Som med alle andre avlingar kan òg juletrea bli råka av sjukdom eller insektangrep, som må handterast. 

 

Verdfull informasjon om trepleie vert delt i nasjonale juletreforeiningar og internasjonale juletremesser og konferansar. Noreg er til eksempel medlem av Europeisk Juletreforening (Christmas Tree Grower Council Europe).

Det ligg mykje kunnskap og jobb bak kvart juletre!
Juletretopp med snø

 

Alle levande juletre mister nålene

Har du ei ekte (levande) julegran, vil nålene etter kvart falle av, uansett kor godt du steller med den. Det er likevel stor skilnad på kor godt ulike typar juletre held på nålene. Edelgran, slik som fjelledelgran og nordmannsgran, held gjerne betre på nålene enn vanleg gran. Om du vil ha juletre gjennom heile desember er det difor lurt å velje edelgran. Om du derimot vil ta inn juletreet rett før jul kan du fint velje den vanlege grana.

Juletreplantasje

 

Juletreet trenger akklimatisering

Uansett om du vel edelgran eller vanleg gran kan du utsetje dryssinga ved å ta godt hand om treet. Pass på treet ved transporten heim – det er kaldt å ligge på eit biltak. Pakk difor treet inn i ein stor plastpose, og plasser det med stammen (og dermed botnen av posen) framover. Når juletreet har kome heim er det viktig å ikkje flytte det direkte inn i ei varm stove – då vil det garantert drysse! Set det heller i garasjen, kjellaren eller entreen (alt etter kva du har plass til) slik at det kan akklimatisere seg i ein periode før det kjem inn i stova.

Gi juletreet varmt vatn først

Når juletreet kjem inn i stova er det viktig å skjere av dei nedste 2-3 cm av stammen og setje treet i varmt vatn frå springen. Det varme vatnet hindrar treet i å sende kvae ned mot «angrepssona» for å beskytte seg. Dermed lukkar ikkje porene seg, og treet kan fortsetje å ta opp vatn.

Då er det viktig at treet har god tilgang på romtemperert vatn gjennom heile jula. Kanskje til og med heilt frem til påske?
Pyntet juletre

 

 

 

 

 

Juletreet ditt er ikkje ein klimaversting

Jula er høgtida for forbruk, men av alle dei tinga vi kjøper i julestrida er det ekte juletreet noko av det som har minst negativ effekt på miljø og klima. Når juletreet veks tek det opp karbondioksid frå lufta, og slepp ut oksygen. Noko av karbonet vert ført under bakken med røtene. Røtene betrar jordstrukturen og hindrar erosjon, og mange organismar lever både i og rundt trea. Ein treng heller ikkje bekymre seg for avskoging, då nye tre vert planta for kvart tre som blir henta ut. Dersom juletreet er produsert lokalt vil også utsleppa frå transport bli små. Noreg importerer også juletre, hovudsakleg frå Danmark. Sjekk derfor opphavet til juletreet, og vel norske tre om du kan.

 

Ekte juletre er betre for miljøet

Er det betre å kjøpe eit nytt ekte juletre kvart år, eller vil det vere meir miljøvenleg å kjøpe eit plastjuletre som ein kan bruke år etter år?

Det korte svaret er at det mest miljøvenlege er å kjøpe eit ekte juletre - helst lokalprodusert.

Dei fleste av dei kunstige juletrea er laga i ei blanding av plast og metall. Dette er ikkje fornybare ressursar, og blandinga gjer at kunstige tre er vanskelege å resirkulere. Dei fleste av dei kunstige juletrea blir produsert på fabrikkar i Kina, og blir transportert over lange avstandar for å nå kundane. Det er også funne miljøgifter i juletre av plast. Om du av ulike grunner likevel treng å kjøpe eit plastjuletre, er det viktig å ta godt vare på det slik at det varer i så mange år som mogleg.

 

Jula er ferdig, kva no?

Når juletreet har spelt rolla si kan den ekte grana resirkulerast. På gjenvinningsstasjonen vert juletreet sortert som hageavfall, før det blir male opp og omgjort til kompostjord, biobrensel og biogass. Om dette ikkje er eit alternativ tilbyr mange kommunar henting av juletre i ein periode i januar. 

Og heilt til sist: Viss du får lov av grunneigar kan du plukka dei mjuke granskota om våren. Skota kan du bruke til å lage granskotøl, til å friske opp ein salat, eller bare ete som dei er. Dei smaker sitrusaktig og inneheld dessutan mykje C-vitamin. Spruce up your life!
12-15.jpg

 

Temaside om juletre