Hopp til hovedinnholdet

Divisjon for bioteknologi og plantehelse

Alternative tiltak mot plommelarver

Aktiv SIST OPPDATERT: 16.01.2026
Slutt: des 2026
Start: des 2022
Status Pågående
Start- og sluttdato 31.12.2022 - 30.12.2026
Prosjektleder Gunnhild Jaastad
Divisjon Divisjon for bioteknologi og plantehelse
Avdeling Skadedyr og ugras i skog-, jord- og hagebruk
Redusert tilgang på kjemiske plantevernmiddel krev ei tilsvarande auke i tilgang på effektive alternative tiltak om norsk matproduksjon skal oppretthaldast. I frukt hastar det svært mykje med utvikling av alternativ då det no ikkje fins godkjente kjemiske plantevernmiddel mot sommerfugllarver. Prosjektet «Alternative tiltak mot plommelarver» har som hovudmål å redusere trongen for kjemiske plantevernmiddel mot larver av artane plommeviklar (Grapholita funebrana) og plommeveps (to Hoplocampa-artar). I 2022 førte plommeviklarlarver til over 50 % fråsortering fleire stader i Noreg, og fleire plommeparti vart returnert frå butikk. I prosjektet prøver vi ut feromonforvirring og fysiske tiltak mot larveskade i plommer. Vi kartlegg også livssyklus og naturlege fiendar til begge larveartane for å kunne utvikle andre alternative tiltak og tilpasse bruk av desse. Prosjektet er leia av NIBIO og vert gjennomført i tett samarbeid med Norsk Landbruksrådgiving, fruktpakkeria og plommeprodusentane.