Tid for å sprøyte mot tørròte

Tørråte.

Tørråte. Foto: Erling Fløistad.

Nå er det tid for å sprøyte fyrste gongen mot tørròte på potetane. – Ròten kjem seint i år, fortel seniorforskar Ragnhild Nærstad.

På skadegjerarvarslinga VIPS har ho gitt namn til sin eigen varslingsmodell. Nærstadmodellen er den eine av to metodar som viser kor stor tørròterisikoen er. Den andre er det som forskarane kallar ein negativprognose. Går den prognosen over eit visst nivå, så er det tid for å sprøyte.

 

Seinare

– I Østfold, Vestfold og på Jæren har varsla gått over. I Hedmark og Oppland er det nokre få som er over så langt. I Trøndelag kan mykje skje på nokre få dagar, seier Ragnhild Nærstad i NIBIO.

– Ut frå modellane ser det ut til at smitta nå er komme så langt at det byrjar å bli ordentlege epidemiar.

Det er seinare enn i fjor. – Tørròten er ekstremt styrt av vêret, og i fjor var dei aller fleste områda tørrare enn vanleg, forklarer Nærstad.

ragnhild nærstad.jpg
Tørròten på potetane kjem seint i år, men nå er det på tide å sprøyte, fortel Ragnhild Nærstad. Foto: Georg Mathisen.

Ny smittemåling

Nå arbeider NIBIO med å laga ein ny metode for å måle kor mykje smitte som er i knollane.

– Det er eit krav at setjepotetane ikkje har synlege symptom på tørròte. Men vi er ikkje eigentleg sikre på om det er den tørròten som gir synlege symptom, som er den farlegaste. Det kan vera at ròten som ikkje synest, er verre. Om det er mykje synleg smitte, så reknar vi med at knollen ikkje spirer og at han døyr slik at smitten ikkje spreier seg. I dei knollane som har mykje tørròte, er han så aggressiv at han drep planta.

 

Mindre kålmøll; meir gulrust

NIBIO-forskar Annette Folkedal Schjøll fortel om to tydelege endringar blant skadegjerarane i år: meir gulrust på kornet og mindre kålmøll på til dømes kål og blomkål.

– Dei to siste åra har vi hatt mykje kålmøll som har komme flygande inn i landet frå aust. Det har gjort stor skade. Men i år er det mykje mindre av han, seier Schjøll.

– Det som vi ser ein del av nå, er gulrust på kornet. Gulrust har vi ikkje nokon varslingsmodell for, men det blir lagt inn meldingar i vips. Vi ser ein auke i ho, og vi arbeider i eigne prosjekt for kanskje å få til ein varslingsmodell på sikt, fortel ho.

 

ef-20080918-143815.jpg
Klassisk døme på tørròte i potet. Foto: Erling Fløistad.
VIPS - Varsling Innen PlanteSkadegjørere

Varslingssystem for å vise når det er viktig å gjennomføre tiltak mot skadegjerarar. Formålet er å redusere risikoen ved bruk av plantevernmiddel i planteproduksjon.

Landbruksrådgjevingstenesta registrerer åtak av skadegjerarar i felt, mens NIBIO leverer vêrdata og tek seg av utvikling, drift og vedlikehald av systemet. Meteorologisk institutt leverer vêrprognosar.

Ligg på www.vips-landbruk.no

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.