Hopp til hovedinnholdet

Støtt fruktforskinga - prøv ut nye morellesortar

Morellfestivalwb.jpg

Oddmund Frøynes viste fram morellesortar på fjordårets morellefestival på Lofthus i Hardanger.

På morellefestivalen 2016 kan du vere med å vurdere nye sortar. Farge og storleik er ein ting, men smaken er noko av det viktigaste. NIBIO Ullensvang stiller med smaksprøvar av nye og lovande sortar, og du kan vere med på å bestemme den nye vinnaren.

Fornying og utviding av sortsutvalet er viktig for fruktnæringa. På NIBIO Ullensvang har sortsprøving av moreller føregått over mange år.

- Me testar nye og etablerte sortar frå alle verdsdeler. Målet er å finne dei sortane som har god avling kvart år, ser fine ut og smakar godt, seier Oddmund Frøynes, ansvarleg for sortsprøvinga ved NIBIO Ullensvang.

 

Kundane har rett

Kva sort som vert ein bestseljar er det kundane som til slutt bestemmer. Både forskarar og dyrkarar vil så tidleg som mogeleg vite kva kundane meiner.

-  Det vert mange morellesortar å smake på i år. Kom innom på NIBIO Ullensvang sin stand på laurdagen under morellefestivalen for å smake og sjå, oppmodar Frøynes.

FAKTA: Morellefestivalen finn stad på Lofthus i Hardanger kvart år, oftast siste helga i juli. I år går festivalen av stabelen 29.-31. juli.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.