Hopp til hovedinnholdet

Stor eller liten som heiltidsbonde?

mg201707_DSC_2004.jpg

Foto: Morten Günther.

Det er eit av fleire fagemner som blit tatt opp på Økonomidagane 2017. Seminaret vender seg spesielt til rekneskapsfolk og rådgjevarer innan landbruk.

Kva påverkar bondens val? Og korleis skal hen tenke om investeringar og vegval når endringane stadig skjer fortare enn før, og ofte på andre måtar. Kva krav set slike spørsmål til økonomirådgjevarane? Korleis kan rådgjevaren bidra til at bonden lukkast?

Bønder velgjer ulikt. Nokre ønskjer å vakse, medan andre vel andre inngangar til å vere heiltidsbonde. To bønder gir oss innblikk i sine val.

Temaet blir følgt opp gjennom to fagforedrag om «Kjøp, leie, nydyrke?» og «Tenk økonomi – ikke volum». Samarbeidsmodellar og viktigheit av gode avtalar om samarbeid følgjer vidare.

Det er viktig at rekneskapsførar/rådgjevar har bransjekunnskap om dei produksjonane kundane har. I år står økonomien i korn- og saueproduksjon på dagsorden. 

  
Vil styrke rådgjevaren

Målet med Økonomidagane er å styrke rådgjevarrolla med auka kunnskap om relevante tema.

  • Vi ønskjer å nå både dei som alt er aktive driv rådgjevarar, og dei som i dag kun fører rekneskapen til bonden, seier Jostein Vasseljen som er arrangementsansvarleg for NIBIO.
  • Ofte er vegen kort mellom rekneskapsførar og rådgjevar. Rekneskapsføraren opparbeider seg mykje kunnskap som kan vere svært verdfull både i dagleg produksjon og i meir strategiske spørsmål, fortel han.
  • Da er det viktig å vere seg dei ulike rollene bevisst, og gjere nødvendige avklaringar for eit positivt samarbeid.
  • Rådgjevaren har og ei viktig rolle som mentor for bonden, meiner Vasseljen. Med det meiner eg at den moderne bonde og er bedriftsleiar. Han eller ho treng treng da kunnskap som gjer gardbrukaren fagleg trygg også som bedriftsleiar.  

 

Fagleg mangfald på programmet

Seminaret blir arrangert i samarbeid med Bondelaget, noko som gir programmet ein ekstra dimensjon med omsyn til val av faglege tema og problemstillingar.

  • Vi ser fram til to dagar med fagleg breidde og interessante innlegg, seier Vasseljen vidare.
  • Ikkje minst ønskjer vi dialogen velkommen. Noko av poenget med slike møteplassar er jo at utvekslinga mellom deltakarane må få rom til å utfalda seg.

 

Velkommen

Bondelaget og NIBIO ønskjer velkomen til Økonomidagane 2017: 28. - 29. september 2017.

Påmeldingsfrist er 21. august.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.