Hopp til hovedinnholdet

Ressursbruk på krita - #jordsvinn

Hender med jord.jpg
Foto: Åge Nyborg.

Manglar vi jord, så manglar vi mat. Manglar vi mat, kan vi kjøpe frå dei som framleis har jord – ei stund. Men når jorda er knapp, og behovet for mat er større enn tilfangsten, har vi eit problem.

Dette er den enkle grunnen for å ta vare på matjorda der ho finst. Mange andre grunnar kan trekkast fram, men grunnlaget for matproduksjon er det første som melder seg. Alle veit jo det.

Derfor skulle ein tru at alle ville vere opptatt av å verne om denne edle ressursen. Men det synest ikkje alltid slik. Vi opplever stadig at jorda treng vern for ikkje å bli øydsla vekk når tettstader skal vakse og infrastruktur på plass.

 

Kva er det med jorda?

I 1935 blei jord for første gong offisielt definert som ein knapp naturressurs med spesielt krav til vern. Det skjedde etter den store tørkekatastrofen The Dust Bowl i USA. Dette var bakgrunnen for at USA vedtok si Soil Conservation Act og at president Roosevelt sa:

– The history of every nation is eventually written in the way in which it cares for its soil.

Jordkartleggar Siri Svendgård-Stokke i NIBIO er med andre ord i godt selskap når ho forklarer kvifor jordvern er meir aktuelt enn nokon gong.

– Vi må ha omsorg for jorda, seier ho. Jorda er ein del  av kulturarven vår, ho er grunnlaget for liv. Så lenge vi har jord, kan vi dyrke mat. Både i Noreg og resten av verda forsvinn matjord ut av produksjon medan folketalet aukar.

– Å lage jord tar tusenvis av år. Teknologi og effektivisering er ikkje nok til å brødfø aukande folketal. Skal vi sikre produksjonsgrunnlag for framtida, må vi sette bremsane på sløsing med matjord no, presiserer Svendgård-Stokke.

Ny jord blir ikkje laga i løpet av ein vekstsesong eller to, eller innanfor tidsrammene i industriell produksjonsøkonomi. Ho lar seg ikkje verdsettast i tradisjonell bedriftsøkonomisk forstand. Her trengs det reknemodellar med tusenårsperspektiv. Matjord har si eiga tidsrekning. Vi har ho til låns i ein periode, så går ho vidare til neste generasjon, og deretter til neste, og til neste etter det.

 

Handling trengs

Mykje positivt er på gang. Større merksemd knytt til arealbruk og matjord, både politisk og i media, har gitt resultat. I 2015 vedtok  Stortinget  ein nasjonal jordvernstrategi  med mål om at innan 2020 skal kun 4000 dekar matjord omdisponerast årleg. Dette er det tverrpolitisk semje om.

Men korleis skal det skje? I 2015 vart meir enn 6000 dekar jord omdisponert i Noreg, noko mange vil meine er ‘ressursbruk på krita’.

Kven skal ta stilling til verkemidla, og kva for verkemiddel finst? Korleis skal dekar for dekar leggast saman i sanntid for å sjekke at sum omdisponert matjord ikkje blir større enn 4000 per år? Kva er tiltaka som skal realisere målsettinga i jordvernstrategien?

Slike spørsmål er bakgrunnen for at NIBIO i samarbeid med Jordvernforeningene i Norge og Norges Bondelag arrangerer ein jordvernkonferanse 7. juni i år.

 

Konferanse med jord mellom fingrane

Programmet for dagen spenner frå det internasjonale til det nasjonale perspektivet. Mellom anna kjem Luca Montanarella, internasjonalt kjent for sitt arbeid med jordvernspørsmål, for å halda innlegg om behovet for forsvarleg forvaltning av matjord globalt. Han har sidan 1992 vore engasjert i slike tema gjennom sitt arbeid i EU-kommisjonen og FNs klimakonvensjon, i tillegg til FAO sitt arbeid for berekraftig forvaltning av jordressursen.

Frå Sveits kjem ein representant for det sveitsiske miljødirektoratet, Bettina Hitzfeld, for å fortelje om arbeidet med å utvikle ein strategi for berekraftig bruk av jordressursane.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale vil gi innsikt i situasjonen her til lands. Fleire andre sentrale politikarar vil og ha innlegg på dagens tema.

Dessutan deltek store utbyggarar som Bane Nor og Statens vegvesen for å dele sine erfaringar. NIBIO vil legge fram tal som dokumenterer status og utvikling i Noreg for omdisponering og nedbygging av dyrka jord.  

Målet med konferansen er å sette søkelys på verkemidla som skal realisere jordvernstrategien, og gi ny innsikt og auka engasjement for #jordsvinn. Like sjølvsagt som at vi ikkje skal kaste god mat, #matsvinn, må det vere å unngå at matjord hamnar under asfalt og betong.

Fakta

Ifølgje FN ligg løysinga for fleire globale utfordringar knytt til matforsyning, flom og klimaendringar i forvaltning av jord.

33 prosent av all jord i verda er i dag skadd av industrielt jordbruk og klimaårsaker som tørke og flaum.

FAO har rekna ut at globale matproduksjon må auke med 70 prosent for å sikre verdas befolkning nok mat innan 2050.

FAO er FNs mat- og jordbruksorganisasjon.

I Noreg ligg mykje av den beste jorda kring byar og tettstader der folkeauken og utbyggingspresset er størst. Saman med ønskjet om mest mogleg samla utbygging rundt eksisterende tettstader, skaper dette utfordringar i arbeidet med å ivareta jordressursane for framtida.

Ifølge Budsjettnemnda for jordbruket (2016a) var 9,85 mill. dekar jordbruksareal i drift i 2015. 8,09 mill. dekar var fulldyrka. Frå 2001 til 2015 gjekk jordbruksarealet ned med 6 prosent. Kornarealet er redusert med 16 prosent i same periode. Kjelde: Rapport: Utsyn over norsk landbruk

55- Tilbakeblikk Elvestad i Hobøl_Østfold.jpg
Tilbakeblikk. Elvestad i Hobøl, Østfold. Utbygging av E18, 2012 og 2015. Foto: Oskar Puschmann.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.