Ny bok om norsk daglegvarehandel og matsektor

Bilde 07.03.2020, 16 11 45_cropped

Illustrasjonsfoto: Kjersti Kildahl.

Den ferske boka "Mot bedre vitende i norsk matsektor" gir ei oversikt over situasjonen i norsk daglegvarehandel og matsektor. Temaet er forbunde med sterke meiningar, tidvis mykje mediemerksemd – og politisk interesse.

Boka er blitt til gjennom samarbeid mellom NIBIO-forskar Ivar Pettersen og Norges handelshøyskole (NHH) ved forskningssentret FOOD. Prosjektet er finansiert av midlar frå NHH, Norges forskningsråd og forskningsbidrag frå Norgesgruppen. NIBIO har bidratt med eigeninnsats i form av timer.

Ivar Pettersen-Frode Steen.jpg
Redaktørane Ivar Pettersen (NIBIO) og Frode Steen (NHH). Foto: Jan-Erik Østlie.

Debatt med mange stemmer

Seniorrådgjevar Ivar Pettersen i NIBIO har redigert boka saman med professor Frode Steen ved Institutt for samfunnsøkonomi ved NHH. Pettersen har i mange år arbeidd mykje med norsk daglegvarehandel og matindustri.

I boka har sju forskarar med brei kunnskap om den norske matmarknaden bidratt med sine ulike perspektiv som gir innblikk i sektoren og det som rører seg der.

Målet har vore å gi eit kunnskapsbasert bilde av situasjonen i den norske matmarkanden – eller ‘den empiriske strukturen,’ som det står i innleiinga.

- Primært har vi ønska å skape eit oppdatert faktagrunnlag rundt heile den vertikale verdikjeda, forklarer redaktør Pettersen.  

Døme på tema i boka er produktivitetsutviklinga i dei ulike ledda i matkjeda, prisforskjellar mellom ulike land (primært i Skandinavia)  og effektane av det norske tollvernet. Også marknadsstruktur, butikktilgjengelegheit og betydning av merkevarer er omtalt.

KONTAKTPERSON

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.