NIBIO blir nytt tilskot til kunnskapsklynge i Bergen

DSC_0361 (2)

NIBIO Bergen flytta onsdag inn på Høyteknologisenteret på Marineholmen. Foto: Kjersti Kildahl.

Før var her skipsbygging, stål og slipp. No er det kunnskapsproduksjon som gjeld på Marineholmen – ein sentrumsnær del av Bergen. NIBIO er siste tilskot til dette kunnskapsmiljøet.

Onsdag 15. mai markerte NIBIO Bergen si nye adresse i Høyteknologisenteret på Marineholmen med inviterte gjester og eit variert fagleg program.

Heidi Knutsen og Tor Myking sto for velkomst og vertskap saman med rundt 20 tilsette ved Bergenskontoret. Dei to tidlegare driftseiningane i Bergen, grovt sagt delt i økonomar og skogfolk, er no samlokalisert ved det nye kontoret.

Her er fagfolk frå landbruks- og samfunnsøkonomi, skogøkologi, plantehelse og molekylær økologi samla under same tak. Høyteknologisenteret er ein del av Universitetet i Bergen.

Hurra fra NIBIO på Marineholmen inkl gjester fra NIBIO Ås
Hurra for NIBIO Bergen! Foto: Kjersti Kildahl.

Regionalt brufeste

Administrerande direktør i NIBIO, Nils Vagstad sette tonen for dagen. Han tok utgangspunkt i instituttet sine djupe røter der utarbeiding av kunnskapsgrunnlag innan jord- og skogbruk er sjølve fundamentet til NIBIO.

- Framtida vår handlar om å bruke biologiske ressursar fornuftig og effektivt, og ikkje minst berekraftig. Fotosyntesen er grunnlaget for bioøkonomien, og for alt liv. Til sjuande og sist er dette kjernen også i vår verksemd, sa Vagstad.

- I dagens kunnskapsproduksjon byggjer vi vidare på dei tradisjonane vi har. Samtidig må vi endre oss i takt med tida, og det er vi godt rusta for. Med vår kompetanse og vårt mangfald er vi skodd for å møte nye utfordringar.

Vagstad la vidare vekt på verdien av samarbeid med forvaltning og andre kunnskapsmiljø. Og at NIBIO gjennom det nye samlokaliserte kontoret i Bergen står sterkt også i så måte.

Nærleik til ulike kunnskapsmiljø i Bergen vart trukke fram saman med nærleik til deler av forvaltninga, til dømes Fylkesmannen i Vestland og Innovasjon Norge.

- NIBIO skal vere til nytte for heile landet, og vi skal vere til stades i heile landet. Det er er vi gjennom våre forskningsstasjonar og geografiske lokalitetar, sa Nils Vagstad.

- På denne måten er vi nær brukarar og kundar, og vi er tett på utfordringane. I dette ligg og våre oppgåver.

Vagstad poengterte betydninga av å ha eit regionalt kontor i Bergen både av omsyn til samarbeidspartar og aktørar med oppgåver NIBIO kan bidra til å løyse.

Fagmiljøet ved kontoret i Bergen har og nære band til forskningsstasjonane i Ullensvang og på Furuneset. Til saman utgjer desse NIBIO sitt regionale brufeste i det nye storfylket Vestland.

DSCF4043 (2)
Administrerande direktør i NIBIO, Nils Vagstad sette tonen for dagen. Foto: Kjersti Kildahl.

Variert program

Etter mingling, mat og omvising i dei nye kontora, var det tid for «faglege smaksprøvar.» Korte innlegg viste i rikt monn breidd og ga tilhøyrarane eit innblikk i svært ulike fagområde.

Heidi Knutsen og Magne Sætersdal drog opp dei lange linjene i NIBIO si historie innan landbruksøkonomi og skogforsking, begge område med røter tilbake til tidleg på 1900-talet.

Ivar Gjerde og Fride Høistad Schei tok oss med inn i temaet biomangfald i skog, og natur i endring – alltid i endring. Driftsgranskingane på Vestlandet fekk sin eigen bolk presentert av Torbjørn Haukås på 10 minuttar:

- Eg som vanlegvis får halvannan time når eg legg fram driftsgransingane, kommenterte han.

Anna Birgitte Milford fortalde om eit utviklingsprosjekt NIBIO har fått for å vurdere om det finst rom og moglegheit for veksthus på tak i Bergen.

Innan landbruksentomologi presenterte Bjørn Arild Hatteland prosjektet Pollinerande insekt i landbrukslandskap og effekt av plantevernmidlar. Hans Geir Eiken runda av den faglege bolken og forklarte kva Molekylær økologi i miljø og landbruk går ut på og kan nyttast til.

Naboen er Vitensenteret
Vil Vite - Bergen vitensenter er næraste nabo til Høyteknologisenteret på Marineholmen. Foto: Kjersti Kildahl.

Helsingar og handtrykk

Dagen og programmet vart avslutta med gratulasjonar og helsingar frå inviterte gjester. Som det vart sagt av ein av dei inviterte gjestene frå eit anna stort kunnskapsmiljø:

- Nokre gonger er vi samarbeidspartar, andre gonger er vi konkurrentar, og slik skal det vere.

Det vanka gåver, handtrykk og gode helsingar.

Tor Myking løfta blikket mot framtida da han kvitterte ut dagen slik:

- Vi kan ikkje utvikle nye prosjekt og få hand om midlar i regionen utan også å vere regionalt plassert.

- Samtidig må vi utvikle kontaktflatene våre og utnytte faglege grenseflater internt for å endre oss i takt med tida.

Deretter trakk han trådane tilbake til fundamentet i NIBIO som eit solid utgangspunkt for vidare utvikling og konkurransekraft. Før han takka for frammøte og ønskte vel heim.

KONTAKTPERSON
Fakta

Det er 19 tilsette ved NIBIO sitt kontor i Bergen.

Alle NIBIOs fem fagdivisjonar er representert ved kontoret:

  • Matproduksjon og samfunn
  • Skog og utmark
  • Bioteknologi og plantehelse
  • Miljø og naturressursar
  • Kart og statistikk

Fride Høistad Schei: Skog i endring, hva har vi lært fra askeskuddsjuka? Foto: Kjersti Kildahl.
Ivar Gjerde: Skogbruk og miljøvern – skogforskningens rolle. Foto: Kjersti Kildahl.
Magne Sætersdal: Skogforskningens røtter i Vestland. Foto: Kjersti Kildahl.
Hans Geir Eiken: Molekylær økologi i miljø og landbruk. Foto: Kjersti Kildahl.
Nils Vagstad med Tor Myking og Heidi Knutsen. Foto: Kjersti Kildahl.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.