Hopp til hovedinnholdet

Kraftfôr eller grovfôr?

Kyr-Bondevennen1_beskj.jpg

Foto: Bondevennen.

Det er spørsmålet - saman med andre viktige tema - på Økonomidagane 2016. Seminaret vender seg spesielt til rekneskapsfolk og rådgjevarer innan landbruk.

Truleg er svaret på kraftfôr eller grovfôr ‘ja, takk begge deler.’ Spørsmålet er korleis ein skal vurdere dei ulike faktorane som spelar inn, og rekne på desse. Eit google-søk på kraftfôr, grovfôr og økonomi gir 4 500 treff. Fôringsøkonomi i mjølkeproduksjon er med andre ord eit omfattande tema.

Det er og mekaniseringsøkonomi. Her står vurderinga ofte mellom arbeidskraft kontra kapital, eller helse- og miljømessige faktorar mot nyinvesteringar.

 

Vil styrke rådgjevaren

Målet med Økonomidagane er å styrke rådgjevarrolla med auka kunnskap om relevante tema.

– Vi ønskjer å nå både dei som i dag er rådgjevarar, og rekneskapsførarar som ønskjer å tilby meir service enn kun rekneskapen til bonden, seier Jostein Vasseljen som er arrangementsansvarleg for NIBIO.

– Ofte er vegen kort mellom rekneskapsførar og rådgjevar. Rekneskapsføraren opparbeider seg mykje kunnskap som kan vere svært verdfull både i dagleg produksjon og i meir strategiske spørsmål, fortel han.

Da er det viktig å vere seg dei ulike rollene bevisst, og gjere nødvendige avklaringar for eit positivt samarbeid.

– Rådgjevaren har og ei viktig rolle som mentor for bonden, meiner Vasseljen. Med det meiner eg at den moderne bonde og er bedriftsleiar. Han eller ho treng da  kunnskap som gjer gardbrukaren fagleg trygg også som bedriftsleiar. 

Fagleg mangfald på programmet

Seminaret blir arrangert i samarbeid med Bondelaget, noko som gir programmet ein ekstra dimensjon med omsyn til val av faglege tema og problemstillingar.

– Vi ser fram til to dagar med fagleg breidde og interessante innlegg, seier Vasseljen vidare.

– Ikkje minst ønskjer vi dialogen velkommen. Noko av poenget med slike møteplassar er jo at utvekslinga mellom deltakarane må få rom til å utfalda seg.

Bondelaget og NIBIO ønskjer velkomen til Økonomidagane 2016: 20. - 21. oktober.

 

Foto: Bondevennen

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.