Hopp til hovedinnholdet

Korleis utnytte lengre grassesong?

Ingressbilde Holt_cropped.jpg

Foto: NIBIO.

Klimaendringane fører til lengre vekstsesong. Men korleis skal du utnytte etterveksten der du ikkje har beitedyr?

I det meste av landet har graset ei veke eller to ekstra å vokse på om sommaren. Deler av Austlandet og Møre har tre veker lengre sesong. Der det i Nord-Noreg tidlegare var ein og ein halv slått, kan det nå bli aktuelt å ta to fulle slåttar.

Det gir potensial for auka fôrproduksjon. Samtidig er det vanskeleg å veta om du skal slå ein gong ekstra eller pusse av enga seint på hausten – utan at det går ut over vinteren og neste vekstsesong.

 

Mange svar

– Vi veit jo frå tidlegare haustingsforsøk at det å hauste graset midt i herdingsperioden for vinteren, er det verste du kunne gjera med tanke på overvintring. I nord har det brukt å vera i siste halvdelen av september og utover. Kva som skjer nå som haustane er vorte varmare, veit vi ikkje heilt, seier Marit Jørgensen. Ho er forskar ved NIBIO og er i gang med eit prosjekt for å finne svara.

Det er nemleg ikkje tale om berre eitt einaste svar. Forskjellane er store frå landsdel til landsdel og frå år til år. I år er til dømes ikkje varm sommar noko problem i det heile.

marit jørgensen 2.jpg
Marit Jørgensen leiar prosjektet for å sjå på korleis etterveksten skal utnyttast når hausten er varmare og våtare. Foto: NIBIO.

Kva med etterveksten?

– I fjor, derimot, var det ein kjempesommar. Timoteien her skaut til dømes to gongar, fortel Jørgensen, som arbeider på Holt i Tromsø til dagleg.

– Vanlegvis ville vi ha teke sisteslåtten i slutten av august. Kva gjer eg da med etterveksten? Må vi hauste han? Er det negativt for overvintringa om vi ikkje gjer det? Og om vi vel å hauste han – kor mykje er det vi kan ta, og kor mykje er den verdt? spør ho. Står det att mykje over vinteren, kan òg problema med snømugg auke.

I prosjektet skal NIBIO-forskarane prøve å hauste etterveksten på ulike tidspunkt og på felt spreidde rundt i landet frå Tana i nord til Fjaler og Øystre Slidre i sør.

 

Timotei og raigras

– Vi har konsentrert oss om frøblandingar med timotei i nord og i fjellet. Men på Vestlandet og i Trøndelag har vi òg felt med fleirårig raigras. Det er ein art som veks veldig godt utover hausten berre det er temperatur for det, samtidig som han er mindre hardfør om vinteren, forklarer Jørgensen.

slått høyvender.jpg
Klimaendringar gir lengre vekstsesong med potensial for auka fôrproduksjon. Foto: Jon Schärer.

La stå

I nokre tilfelle kan det vera slik at det er best å la det ekstra graset stå.

– For bonden vil det truleg vera slik at om du til dømes får to fulle slåtter her nordpå, blir det ganske mykje heft om du må utpå att om hausten, og det er ikkje sikkert verdien på etterveksten er så stor at det er verdt det, seier ho.

 

Overvintring

Det er nemleg òg viktig at graset har store nok blad om hausten til at det klarer overvintringa. Det er mens det framleis er sollys, at graset lagrar sukker og opplagsnæring og gjer seg klart for vinteren.

– Om du da haustar på det stadiet, vil graset bruke energien til å vekse i staden for at det lagrar det som skal til av næringsstoff for at det skal klare vinteren, seier Marit Jørgensen.

Med andre ord: Om ein ekstra slått gir større avling i år, kan han øydelegge desto meir neste år.

Sidan vêret varierer meir enn før frå år til år, kjem den nye forskinga til å gje resultat som kan brukast nokre år, mens andre år er slike at det er best for bonden å gjera som tidlegare.

Prosjektfakta

Forvalting av ettervekst i eng i varmare og våtare haustmånadar.

Prosjekt for å få fram kunnskap som gir grunnlag for rådgjeving om korleis auka produksjon i haustmånadane skal forvaltast for betre og sikrare grovfôravlingar.

Prosjektleiar: Marit Jørgensen, NIBIO.

Støtta av Klima og miljøprogrammet fra Landbruksdirektoratet og Fylkesmannens Landbruksavdelinger i Troms og Finnmark

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.