Kartlegg fisk med straum

atj-20181015-104409_cropped

Fisk som er 20-30 cm unna hoven svimar av på grunn av straumen. Etter om lag eitt minutt kviknar han til igjen. Foto: Anette Tjomsland.

Når nye vegar eller jernbaneliner blir bygde, er det nokre som jobbar hardt for å passe på at naturen i området ikkje blir skadelidande. Ein av metodane som blir brukt er elfiske.

I ein bekk i ein skog i Bærum står Johanna Skrutvold, rådgjevar og naturforvaltar i Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Med ei bøtte i handa er ho klar til å ta i mot fisk som Ingar Aasestad, naturforvaltar i Naturplan, fangar med elfiskeapparatet. NIBIO er ute på oppdrag for Statens vegvesen region Aust, for å gjere forundersøkingar i vassdrag som kan bli påverka av den nye vegutbygginga, E16 Bjørum-Skaret.

Aasestad er leigd inn som konsulent av NIBIO. No fører han ein håv rundt i vatnet. Kanten på håven sender ut straum. Plutseleg flyt det opp ein fisk i vatnet ved sida av, og han fangar den med håven.

- Fisken svimar av på grunn av straumen, forklarar Skrutvold. Ho forsikrar om at metoden er godkjend av Mattilsynet og at den ikkje gir fisken særleg stort ubehag.

Metoden gjer det enkelt å fange mange fisk på kort tid.

- Dei blir slappe i om lag eit minutt, men nokre kviknar til att nesten med ein gong. Straumen lammar fisk som er om lag 20-30 cm unna apparatet, seier Aasestad.

- Fisk som er lengre unna vil faktisk symje mot straumkjelda inntil dei blir paralysert.

atj-20181015-101425
På apparatet, som Ingar Aasestad har på ryggen, står det «Høgspenning, livsfare». Men det er ikkje så dramatisk som det kan sjå ut som. For å føre straum ut i vatnet må han ha fingeren på ein daudmannsknapp på hoven. Med ein gong han slepp knappen blir straumen slått av. Foto: Anette Tjomsland.

Sjøaure på veg til Oslofjorden

Fiskarane går lenger opp i bekken, og får etter kvart ein heil del småfisk i bøtta.

- Dette er sjøaure som er sett ut her, så tettleiken er kunstig høg.. Desse fiskane endar etter kvart opp i Sandvikselva, som er den viktigaste rekrutteringselva for sjøaure i indre Oslofjord, forklarer Aasestad.

Før fisken endar opp i sjøen ved Sandvika, må han symje gjennom område som kan bli påverka av vegutbygginga. Både Rustanbekken og Isielva kan bli påverka av Bjørum-Skaret-utbygginga. Desse vassdraga er viktige lokalitetar for utsett og, lengre ned, naturleg rekruttert yngel av sjøaure og laks.

- I dag undersøkjer vi fleire tilløp til Rustanbekken og Isielva, seier Skrutvold.

Prosjektleiar Roger Roseth i NIBIO forklarar at dei ønskjer å finne ut om tilløpsbekkane er fiskeførande, slik at ein kan ta omsyn til fisken i planane for bygging og drift av den nye vegen.  

- Det er viktig å vite om det er fisk i bekkane og kva slags levekår dei har i dag. Fisken i dei fiskeførande bekkane må sikrast vandringsveg opp og ned til Rustanbekken, som er hovudvassdraget for fisken. Om alt går gale, så har vi ein fiskereserve i sidebekkane som kan kome ned og laga ein ny fiskebestand i Rustanbekken, seier Roseth.

Han forklarar at ein må bruke vandringstilpassa rør for fisk under den nye vegen, slik at dei kan vandre fritt mellom tilløpsbekkene og Rustanbekken.

atj-20181015-110210
Etter at fiskane er talt, målt og sloppen fri er det tid for å måle opp strekket dei har fiska frå. Foto: Anette Tjomsland.

Som å ta på eit straumgjerde

På apparatet, som Aasestad ber på ryggen, står det «Høgspenning, livsfare». Men det er ikkje så dramatisk som det kan sjå ut som. Han forklarar at dette apparatet sender ut anten 700 eller 1400 volt. Til samanlikning  er det 220 volt i stikkontaktar. Sjølv om spenninga målt i volt er høg, er straumstyrken målt i ampere lav. Volt beteiknar maksimal tilgjengeleg straumstyrke, medan ampere er målet på den faktiske straumstyrken som blir brukt.

- Vi brukar alltid lågast mogleg straum for å skåne fisken, men om vatnet er ionefattig , leier det straum dårleg. Då må vi bruke meir.

For å føre straum ut i vatnet må han ha fingeren på ein daudmannsknapp på håven. Med ein gong han slepp knappen, blir straumen slått av.

- Det kjennest som å ta på eit straumgjerde om eg tek i vatnet, seier han.

- Det er viktig å ha god kommunikasjon med den som held apparatet. Eg forsikrar meg alltid om at apparatet er av før eg tek i vatnet etter fisk, seier Skrutvold.

atj-20181015-123627
Under denne sterkt trafikkerte brua finn Skrutvold og Aasestad mykje gyteklar bekkaure. Foto: Anette Tjomsland.

Gyteklar bekkaure under sterkt trafikkert bru

Litt høgare opp, i eit område kalla Tjernslibekken, finn dei gyteklar aure. Her er det masse fisk, og dei er mykje større enn dei små som lever i bekken inne i skogen. Dette kan både vere aure som lever i bekken heile livet eller fisk på gytevandring frå eit tjørn lenger oppe. Dei oppheld seg under ei sterkt trafikkert bru. Trailarane dundrar over brua stadig vekk.

Fleire av fiskane under brua er opp mot 30 cm lange.

- Sjå, dei har mjølke! seier Aasestad og pressar ut kvit væske frå buken til ein fisk han nett har målt. -

- Hannen står her no, og ventar på hoene.

Etter at dei har fiska over eit strekk på om lag 30 meter er det tid for å telle og måle alle fiskane. Deretter repeterer dei heile prosedyren to gonger til langs det same strekket.

Men korleis veit dei at dei har fanga all fisken?

- Vi har ein statistisk formel som vi brukar for å rekne ut omtrent kor mange fisk det er som slapp unna elfiskeapparatet, forklarar Aasestad.

Til sist går dei gjennom eit skjema for rapportering.

- Vi vurderer kvaliteten på habitatet, altså korleis tilhøva er der fisken lever. Det vi ser etter er mellom anna tilgang på skjulestader for ungfisk, tettleik av fisk, og årsyngel – det vil seie kor mange som er født i år versus tidlegare år, seier Skrutvold.

P1000892_Ingar Aasestad (1)
Føremålet med elfiske er å registrera kor mange fisk som lev i eit vassdrag, og kva for levevilkår dei har. Her er fisk fotografert nett etter at den er talt og målt og i ferd med å få fridomen tilbake. Foto: Ingar Aasestad.

 

KONTAKTPERSON
Om elfiske

Elfiske er vanleg innan naturforvalting. Fisken blir for ei kort stund paralysert med straum, deretter tald, målt, og til sist sloppen fri igjen. Føremålet er å registrere kor mange fisk som lever i eit vassdrag, og kva for levekår dei har. Dette blir mellom anna gjort før, under og etter bygging av større samferdselsprosjekt for å overvake fiskebestanden i vassdrag som kan bli påverka av slike store inngrep i naturen.   

Før fiskane får fridomen tilbake blir dei talt og målt. Foto: Anette Tjomsland.
Om kartlegginga

Ny E16 Bjørum‐Skaret omfattar strekninga frå Bjørum sag i Bærum kommune og over Sollihøgda, til Skaret i Hole kommune.

NIBIO er leigd inn av Statens vegvesen region Aust for å kartlegge biologiske verdiar og vasskvalitet  i området.

Kartlegginga vert brukt til å vurdere dei eventuelle endringane i biologi og vasskvalitet under anleggsfasen, og til å evaluere om vatna og vassdraga kjem tilbake til opphaveleg tilstand og status, eller vert forbetra, når vegen er ferdig bygd.

Undersøkingane skal vurdere den økologiske og kjemiske tilstanden basert på krav i Forskrift om rammer for vassforvalting (vassforskrifta),  Noregs oppfylging av EUs vassdirektiv. Direktivet frå EU har som hovudmål å sikre vern og berekraftig bruk av vassmiljøet, og om naudsynt sette i verk førebyggande eller forbetrande miljøtiltak for å sikre  miljøtilstanden i ferskvatn, grunnvatn og kystvatn.

I tillegg til elfiske utfører NIBIO ei rekkje andre undersøkingar i området. Prosjektleiar Roger Roseth i NIBIO fortel.

- Vi har mellom anna ei miljøbøye i Holsfjorden, som er eit svært viktig drikkevatn som snart vil dekkje heile Bærum og Oslo.

Ei miljøbøye er ein flytande automatisk målestasjon, som til dømes måler kor mykje partiklar det er i vatnet, også kalla turbiditet. Når arbeidet med vegen startar, vil det gå ein alarm direkte til kontaktpersonar i Statens vegvesen, dersom turbiditeten blir for høg. Då må arbeidet stansast til dei får kontroll på situasjonen.

- Vi har og automatiske målarar i Isielva og Rustanbekken. Ein av dei er ein heilt ny og interessant sensor med optiske målingar av nitrat, som vi er dei første i Noreg til å ta i bruk. Det er mykje nitrat i vatn som kjem frå sprengingsområde, så dette er det viktig å følgje med på. Elles tek vi mykje biologiske prøver av fisk, algar, botndyr og vatn, seier Roseth.

NIBIO overvaker miljøtilstanden langs mange samferdselsprosjekt. Andre aktuelle vegprosjekt er: E18 Lysaker – Sandvika, E18 Retvet – Vinterbro, E16 Eggemoen – Olum, E18 Bommestad – Sky med lokalvegsystem Larvik, Rv4 Roa – Lygnebakken og Rv4 Gran – Jaren. Aktuelle jernbaneprosjekter: Follobana og nytt dobbeltspor Nykirke – Barkåker. NIBIO overvaker òg miljøtilstanden i elvar som renn frå flyplassar, t.d. Torp flyplass.

Fleire automatiske målestasjonar analyserer pH, turbiditet (partiklar i vatnet), leiingsevne (ioner i vatn), temperatur og vasshøgde. Denne stasjonen i Isielva analyserer også nitratavrenning. Foto: Anette Tjomsland.
Gyteklar bekkaure. Foto: Anette Tjomsland.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.