Fruktbart samarbeid med India

DSC_7884_Cropped2.jpg

Foto: Ernst Olsen, Hardanger Folkeblad.

Den indiske ambassadøren i Noreg, Norman Anil Kumar Browne, vitja sist veke NIBIO Ullensvang. Ambassadøren ville læra meir om NIBIO sitt forskingsarbeid og tette samarbeid med fruktdyrkingsmiljøet.

- Me dyrkar eple heilt nord i India, men elles er mango den viktigaste frukta, fortale Ambassadør Brown.

Forskarane Eivind Vangdal og Mekjell Meland, fortalde om forskingsverksemda ved NIBIO på Lofthus. Ambassadøren fekk ei kort omvising i forskingsfelt og laboratorium før besøket vart avslutta med siderforsking og -smaking.

- Kvar siderprodusent har sin smak, farge og styrke på sideren. Me undersøkjer korleis eplesortar, gjærtypar og produksjonsmetode påvirkar sideren og har eit tett samarbeid med næringa i alt me gjer, seier forskar Eivind Vangdal.

Ambassadør Brown var imponert over korleis det norske landbruket tek vare på miljøet og ressursane. Han sa vidare at India var interessert i meir samarbeid om forskings- og utviklingsarbeid i landbruket.

- Vil det vere interessant for NIBIO å ha eit tettare samarbeid om utviklingsarbeid i innan frukt, spurde Ambassadøren.

Svaret frå forskarane var eintydig ja.

Sjølv om klima og fruktslag er ulikt i dei to landa, er samarbeid om til dømes varslingsmodellar svært interessant.

DSC_7897_Cropped.jpg
Begge foto: Ernst Olsen, Hardanger Folkeblad.

 

 

KONTAKTPERSON

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.