Ferske grønsakskart på NIBIOs kartteneste

DSCF2425

I dag skal plasten av. God temperatur og væte i vente på Brunlanes ved Nevlunghavn, Vestfold. Foto: Kjersti Kildahl.

Nytt grønsakskart på kilden.nibio.no gir betre informasjon om lokale tilhøve innanfor små geografiske område. No blir det lettare å sjå kva jorda er best eigna til med omsyn til vekstar og økonomi.

Grønsakskart fortel kva som er spesielt der Jordkvalitetskart viser kva som gjeld generelt. Slik kan det eine kartet om jordsmonn bli utfylt av det andre.

I kartet Jordkvalitet er til dømes jorda på Brunlanes i Vestfold klassifisert til lågare verdi fordi ho er sandrik, tørkesvak og ugunstig for kornproduksjon. 

Med god tilgang på vatn og dyrking av tidlegkulturar er svaret eit anna. Den fine sandjorda i kanten av det store raet er perfekt for gulrot, løk, blomkål, beter og purre – for å nemne nokre.  

DSCF2396
Dekar etter dekar med gulrot på Brunlanes ved Nevlunghavn, Vestfold. Foto. Kjersti Kildahl.

God agronomi er god økonomi 

Jordkartleggjar og avdelingsleiar Siri Svendgård-Stokke i NIBIO forklarer:

- Karta om Jordkvalitet er basert på generell agronomisk bruk. Dei gir oversikt, og blir brukt eksempelvis i arealplansaker der jordkvalitet på ulike areal skal vurderast mot kvarandre.  

Men karta gir ikkje informasjon om heilt lokale forhold og variasjon. Mange vil seie at dette veit bonden best sjølv, og det gjer han - eller ho.  For at andre skal få del i kunnskapen, må informasjonen gjerast tilgjengeleg.

- Derfor har NIBIO i samarbeid med Norsk landbruksrådgivning (NLR) utarbeidd Grønsakskart som eit supplement til dei overordna Jordkvalitetskarta.  

- Vi såg behovet for informasjon om lokale tilhøve innanfor geografisk mindre område, og om kva jorda der er best eigna til med omsyn til vekstar og økonomi.  

Foreløpig er det kun laga ein prototyp for Vestfold. Planen er å utvida med kart for fleire fylke i ein oppdatert versjon i løpet av året. 

DSCF2314
Gulrotprodusent Sverre Øyen i Lågendalen i prat med NLR-rådgjevar Torgeir Tajet. Foto: Kjersti Kildahl.

Viktig for vekstskifte 

Ein som kjenner Grønsakskarta godt, er rådgjevar Torgeir Tajet i NLR. 

- I mitt arbeid brukar eg ofte karta når eg får spørsmål frå ein bonde som treng ny leigejord. Det er spesielt aktuelt for dei som har store produksjonar og som treng tilleggsareal for eit godt vekstskifte.   

- I Grønsakskartet finn eg areal, helst i nærleiken, med dei eigenskapane som passar for ‘min’ bonde sitt føremål. 

I ei tid med auka etterspurnad etter leigejord er dette ein type bruk Tajet trur det vil bli meir av. Det viser samtidig at kartet er relevant for andre delar av landet med mykje jordbruksareal. 

SnipImage
Egnethetskart for gulrot - Nevlunghavn, Vestfold. Kilde: kilden.nibio.no

Nytte utover matproduksjon 

Nokre av landets beste område for dyrking av grønsaker er også landets tettast befolka. Det gir utfordringar med omsyn til jordvern. 

Tajet fortel at i omdisponeringssaker er det nyttig å dokumentere verdien av eit areal. Ved å kople informasjonen om kva jorda er eigna til, saman med økonomisk resultat, blir verdien av jorda synleg.  

- På tilsvarande måte har eg vore med å bruke Grønsakskarta i erstatningssaker, og ved vurdering av kva jord som skal prioriterast innanfor eit gitt område. Slik har karta ein samfunnsverdi som går lenger enn agronomi og jordkvalitet. 

I det store bildet handlar det om å ta vare på grunnlaget for variert matproduksjon i Noreg sett under eitt.  

 

Fornying i vente 

Den oppdaterte versjonen av Grønsakskart vil vere meir fleksibel enn første versjon, og open for at brukaren av tenesta kan velje vekk eller legge til lag av informasjon. Verdata vil og vere meir detaljerte enn i dagens. 

KONTAKTPERSON
Fakta

I Vestfold ligg nokre av Noregs beste område for grønsaksproduksjon. Dei ligg gjerne på areal som vurdert etter  jordkvalitet aleine, ikkje kan bere nødvendige økonomiske investeringar til å kaste av seg.  Men fordi jorda er porøs, blir lett varm og lett tørr, og ofte ligg lunt til, er ho ideell for enkelte spesialproduksjonar.  Det krev ‘berre’ vatn og tett oppfølging av bonden, så blir det både berekraftig økonomi og prima matproduksjon.

Tidligprodusent Fredrik Bakke med gulrot så langt ho var komen tidleg i mai . Foto: Kjersti Kildahl.
Kommunikasjonsrådgjevar Kjersti Kildahl prøvesmakar gulrot på Brunlanes. Foto: Torgeir Tajet.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.