Hopp til hovedinnholdet

Fagleg avslutning av eplesesongen

DA-meter.jpg

DA-meter. Foto: Eivind Vangdal.

Dei seine eplesortane er snart kome på lager, og det er tid til fagleg påfyll for fruktdyrkarar og andre med epleinteresse. Den 14. oktober er det høve til å høyre om og smake på nye eplesortar og sider. Eplekvalitet og kvantitet frå jord til bord vil vere tema på årets markdag på NIBIO Ullensvang.

Store eple har prega årets sesong, men slik var det ikkje i fjor. For å finne sortar som kan levere stabile resultat i Noreg, om det gjeld avling, kvalitet, dyrkingseigenskapar, farge eller smak, må utprøvinga gå over fleire år. På NIBIO Ullensvang vert difor kvar sort vurdert i 5-7 år.

I den norske hovudsorten Aroma  har det med åra oppstått mange fargemutantar. NIBIO Ullensvang har gjort dokumentasjon av mange av desse sidan 1991.

- Diskusjon om fargedekking og fargestabilitet i dei mest nytta Aromamutandane har kome opp på nytt dei siste åra. Eg vil, i tillegg til resultat frå sortsprøvinga, presentere resultat frå prøvinga av Aromakloner, seier rådgivar Oddmund Frøynes.

 

Sider ny næring

Etter at lovverket opna for gardssal av alkoholhaldig sider har produksjonen i Hardanger auka. Sidersmaken er mangfaldig, både eplesortar og gjærtype er avgjerande.

-  NIBIO Ullensvang har over fleire år arbeidd med å utvikle den typisk norske sideren. Sortar er viktige, og både nye og gamle sortar er testa i sideren. Likeeins har villgjær og den typiske kjøpegjæren effekt på smaken. Resultat frå siderforskinga er mitt bidrag på markdagen i år, fortel Eivind Vangdal, forskar på NIBIO Ullensvang.

 

Høg kvalitet frå jord til bord

Skal det verte pengar i fruktdyrkarkassen må både kvaliteten og kvantiteten av eple vere god heilt fram til butikk.

- Det er for lite norske eple på den norske marknaden, å auke volumet er ei viktig oppgåve også for forskinga. I prosjektet Presieple er målet å optimalisere næringstilførsel og avlingsregulering for å oppnå høge og sikre avlingar kvart år. Prosjektet vil verte presentert på markdagen, fortel prosjektleiar Mekjell Meland.

- Svinnet er for stort under pakking og lagring i dag. Noko av årsakene kan sporast tilbake til frukthagen, andre har utspring i pakking og lagring. Å finne årsaker og tiltak, og så formidle det til fruktdyrkar og fruktlager er viktig. Eg vil nytte markdagen til å formidle resultat som på sikt kan redusere svinn i eple, seier forskar Jorunn Børve.

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.