’Asker’ bringebær - på torvet i Kristiania
Bringebærsorten 'Asker' har sidan den kom til landet for om lag 125 år sidan vore kjent for god smak. Sorten er framleis aktuell til privathagar på grunn av god smak og vinterherdige planter.
'Asker' vert og aktivt brukt som foreldresort i norsk sortsforedling, særleg fordi den har resistens mot sjukdomen raud rotròte. 'Asker' er identisk med den tyske sorten 'Winkler's Sämling'.
"Askerbringebær. Med dette navn vil jeg foreløpig betegne en sort, som har været dyrket i en aarrekke paa østlandet under forskjellige navn." Slik startar omtalen av 'Asker' i ein artikkel av professor H.H. Gran i Norsk havetidende i 1911. Sorten vart raskt hovudsort i Asker, der det var omfattande dyrking av bringebær for sal på torg i Kristiania. Det er bakgrunnen for namnet.
Høiere pris i Kristiania
I Norsk Havetidende 1917 skriv professor Gran om 'Asker': "Denne sort har i Kristiania omegn fortrængt alle andre. ... Bærene faar paa grund av sit vakre utseende høiere pris i Kristiania end de andre sorter. ... som dessertfrugt er den uovervindelig ..." Ifølge professor Gran vart sorten innført til Noreg i midten av 1880-åra frå N. P. Jensen i Ramløsa, under navnet "Surpasse Fastolf". Den vart seld under namnet "Fastolf II" eller "Fastolf fra Hedemarken" av Den norske planteskole og under namnet "Paragon" av I. Olsens Enke. Professor Gran fann at den skilde seg mykje frå både 'Fastolf' og 'Paragon', men at den derimot likna mykje på 'Baumforth's Seedling'. Den var derfor sendt ut frå "Havedyrkningens Venner" under dette namnet frå 1910.
'Asker' = 'Winkler's Sämling'
I ein artikkel i Frukt og Bær 1959 skriv Magne Heggli om 'Asker': "Synonym: Winkler's Sämling, spredd i Tyskland av Winkler i 1900." Korleis koplinga til 'Winkler's Sämling' har oppstått skriv han ikkje noko om. Dei to sortane vart planta i samanliknande forsøk på Njøs 1995 for å finne ut om det var same sort. Dei var då identiske i undersøkte morfologiske karakterar, med unntak av noko lengre skot og større blad hos Asker. Denne vesle skilnaden kunne forklarast med at plantene av Asker var frå virusrensa materiale.
Undersøkt med DNA-analyse
I 1996 vart det sendt materiale av dei to sortane til SLU Balsgård i Sverige for DNA fingerprinting. Konklusjonen var at 'Asker' har sitt opphav i 'Winkler's Sämling' gjennom vegetativ formeiring, dvs. at det er same sort. Eit mindre avvik ved DNA-analysen (eitt ekstra band hos 'Asker') kunne forklarast enten ved at det har skjedd ein liten mutasjon i 'Asker' eller ved at plantene av 'Winkler's Sämling' var infisert med virus.
Velsmakande
Planter av 'Asker' produserar mange, relativt korte og rikeleg torna skot. Bæra er lyst raude, runde, små og nokså mjuke med svært god smak. Sorten er berre middels produktiv. 'Asker' har heilt ut på 1990-talet vore dyrka på Austlandet i begrensa omfang til friskkonsum. Men den formidable auken vi har sett i dyrking av bringebær for friskkonsum dei siste åra er basert på den skotske sorten 'Glen Ample'. Det er ein tornfri sort som er atskillig meir produktiv enn 'Asker' og har betydeleg større og, ikkje minst, fastare bær. Smaksmessig kan nok 'Asker' framleis konkurrere.
Gener frå 'Asker' til nye sortar
'Asker' er brukt ein del som foreldresort i norsk bringebærforedling. Dei norske sortane 'Hitra', 'Stiora' og 'Tambar' som vart lanserte i 1999 har alle 'Asker' i stamtavla. Det er særleg tre karakterar hos sorten som gjer den interessant for bruk i sortsutvikling også i dag; god smak, vinterherdigheit og resistens mot sjukdomen raud rotròte (Phytophthora rubi).
Denne sjukdomen var først identifisert i Nord-Amerika og vart eit problem i fleire europeiske land (inkludert Noreg) på 1980-talet. Berre eit fåtal bringebærsortar synte seg å ha reistens mot sjukdomen, dei nordamerikanske sortane 'Latham' og 'Newburgh' og dei europeiske sortane 'Winkler's Sämling' og 'Autumn Bliss'. I eit forsøk på Njøs tidleg på 1990-talet vart fleire sortar testa med smitte av denne soppen.
Kjelde for resistens
Det synte seg at 'Asker' var resistent, og ein hadde då von om at det var funne ei ny resistenskjelde. Men så synte det seg altså at 'Asker' er same sorten som 'Winkler's Sämling'. Resistensen frå 'Asker' har vore undersøkt nærare i eit større prosjekt leia av NIBIO, på Phythophthora-sjukdomar i jordbær og bringebær. Her vart 'Asker' kryssa med 'Glen Moy' (svært mottakelig for rotròte) brukt som kartleggingsfamilie.
Mottakelegheit for eller resistens mot sjukdomen vart kartlagt av Graminor AS gjennom dyrking av planter frå kartleggingsfamilien og foreldresortane i vasskultur, der dei vart smitta med sporar av soppen. Resultat frå desse forsøka vart så samanhelde med DNA-analysar ved NIBIO. Hensikten var å finne ut meir om korleis resistensen frå 'Asker' vert nedarva og å prøve finne genmarkørar som kan brukast som verkty i foredlinga for resistente sortar.
Det vart òg samarbeidd med Scottish Crop Research Institute som har arbeidd med ein tilsvarande kartleggingsfamilie frå 'Glen Moy' kryssa med 'Latham'. Ein Vi vona då å finne ut om resistensen frå 'Asker' verkeleg er forskjellig frå resistensen frå 'Latham'.
Litteratur:
Heiberg, N. 1995. Resistance to raspberry root rot (Phytophthora fragariae var. rubi) in red raspberry cultivars. Norw. J. Agr. Sci. 9:41-47.
Heiberg, N., G. Werlemark & H. Nybom 1999. Two Phytophthora-resistant raspberry cvs. prove to be almost identical with DNA-fingerprinting. Gartenbauwissenschaft 64:138-140.
KONTAKTPERSON
Om artikkelen
I Kulturminneåret 2009 inviterte Norsk genressurssenter et utvalg av sine samarbeidspartnere til å velge en spesiell kulturminneplante og skrive en tekst om denne til spalten "Ukas kulturminneplante". Tekstene ble hentet frem og publisert på nytt på nibio.no i 2020
Forfatteren:
Dag Røen arbeider med sortsutvikling i bringebær og eple i Graminor AS og med næringsutvikling ved Njøs frukt- og bærsenter på Leikanger i Sogn og Fjordane. På Njøs er det store sortssamlingar av frukt og bær som vert bevart i samarbeid med Norsk genressurssenter.