Ramsløk - vår viltveksande kvitløk
Ramsløk har liknande innhaldstoff som kvitløk, og har mykje same bruksområde, både i mat og til medisinsk bruk.
Ramsløk (Allium ursinum) veks i næringsrik moldjord i skuggefull lauvskog. Dersom ramsløk trivst i eit område finst den ofte i store mengder.
Ramsløk er vanleg i midtre del av Europa. I Norge finn vi den langs kysten nord til Nord-Trøndelag. I Sverige er den sjelden og i Finland skal den veksa berre på Åland. Kjem ein så langt sør som til middelhavslanda finn ein svært lite av den.
Liljekonvall med løklukt
Ramsløk er svært ulik dei andre nordiske artane av løkslekta som høyrer til liljefamilien. Den har ein lang og smal løk. Det eigentlege opplagsorganet er basaldelen av eit blad som var i funksjon året før. Blada kan minna om blada på liljekonvall. Men løklukta skulle vera sikkert tegn på at det er ramsløk. Dei stjerneforma kvite blomstrane er samla i ein stor, rund skjerm i toppen av ein trekantet stengel. Plantene blir om lag 30 cm høge, og blomstrar i mai-juni. Seinare på sommaren visnar plantene ned, og dei kan då vera vanskelege å finna.
Mange gards og stadnavn er oppkalla etter planten som t.d. Ramstad, Ramsåsen, Ramsund og Ramsdal.
Vikingane sin løk?
Det er mykje truleg at ramsløk vart nytta i husholdningane i Norge i fortida. Kan dette vera vikingane sin løk? Dette kan vi ikkje slå fast for sikkert, men dette var ein plante som det fanst rikeleg tilgang på langs kysten i Sør-Norge. Ramsløk vart i Norge brukt som middel mot mark hos menneske, og avkok vart gitt som middel mot innvollsorm hos geit.
Både i Europa og Asia har ramsløk vorte brukt ved revmatiske smerter, astma, fordøyelseproblem og høgt blodtrykk. Under første verdenskrig vart store mengder ramsløk brukt som antiseptisk middel i Storbritannia.
Bruk i dag
Der ein hadde ramsløk i beite var dette rekna som uheldig fordi plantene ga løksmak på mjølka. I våre dagar er denne planta vorte meir populær fordi smaken av løk/kvitløk kan nyttast ut i moderne matlaging.
Fleire firma i Hordaland og Rogaland lagar no Pesto av ramsløkblad, salt og olje. Dette produktet kan brukast ved sida av kjøt, som tilsetting i rømmedressing, smør og ost. Opphakka blad kan brukast i salatar, og som krydder til kjøtrettar, men ein bør bruka blada før blomstring. Alle delane av planta kan elles brukast som smaktilsetting på førsommaren. Nokre planteskular sel planter av ramsløk.
Ny dyrking av ramsløk?
NIBIO og Nofima Mat saman med fleire, har prøvd ut bruk av urter i spekepølse, der ramsløk var ein av urtene som vart brukt. Til no har den ramsløken som har vore nytta i ulike produkt vorte hausta rett frå naturen. NIBIO har også undersøkt om vi kan dyrka ramsløk som grønsak slik at ein kan verna ville bestand. Mange spørsmål må avklarast, men ein veit at ramsløk finst i privathagar sjølv langt nord i landet.
I NIBIO har vi samla inn klonar frå ulike distrikt langs kysten og granska om det er skilnad på desse.
KONTAKTPERSON
Om artikkelen
I Kulturminneåret 2009 inviterte Norsk genressurssenter et utvalg av sine samarbeidspartnere til å velge en spesiell kulturminneplante og skrive en tekst om denne til spalten "Ukas kulturminneplante". Tekstene ble hentet frem og publisert på nytt på nibio.no i 2020
Forfatteren:
Gunhild Børtnes er pensjonist, men arbeidde tidlegare som forskar ved NIBIO Apelsvoll, blant anna med urter som krydder og medisinplanter. Formåla har vore å undersøke eigenskapar og moglegheiter for dyrking og produksjon av genotypar av planter frå norsk flora. Ved NIBIO Apelsvoll er det samlingar av fleire slike artar som er samla frå norsk natur, til dømes karve, rosenrot, bergmynte, humle og kvann. Desse samlingane er ein del av Genressurssenteret sitt nett av feltgenbankar.
Ramsløkvettreglene
1) Plukk ramsløk greit på Vestlandet, Sørvestlandet og Sørlandet. Der er det rikelig av den.
2) Plukker du på Østlandet, Nordvestlandet og i Trøndelag og nordover, la små bestander stå i fred, og vær forsiktig - ramsløk er ikke vanlig i øst, nordvest og nordover.
3) Se etter at det ikke er fredet. Står det fredningsskilt er det forbudt å plukke ramsløk, som alle andre planter og trær i fredningsområdet. Sjekk uansett om det er fredet, hvor enn du har tenkt å plukke.
4) Respekter innmark, og spesielt mark rundt hus. Noen kan ha plantet ramsløk der, den kan du ikke plukke. Spør alltid grunneier om lov om du vil plukke nær hus.
5) La det alltid stå noen planter igjen, sjøl om du plukker i ei rik li med ramsløk på Vestlandet.
6) Ikke dra opp plantene med løk og rot. Det er bladene som smaker.
7) Er det andre som allerede plukker der, finn et annet sted. Da begrenses også beskatningen på området.
8) Ikke plukk mer enn du trenger.
9) Trå forsiktig, ramsløk vokser ofte i slitesvak skogbunn.
10) Lær forskjellen på ramsløk og liljekonvall
Disse vettreglene er utarbeidet av botanikeren Klaus Høiland og trykket i KVANNs siste Nyhetsbrev. KVANN (Kunnskap og Vern av Nytteplanter i Norge) er en nasjonal interesseorganisasjon for bevaring av plantemangfold
KONTAKTPERSON
Publikasjoner
Authors
Mette ThomsenAbstract
Det er ikke registrert sammendrag