Plantesjukdom spreier seg under vatn

Ålegras er ein undervannsplante som skaper viktige leveområde for livet i havet. Ålegraset veks langs heile norskekysten, men  er i tilbakegang av fleire årsaker. Bli med når forskarane undersøker helsetilstanden til fjordens eigne enger.

PUBLISERT: 18.10.2024 Tekst og foto*: Silje Kvist Simonsen

Ålegras (Zostera marina) er ein fleirårig plante. Dei grøne blada kan bli opptil to meter lange, og planten kan danne store marine enger. Desse engene er viktige økosystem for mange små og større marine arter, og kan mellom anna vera oppvekstplass for torskeyngel. I tillegg til å vera eit viktig leveområde kan ålegrasenger binde karbon i røtene og bidra til å stabilisera sedimentet på havbotnen.

  • Men ålegraset i Oslofjorden er i tilbakegang.
  • Fysiske inngrep i strandsona, overfiske, overgjødsling og framvekst av trådalger («lurv») er nokre av utfordringane.
  • For å hjelpe ålegraset vert det utført restaureringar, som inneber å etablerea nye enger ved å flytte ålegrasplantar frå eksisterande enger (donorenger) til nye område.
  • Då er det viktig at plantane i donorengene er friske.

 

 

 

 

 

For å undersøke helsetilstanden til ålegras i Oslofjorden har Norsk institutt for vannforskning (NIVA) alliert seg med Martin Pettersson i NIBIO. Pettersson forskar på plantesjukdommar, og er ekspert på ei gruppe soppliknande organismar, oomyceter.

– Desse organismane kan gi alvorlege plantesjukdommar, både på land og i sjø, forklarer han.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

– Oomyceter frå to slekter, Phytophthora og Halophytophthora, har blitt påvist i ålegras i Noreg.

Phytophthora  er mest kjend som ein skadegjerar på tre og buskar, kor den angrip rotsystemet og kan gi store øydeleggingar. Namnet kjem frå gresk og betyr planteøydeleggjar (phyto = plante, phthora = øydeleggjar). Forskarane er redde for at skadegjeraren også kan svekke røtene til ålegraset, og gjere det sårbart for å bli rive opp av store bølger.

Ein varm og solrik dag i mai set dykkarar frå NIVA ut saman med Pettersson for å hente dei første plantane som skal undersøkast. Vatnet er blikkstilt, og overflata vert berre broten av båten til NIVA, og eit par knoppsvaner.
  • Janne Kim Gitmark frå NIVA styrer båten inn på ei lita grunne, før ho og kollega Siri Røang Moy trekk i tørrdrakter og snorkelutstyr.

  • Det er deira jobb å dykke ned for å plukke ålegraset som Pettersson skal undersøke. Snart ligg dei og plaskar rundt i vatnet og fyller stoffposar med lange grøne plantar.

  • Oppe i båten tar Pettersson imot plantane. Mange av dei ser grøne og fine ut, men han oppdagar raskt ein plante med karakteristiske mørkebrune flekkar. Dette tyder på at planten kan være angripen av Phytophthora eller Halophytophthora.

     

Når dagen er over blir plantane frakta til laboratoriet på Ås. Her blir kvar plante studert nøye. I tillegg til mørke flekkar på blada ser Pettersson etter rote i dei nye røtene.

 

 

 

 

 

 

 

Bitar av blader og røter, både med og utan symptom på angrep, blir lagt ut på eit vekstmedium som Phytophthora og Halophytophthora trivst på. Etter nokre dagar byrjar oomycetane å vekse ut av plantebitane. Dei vidare analysane gir ikkje lovande resultat.

– Vi fann oomycetar frå alle dei seks engene med ålegras som me undersøkte, fortel Pettersson. DNA-analysane viste funn av fleire arter av både Phytophthora og Halophytophthora.

Funna, som nyleg vart presentert, sette ein stoppar for restaureringsplanane i Oslofjorden.

– Med så mykje smitte som me fann i prøvene vil det ikkje vera tilrådeleg å bruke plantar frå desse engene til etablering av nye enger. Ikkje berre vil det gjere etableringa vanskeleg, men det kan også innføre sjukdomsorganismar til nye område.

Det er så langt ikkje kjent korleis desse oomycetane verkar inn på ålegraset i Noreg. Pettersson forklarer at det er krevjande å utføre forsøk for å studere effekten av dei:

– For å finne ut av kor alvorleg eit angrep av Phytophthora eller Halophytophthora er for ålegraset må vi samanlikne friske planter med smitta plantar i eit kontrollert miljø. Problemet er at det er svært vanskeleg å få tak i friskt plantemateriale.

– Men vi veit at Phytophthora kan gi svært alvorlege skader på landplantar, så det er viktig å skaffe meir kunnskap om korleis dei påverkar ålegraset, avsluttar han.

zosmadonoreng_storøykilen mai23_Janne Gitmark_bredde-2
DSCF3386-2
DSCF3279-3
DSCF3327-2

* Alle bilete under vatn er tekne av Janne Kim Gitmark, NIVA.

Biletet av Phytophthora på skål er teke av Martin Pettersson.

 

Rapporten "Testing av ålegras for sjukdomsorganismer" finn du her.