Familien Borgund og kystgeitene på Stad

I hundre år har familien Borgund og geitene halde stand, i kamp mot storbønder, sitkaplanting og vêret.

PUBLISERT: 12.12.2023 Tekst og foto: Anette Tjomsland Spilling

Geiter på StadtlandetGeitebonden med geitene Geitebøndene i Fjøset
  • I havgapet på Stadlandet beitar geiter i stupbratte fjellsider.
  • Dei gjer eit viktig arbeid med å halde landskapet ope.
  • Nyleg kunne familien Borgund feire at geitene ikkje lenger er kritisk truga. Berre truga.

Ole Jonny Borgund har nett teke over drifta og er med det femte generasjon kystgeitebonde. Far, Helge Borgund, har vore sentral i bevaringsarbeidet, og er æresmedlem i Stad kystgeitlag.

Det er lange tradisjonar for å drive med geit i området. Helge har ein kopi av eit gamalt kart over Sunnmøre. Det er frå 1830. Øvst i høgre hjørne er det bilete av sild og geit.

– Alle veit kor viktig silda var før i tida. Dette kartet seier og noko om kor viktig geita var. Eg fekk det av ein journalist i Sunnmørsposten som intervjua meg for mange år sidan.
 

Unik og verneverdig måte å drive på

Kring år 1900 var det 3000 geiter i kommunen. I 1995 var det berre 100. Då slo lærar Arve Åhjem ved Selje skule alarm. Han fekk støtte av landbrukskontoret i Selje. Ballen byrja å rulle. Sidan har både Norsk genressurssenter og Husdyrmuseet besøkt familien Borgund og andre bønder i området fleire gongar. Politikarar og media dukka og opp etter kvart.

– Det var ein god motivasjon for meg at vi vart oppdaga. Vi har fått mykje støtte og god rådgjeving. Dei seier at vi er unike. Geitene, og drifta er ganske lik som for 100 år sidan. Vi fekk særskild tilbakemelding på at måten vi driv på er verneverdig i seg sjølv, seier Helge.

Det spesielle er at geitene beiter ute i eit vilt landskap, heilt til januar eller februar, så sant det ikkje kjem altfor mykje snø. Berre dei nyfødde kjea og mødrene får vere inne i omtrent to månader, så dei ikkje skal bli tatt av ørn, rev eller ramn.


Redningsaksjonar i bratte fjellsider

Inne i fjøset syner Helge og Ole Jonny fram klauvene til ei av geitene. Dei er mjuke, og delar seg, noko som gir god balanse i bratt terreng.
 

Nærbilde av geiteklove


Det er likevel ikkje utan dramatikk at geitene beitar i dei stupbratte fjellsidene. Fleire gongar har geiter hatt behov for assistanse for å kome seg laus. Helge fortel om ein gong ei geit sto fast i ei fjellsprekk i fjøra.

– Ho hadde vore der i fleire dagar. Eg tok med meg ein ven som hadde med stige, og la torv på trinna. Då klatra geita opp stigen.

Men det er dessverre ikkje alltid det går like bra. Ein gong satt ei geit fast på ei fjellhylle. Helge hadde med ein som kunne klatre, og som hadde med tau. Han augna håp om å få geita til å klatre opp fjellsida. Men då glapp det for geita, og ho fauk utfor fjellsida.

– Eg drog ut for å leite etter ho dagen etter, og fann ho i fjæra. Ho hang høgt oppi fjellsida då ho fall, og vi høyrde berre to dunk, så for ho rett i havet. Det seier noko om kor bratt det er her.
 

Geit ute ved Stadthavet


Harde kår i vêrhardt og bratt landskap

Det var Helges oldeforeldre som kjøpte garden for 400 dalar.

– Oldeforeldra mine jobba for ein storbonde. Då oldemor blei gravid meinte bonden at dei måtte ha eigen eigedom. Han kjende til at oldefar hadde 400 dalar, så då selde han dei eit stykke land for alt han visste at oldefar eigde.

I tillegg var det ein spesiell klausul om at mor til storbonden følgde med på kjøpet. Ho hadde eit rom på garden, og hadde krav på ein heil del gode.

Det var harde kår i eit bratt og vêrhardt landskap. Helge peikar på fjøset.

– Dette fjøset her er bygd under ei klippe, fordi sørvesten kjem over her. Det var generasjonane før oss som kom på den idéen. Bestefar bygde eit sommarfjøs over skrenten oppi her. Far hans sa at det ikkje kom til å gå, men han sto på sitt og bygde. Det blei rive av vinden allereie det første året, så oldefar fekk rett.

Familien var lenge omgjeve av storbønder, og kjende seg kua av dei store.

– No er det ikkje nokon att av storbøndene. Alle har lagt ned, men vi har klart å halde garden, dyra og kulturlandskapet i hevd. Det har vore litt av min motivasjon, å fortsette og vise at vi kan klare det.

Far og son fortel om ferdsel i bratt terreng, og mykje handarbeid med å hesje tørrfôr i landskapet rundt garden. Det er heller ikkje mykje pengar i å drive med geiter. Hadde det ikkje vore for at dei har ei genuin interesse for geitene og måten å drive på, så hadde det nok ikkje vore drift her lenger.

– Men det er ein stor fordel at ein ikkje treng å bruke tid på treningssenter. Og fritidssyslar er ikkje noko problem, humrar Helge.

Helge Borgund har drive Borgund gard sidan 1988. På tampen av 2021 tok sonen, Ole Johnny, over gardsdrifta. Han er med det femte generasjon kystgeitbonde.

Tre gonger lokalpolitisk forbod mot geiter til fordel for sitkaplanting

Det har ikkje bestandig vore enkelt å halde stand. Den massive plantinga av sitkagran på 1950 og 60-talet var ein heilt konkret trugsel mot eksistensen til geitene. Når sitkagranene skulle plantast måtte geitene vekk.

Frakter geit i robåtBorgund gård ved StadthavetNærbilde av geit
  • – Dette var eitt av fem bruk som nekta å gje opp. Foreldra mine var like sta som geitene. Far min, Osvald, fekk besøk av ein av storbøndene som var med på treplantinga. Han sa at far måtte slakte geitene og plante sitkagran. Då sa far – «Nei, her blir det ikkje slakta ei einaste geit, eller planta eit einaste tre så lenge eg er her. Eg har mykje glede av geitene, medan du ikkje får ei flis i kista di ein gong!»

  • Bonden vart ganske forarga, men Osvald fekk rett. Trea bonden planta ville ikkje vekse i utmarka ytst i havgapet, grunna sjøsprøyt og vind.

    – Dei blei kanskje berre ein meter, og kunne ikkje nyttast til noko før orkanen Dagmar feide ned fleire tre. Då var det andre som hadde tatt over garden, seier Helge.

  • Skogplantinga skapte ikkje berre motsetnader mellom bønder i distriktet. Det var og ein politisk vedtatt kamp. I tillegg til arbeidet på garden var Helge kyrkjeverje i 20 år. I samband med den jobben kom han tilfeldigvis over nokre kommunestyrevedtak.

    – Heile tre gongar på 1950-60 talet var geiter forbode! Eg oppdaga dette etter at vi hadde danna kystgeitlaget, og tok då kontakt med fylkesmannen. Han oppheva vedtaka. Geit er eit lovleg husdyr. Det var ein stor siger for oss.

Kystgeitenes genar finst no i heile Sør-Noreg.

Kystgeitenes genar finst no i heile Sør-Noreg

I år 2000 danna Helge og fleire andre bønder Stad kystgeitlag, og i 2002-03 fekk dei hjelp av Genressurssenteret til å danne bukkering. Det er ein systematisk metode å drive avl på. Det er fem medlemar i ein slik ring, og dei leverer bukkar til kvarandre kvart år, i eit fast system.

– Vi har lært av genfolka, og har forsøkt å gjere det etter boka. Særleg innavl og kva slags geiter vi tar til avlsbukk blei vi meir bevisste på. Til dømes tar eg alltid frå ei anna morlinje året etter. Eg har og sett på lynnet til mora, og fargane på pelsen.

Arbeidet har vore ein suksess. No, 20 år etter oppstarten, sel bukkeringen og kystgeitlaget geiter, kje og sæd til fleire kundar over heile Sør-Noreg. Sjølvaste Bogstad gard kjøpte 25 geiter frå fem besetningar i bukkeringen på Stad, og har no etablert eigen bukkering

Helge Borgund med fenalårNærbilde av fenalår
  • Fenalår frå ein av geitene på garden

    Helge Borgund fortel at ein kan sjå at dette er frå ein bukk fordi det er så mykje fett. Om dette hadde vore sau ville det vore kvitt og hardt, men dette er mjukt, og har så mykje smak at det er godt å ete sjølve feittet.

    Før i gamle dagar var feittet ein ressurs. Helge fortel at då han var gutunge hang det alltid ein klump med geitefeitt i alle naust. Dette vart brukt til å tette sprekkar i botnen av robåtane. Far hans fortalde at feitt frå klauvene til geitene vart brukt som våpenolje og symaskinolje, fordi det er så fint at det ikkje stivnar.

    Geitefeitt har og vore brukt på støypejern på kyrkjegardar. Det trakk inn i porene og herda jernet så det ikkje rusta.

  • Dei slaktar geitene på garden og sel til lokale kundar. Kvart år tar dei av eit eller to dyr til eige hushald.

    Dei nyttar heile dyret og fortel om ei rekkje mattradisjonar dei har på garden, særskild før jul. Til dømes tørka saltkjøt frå ryggen. Kjøtet saltast i om lag 7-10 dagar og heng til tørk i 3 til 4 veker. Det vatnast ut i eit lite døgn, før det blir kokt i 3-4 timar. Når kjøtet er klart serverast det med potetar og ein kvit saus med masse lauk i. Nokre brukar og gulrot og kålrabi som tilbehøyr. Dette er ein gamal tradisjonsrett som ikkje står i noko kokebok.

Ny generasjon vil ta vare på tradisjonane

Revjehornet ytst på Stad byr på mykje god mat for geitene. Menyen på beite består av næringsrike urter, lyng og gras, eller fersk tang frå fjæra. Kjøtet får ein særeigen smak, og grunna kosten frå fjæra får dei i seg mykje mineraler.

Geitene kjem springande ut på fjæresteinane når dei høyrer båten som Ole Jonny og Helge brukar for å sjå til dei på beite.  

Helge og Ole Jonny brukar båt for å sjå etter geitene på beite. Dei er veldig nysgjerrige og fleire hoppar om bord i båten når vi legg til.

Det er godt med ein tur ut hit for å helse på geitene. Eg trivst godt saman med dei, seier Ole Johnny.

Han snakkar og kosar med geitene som hoppar opp på han, og bit i posen med brød. Heilt sidan han var liten har Ole Jonny vore med Helge og stelt med geitene. Før jul i 2021 tok han over gardsdrifta.

Ole Jonny Borgund ut i båt med geiter

 

– Han ringte og sa: «No kan eg gratulerer deg med at du ikkje eig noko!» Og det synes eg er heilt greitt, seier Helge, som er glad for at sonen vil ta vare på geitene og garden.

På spørsmål om korleis han trur han vil drive om ti år, svarar Ole Jonny;

– Er trur det blir mykje av det same. Det er lange tradisjonar her i mange generasjonar. Eg er motivert til å ta over.

ats-20220912-1746DSC_9160
ats-20220912-1359DSC_8653
ats-20220912-1446DSC_8695
ats-20220912-1721DSC_9114
ats-20220912-1803DSC_9197
ats-20220912-1826DSC_9230
ats-20220912-1701DSC_8976
ats-20220912-1504DSC_8760

Kontakt:

Denne artikkelen er trykket i boka «Husdyra som ikke ville dø ut» som kom på markedet tidligere i år.

I boka møter du et utvalg av de gamle norske husdyrraseness dedikerte talspersoner. Økt og variert bruk har gitt gode råvarer og nye bruksområder for de gamle rasene samtidig som det har bidratt vesentlig til at rasene har økt i antall i ei tid da antall aktive gardsbruk i Norge har gått ned.

Boka kan bestilles fra Dreyer Forlag Oslo.

Video: Familien Borgund og kystgeitene på Stad