Ein norsk jungel med eksotiske vekstar

 

Visste du at me i framtida kanskje kan kjøpe norskprodusert melon, søtpotet og avokado? NIBIO har fleire prosjekt som undersøker moglegheitene for å produsere eksotiske vekstar både i veksthus og på friland. Bli med inn i jungelen!

PUBLISERT: 22.01.2025 Tekst og bilder: Silje Kvist Simonsen*

Me importerer om lag 97 % av all frukta me et i Noreg. Ser ein bort i frå eple, pærer, morellar/kirsebær og plommer produserer me stort sett ikkje frisk frukt i det heile. Med vårt nordlege klima og korte vekstsesong er kanskje ikkje dette så rart, men det stoppar ikkje forskarane som ønsker å endre statistikken.

Forskaren Carolina Falcata Fialho Palma står smilande blant avokadotre.

 

 

 

Carolina Falcato Fialho Palma er forskar i NIBIO. Ho kjem frå Portugal, og frå heimlandet sitt har ho teke med seg ein stor interesse for eksotisk frukt. Palma meiner at Noreg har eit potensiale til å dyrke meir frukt sjølve, også av det eksotiske slaget.

– Noreg har ein stor ubrukt ressurs som me vil nytte til å produsere eksotiske vekstar. Rundt om i landet finst det industriar og datasenter som generer mykje restvarme. Kva om me kan bruke noko av denne varmen til å varme opp veksthus, som i dag blir varma opp anten av propan, naturgass eller straum?

Palma viser veg i veksthusa ved NIBIO Særheim, der dyrking av dei eksotiske vekstane blir testa ut i praksis. Ho opnar ei dør til eit hav av grønt.

To radar med melonplanter strekk seg opp mot taket i eit veksthus.To radar med melonplanter strekk seg opp mot taket i eit veksthus.
  • – Velkommen til melonrommet, smiler ho.
  • I vekstrommet veks det melonar på rekke og rad. Det er to slag: honningdogg-melonar og cantaloupe-melonar.
Melonplantene strekk seg heile vegen opp til taket, der overingeniør Martine Hana Løken er oppteken med å klippe dei ned.

– Det kom veldig overraskande på oss kor fort plantene veks, forklarer Løken.

– Dei kan vekse 20 cm på ein dag, så dei må bindast opp annakvar dag, elles blir det kaos her inne!

Det er mykje arbeid å stelle eit rom fylt med melonplanter. Plantene må klippast ned så dei ikkje veks ut av dimensjonar, og dei må bindast opp. I tillegg jobbar Palma og Løken med å finne ut korleis plantene skal kunne produsere så mange melonar som mogleg.

– Det er mange spørsmål å finne svar på. Kor tett skal plantene stå? Kva slags dyrkingsmedium trivst dei best i? Kva er den beste metoden for å klippe dei ned, og kor mange blomar skal få lov til å produsere melonar?

 
 
IMG_1160_liggende
IMG_1161_liggende
IMG_1162_liggende2
IMG_1163_liggende

Palma fortel at dei har gjort mange feil, og lært mykje.

– Det er viktig at me gjer desse feila, og får desse erfaringane. Dette må me spele vidare til framtidas melondyrkarar, slik at dei kan lære av våre feil.
Tre personar hauster søtpoteter.Forskar Emilie Sandell sit i ein søtpotetåker.Eit greip med fire rødrosa sotpoteter som nettopp er blitt gravd opp.
  •  

     

     

     

    Det er ikkje berre i veksthus at potensialet for nye avlingar ligg. Både ved NIBIO Apelsvoll i Østre Toten og ved NIBIO Landvik i Grimstad har forskarane i fleire år dyrka søtpotet på friland.

    – Det er absolutt mogleg å dyrke søtpotet i Noreg, fortel forskar Emilie Sandell.

    – Når du skal dyrke meir varmekrevjande arter, som søtpotet, handlar det i stor grad om å gi plantene ein tidlegare og varmare start. Ved å dekke bakken med kvit duk tidleg på våren eller seinare på hausten, kan me forlenge vekstsesongen og gi plantene fleire vekstdøgn.

  • Sandell snakkar varmt om søtpotetene. Dei er nøysame planter som krev lite vatn og næring, og er lite utsett for skadedyr og sjukdommar. Dersom potetene får tørke godt ved høg temperatur etter innhausting kan dei ligge lenge på lager. Sandell er likevel usikker på om kommersiell dyrking av søtpotet i Noreg vil bli lønnsamt.

    – Overgangen til å dyrke ein ny kultur er ikkje billig. Mykje av plantematerialet for søtpotet er dyrt, og det kan være naudsynt å investere i nye maskinar. I tillegg er søtpotetene sårbare for mekaniske skadar. Dette gjer at mykje arbeid bør utførast manuelt.

  • Dette aukar krava til betalingsvilje hos forbrukaren.

    – Ein av dei største utfordringane trur eg ligg i marknaden. Er me villige til å betale meir for norskprodusert søtpotet? Eg trur riktig marknadsføring vil være avgjerande for om den norske søtpoteta får etablert seg.

Søtpotetene som blir produsert i Noreg vil sjå annleis ut enn dei me får kjøpt i dag.

– Ein norskprodusert søtpotet vil være lengre og tynnare enn det folk flest er vande med i dag, forklarer Sandell.

Sandell meiner at nokre arenaer er betre eigna til norsk søtpotet enn andre:

– Kundar som bruker marknadshagar og gardsutsal er gjerne villige til å betale meir for varene. Her trur eg absolutt at norsk søtpotet kan gjere det godt.

Tilbake i veksthusa på Særheim viser Palma veg inn i ein ny jungel.
Ei kvinne i kvit labfrakk under høge avokadotre.Forskaren Carolina Falcata Fialho Palma med ein melon.
  • Her veks det store avokadotre, også desse heilt opp mot taket. På same måte som med melonane er målet at også avokadoane skal dyrkast ved hjelp av restvarme frå industrien.

    – Avokadoplantene me har her er tre år gamle. Då me fekk dei for under eitt år sidan var dei omtrent ein meter høge. Ein ser sjølv kor høgt dei har vekse sidan då, så dette går mykje fortare enn venta. No skal dei vekse ein periode under forhold som stimulerer bløming. Då kan me forhåpentlegvis snart hauste dei første avokadoane på Særheim!

  • Forskaren trur at norske forbrukarar kan kjøpe norskprodusert melon og avokado om ti år.

    –Når me har funne ut korleis me dyrkar melon og avokado vil eg også ta steget vidare til andre eksotiske vekstar, slik som papaya og mango, avsluttar Palma smilande.

 

 

*Bileta av søtpotet og hausting av søtpotet er teke av Marie Hatlevoll (Norsk Landbruk).

Biletet av Emilie Sandell er teke av Carolina Falcato Fialho Palma (NIBIO).