Fleire sauer i ulvesona
Talet på sau i forvaltningssona for ulv aukar. Færre sauer blir tatt av ulv. Paradokset er eit resultat av omfattande endringar i beitebruken i regionen.
Beitebruken er endra frå tradisjonell form der sauene blir sleppte fritt i utmarka, til inngjerda beite, for det meste på gardsnær utmark eller innmark. Bruken av vanleg utmarksbeite er så godt som avvikla. Talet på sau tatt av ulv er derfor blitt svært lågt.
Det framgår av ein analyse NIBIO og AgriAnalyse publiserer i rapporten Beitebruk i ulvesona, om etablering og auka førekomst av ulv som faktor for avvikling eller endring av beitebruken.
Prosjektet er utført på oppdrag frå Miljødirektoratet, og er det eine av fem kunnskaps- og utgreiingsprosjekt om ulv bestilt av Klima og miljødepartementet.
Sjølvmotseiande utvikling
Det kan synast overraskande at sauetalet går opp i eit område der ulven gjennom Stortingsvedtak har rett til å leve og yngle.
- Bak utviklinga ligg det strukturelle og geografiske endringar som er svært forskjellige frå endringane i beitenæringa i resten av landet, fortel spesialrådgjevar og utgreiingsleiar Geir Harald Strand i NIBIO. Han har vore prosjektansvarleg for arbeidet.
I ulvesona er sauen i praksis fjerna frå utmarka, noko som forklarer dei låge tapa av sau til rovvilt her. I dei seinare åra har dei større tapa skjedd utanfor sona.
- No aukar talet på sauebønder og sau innanfor ulvesona, viser våre tal. Men drifta er annleis enn før, seier Strand.
Drifta baserer seg meir på innmarksbeite enn tidlegare. Tendensen gjer seg gjeldande i alle dei tre fylka i ulvesona. Også i Hedmark – der sauehaldet vart halvert i perioden 1999 til 2013. Det er framhald av ein negativ trend som starta på 1980-talet. Strand held fram:
- Utviklinga i Hedmark dei siste åra liknar på den vi har sett i Østfold og Akershus. Det kan synast som den negative utviklinga i Hedmark nådde botn rundt 2013. Etter 2013 har talet på sau og sauebønder auka år for år.
I rapporten blir slike utviklingslinjer gjennomgått for ulike regionar i sona for 20-årsperioden fram til 2017 som oppdraget gjeld. Utgreiinga dokumenterer status, endringar og utvikling av beitebruken i ulvesona. Konsekvensar for menneske, samfunn og miljø er og belyst.
Tolv tidlegare eller eksisterande beitebrukarar er intervjua i prosjektet for å seie noko om ‘-hvorfor de har avviklet eller endret beitebruken.’
- Gjedda var feit det året
Slik begynte ein sauebonde forteljinga si om opplevingar han har hatt med ulv som gjer skade, på eigne dyr eller naboens. Sitatet skriv seg frå ein episode da ulven hadde herja på garden. Døde og skamferte dyr hamna i elva nedafor.
Sidan har denne bonden slutta med sau i utmark. No driv han på ulike inngjerda beiteareal han flytter sauene imellom.
- Mange meiner det ikkje har vore dialog, men monolog, som har gjort seg gjeldande innan rovdyrforvaltninga, referer prosjektleiar Geir Harald Strand.
- Dei meiner beslutningar er tatt utan tilstrekkeleg kunnskap og forståing for beitebruken og beitebrukarane sin situasjon.
Lokal forankring og moglegheit for å påverke kjem fram som ein mangel, saman med fråver av tilbod om akseptable alternativ eller moglegheit for ei anstendig avvikling. Tilliten er blitt skadelidande.
Intervjua viser at fleire faktorar avgjer om drifta blir avvikla eller endra når beitinga i utmarka tar slutt. Samfunnsendringar, strukturrasjonalisering, generasjonsskifte og regionalt sett ulike rammeføresetnader er ein del av det generelle bildet. I ulvesona er opplevingar med rovdyr og rovdyrforvaltninga ein tilleggsfaktor som spelar inn.
- Rovdyr verkar inn direkte i form av skade på buskapen, og indirekte i form av endra rammetilhøve, fagmiljø som forvitrar og følelse av avmakt, seier Strand.
Summen av mange faktorar gjer at ulike beitebrukarar gjer ulike val sjølv om tilhøva kan synast like.
Avvikling av utmarksbeite
Medan hausting av utmarksressursen tradisjonelt er ein sentral del av sauehald, har beitebruken i ulvesona endra seg i retning av beitebruk innanfor inngjerda utmark og på innmark.
Bruk av utmarksbeite i ulvesona skjer i dag kun i to avgrensa område inngjerda med rovdyravvisende hegn, eit gjerde med seks straumførande trådar, i tillegg til noko anna på inngjerda gardsnær utmark.
- Utanfor ulvesona har sauenæringa gått i retning av færre og større bruk, medan dyretalet har halde seg stabilt, forklarer Strand.
- Innanfor ulvesona er det blitt fleire, men ikkje særleg større, sauebruk. Dyretalet er gått opp.
Den store skilnaden på utvikling i og utanfor ulvesona handlar om ulik moglegheit for bruk av utmarksressursen. I ulvesona er beiting i utmark i all hovudsak avvikla. Strand oppsummerer:
- I Hedmark var situasjonen lenge prega av avvikling. Etter 2013 har dette endra seg. Avviklinga av beitenæringa i utkantområda er sluttført, og kun eit fåtal gardbrukarar driv framleis med sau som hovudnæring. I staden aukar talet på sau i mindre besetningar på bruk nær tettstadene.
- Det er same utvikling som i Østfold og Akershus der sauehaldet ofte har meir preg av kulturlandskapsproduksjon enn matproduksjon. Sauehaldet i denne regionen er oftast biinntekt for eigarane.
Strand føyer til at tradisjonelt utmarksbeite i ulvesona i dag berre skjer på øyer i Oslofjorden og Vannsjø, og i dei ulvefrie kommunane vest for Oslo.
Konfliktdempande arbeid
Frå Miljødirektoratet seier oppdragsansvarleg kontaktperson og seniorrådgjevar Susanne Hanssen dette om bakgrunnen for oppdraget:
- Auka kunnskap er ein sentral del av forvaltningas konfliktdempande arbeid innanfor rovviltforvaltninga. Dei fem prosjekta som Beitebruk i ulvesona har vore det eine av, skal bidra til å tette kunnskapshol der konfliktane er opplevde som særleg høge.
- For akkurat dette prosjektet ønska vi ein historisk gjennomgang av endringar i beitebruken i ulvesona, både med direkte og indirekte konsekvenser, samfunnsmessige og økonomiske, i tillegg til påverknader for naturmangfaldet.
Hanssen legg til at føremålet med oppdraget også har vore å samanlikne forhold i ulvesona med andre område i Noreg der det er lite eller ikkje rovvilt.
Om saksgangen vidare seier ho at rapporten no vil bli oversendt Klima- og miljødepartementet.
- Vi kjem deretter til å gjennomgå denne rapporten i på linje med dei andre rapportane som blei utlyst, og vil vurdere på kva måte informasjonen og kunnskapen som kjem fram kan bidra i forvaltninga, seier Hanssen.
Ho seier rapporten vil vere eit viktig bidrag for å få belyst konsekvensar av ulvesona og dei forvaltningsmessige grepa som er gjennomført ved geografisk differensiert forvaltning.
Rapporten vil og gi oss betre oversikt over landbruksmessige og samfunnsmessige forhold i ulvesona, sett i forhold til andre område i Norge, avsluttar Miljødirektoratet sin representant.
KONTAKTPERSON
Geir-Harald Strand
Forskningsleder
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 415 01 640 geir.harald.strand@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Ulvesona
Ulvesona – eller forvaltningsområdet for ynglande ulv – er vedtatt i Stortinget i 2004 og revidert i 2016. Sona er etablert for å ta vare på det nasjonale målet for ulv. Geografisk er sona lagt til dei tre fylka Hedmark, Oslo/Akershus og Østfold. Ikkje alle kommunar er med. Grovt sett går det ei delelinje langs Glomma. Aust for Glomma er det ulvesone, vest for Glomma er det beiteprioriterte område.
Innanfor ulvesona
- er talet på sau og lam som får støtte for beite i utmark redusert med 45 % sidan 1999.
- blir rundt 6 % av potensialet i utmarksbeitet nytta av husdyr.
I referansefylket Hordaland blir om lag 62 % av moglege utmarksbeite nytta av husdyr.
ULIKE TYPAR BEITEBRUK I ULVESONA
- I ulvesona finst det framleis gardsbruk som har sau i utmark. Denne sauen blir sendt på beite utanfor ulvesona, eller han beiter i innhegningar bak rovdyravvisande gjerder.
To slike større innhegninger fins i Grue og Trysil. - Andre dyr beiter på inngjerda, gardsnær utmark.
- Dei fleste dyra i ulvesona beiter på innmark. Sau som beiter på innmark har auka sjukdomsrisiko. Dessutan er næringstilgangen dårlegare enn i utmarka.
Produksjonsresultatet blir derfor svakare pga. lågare kjøttvekt enn under andre forhold. - For bonden fører beite på innmark til meir arbeid. Dyra må medisinerast, og dei må jamleg flyttast mellom ulike – inngjerda - beiteareal. Dessutan må gjerdene haldast. Ikkje minst er elektriske, rovdyravvisande gjerder arbeidskrevjande installasjonar.
- Økonomisk kompensasjon blir gitt til for dyr som må gå på heimebeite fordi rovdyrsituasjonen gjer det umogleg å sleppe dyr på utmarksbeite.
Lenker
RovviltportalenKONTAKTPERSON
Geir-Harald Strand
Forskningsleder
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 415 01 640 geir.harald.strand@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.
Publikasjoner
Editors
Geir-Harald StrandAbstract
Utmarksbeite med frittgående sau er så godt som avviklet i de delene av ulvesona hvor det forekommer ulv. Resultatet er både driftsavvikling og økt hjemmebeite. I ulvesona i Østfold, Akershus og Oslo er det økt beite på innmark og inngjerdet, gårdsnær utmark. I ulvesona i Hedmark er sauenæringa sterkt redusert, men utviklingen etter 2013 ligner mer på utviklingen i søndre del av sona. Tilgang på alternativ sysselsetting kan være avgjørende for fortsatt, men redusert drift. Økonomiske og samfunnsmessige konsekvenser av endringene har ikke latt seg spore på overordnet, f.eks. kommunalt, nivå. Likevel er det tydelig at situasjonen i ulvesona i Hedmark skiller seg ut ved en rekke negative trekk, ikke minst på jordbruk, som ligger langt under sammenliknbare referanseområder. Konsekvensene og omkostningene kan være store for de enkeltpersoner, familier og grendesamfunn som berøres. Sauebønder innenfor ulvesona rapporterer at ulv (og bjørn) er en viktig årsak til endring og avvikling av beitebruken.