Yngve Rekdal

Senior Adviser (OAP Agreement)

(+47) 959 33 520
yngve.rekdal@nibio.no

Place
Ås O43

Visiting address
Oluf Thesens vei 43, 1433 Ås

Abstract

Denne rapporten er ei vegleiing i vegetasjonskartlegging i målestokk 1:20 000 – 50 000 slik dette er utført sidan første utgåva kom i 1987. Vegleiinga tar primært sikte på å bli brukt under opplæring av nye inventørar, og som ei handbok under feltarbeidet. Metoden for denne kartlegginga byggjer mykje på vegetasjonen sin fysiognomi slik dette kjem til uttrykk gjennom dominerande artar og vegetasjonen sin struktur. Kartlegginga med klassifisering og figurering, foregår som ein kombinasjon av synfaring i felt, tolking av flyfoto ut frå nyansar i farge og tekstur i biletet og inventøren sin økologiske kunnskap. Kartleggingssystemet består av 45 vegetasjonstypar og 9 andre arealtypar. Typane er samla i 12 grupper. Under kartlegging blir det i tillegg brukt ei rekkje tilleggsteikn for å få fram viktig informasjon som ikkje ligg i beskrivinga av vegetasjonstypane.

Abstract

Utmarksbeite er ein viktig ressurs for norsk landbruk, og 48 % av norske driftseiningar slapp dyr i utmark i 2024. Likevel er mykje av ressursen ubrukt – husdyrtalet kan tredoblast utan at beitegrunnlaget blir overskride. Ressursundersøkinga «Arealrekneskap i utmark» gjev ein samla oversikt over utmarksbeiteressursane både nasjonalt og fylkesvis.