Abstract

Fleire insektartar skadar frukta inni fordi dei til dømes har larver som utviklar seg der. Rognebærmøll er eit eksempel. Registreringar viser at ein kan finna larver/gangar i fruktkjøtet sjølv om det berre er eit lite stikk på utsida. Når plantevernmiddel forsvinn vil det gjera sorteringsarbeidet vanskeleg og tidkrevande for å unngå at skada frukt kjem på marknaden. Det gjeld både produsent og fruktpakkeri. Korleis løyser ein dette?