Framande arter regnes i dag som ein av dei største truslane mot biologisk mangfald både i Noreg og på verdsbasis. Eit felles karaktertrekk for dei framande planteartene som blir problematiske ugras, er at dei ofte dannar tette bestandar som utkonkurrerer annan vegetasjon. Plantene er ofte storvaksne og spreier seg lett, anten ved rik frøproduksjon eller livskraftige rotsystem. Langs trafikkårane fører storvaksne planter til redusert sikt og gjev auka behov for kontrolltiltak.
Anleggsverksemd står for ein stor del av faren for vidare spreiing av framande arter innanfor landets grenser. Spesielt flytting av masse i forbindelse med byggeverksemd og veganlegg inneber stor fare for spreiing av invaderande framande planter.
Årleg blir det brukt store ressursar for å kontrollere framande invaderande plantearter ved hjelp av tradisjonelle metodar. Auka utbreiing og nye krav til aktsemd, i kombinasjon med økonomiske avgrensingar, gjer det heilt naudsynt å evaluere effekten av den eksisterande praksisen og utvikle nye kostnadseffektive og miljøvenlege strategiar for tiltak.
Kunnskap om planteartene sin grunnleggande biologi er sentralt for utvikling av effektive metodar for nedkjemping. For mange av dei vanlegaste ugrasartene veit vi ved kva slags utviklingstrinn plantene toler dårlegast å bli utsatt for kontrolltiltak. Betre kunnskap om riktige tidspunkt og metodar for nedkjemping av storvaksne framande plantearter vil vere økonomisk innsparande, men vil også redusere miljøbelastninga dersom bruken av plantevernmidlar kan avgrensast.
Plantevernleksikonet (sjå lenke nederst på sida) inneheld informasjon om mange av dei problematiske artane. Sidan mange av dei mest brysame planteartane blir spreia med jordmassar, er det også sentralt å utvikle eit kunnskapsgrunnlag for å kunne utarbeide tilfredsstillande retningslinjer om handtering av massar infisert med framande planter eller plantedelar som ikkje er ynskja. Fleire forskingsprosjekt er satt i verk for å utvikle særskilde kontrolltiltak mot enkeltartar. Dette er ein viktig del av NIBIO sin forsking retta mot målgrupper innan anleggsverksemd, forvalting og offentlege myndigheiter.