Klimatilpasning

Tilpasninger i landbruket kan bidra til å redusere negative effekter av klimaendringer på vannkvalitet. Med økt og mer intens nedbør og høyere temperaturer vil belastningen på vannforekomstene øke, både i forhold til endret vannføring og økt fare for eutrofiering og tap av plantevernmidler. Samtidig øker faren for jordtap og forringing av jorda ved utvasking og pakking. Hvilke tiltak finnes?

Klimaendringer kan føre til økt jordtap. Foto: Inga Greipsland.
Klimaendringer kan føre til økt jordtap. Foto: Inga Greipsland.
KONTAKTPERSON

Publikasjoner

Til dokument

Sammendrag

I denne rapporten er det gjeve ei vurdering av kva framskriving av klimaendringane med auka nedbør og temperatur kan få å seia for landbruket på Vestlandet. Det er lagt hovudvekt på å omtala situasjonen for grovfôrdyrking då det saman med grovfôrbasert husdyrhald er tyngde-punktet i vestnorsk landbruk. Betring av dreneringstilstand er viktig då meir nedbør og moderne jordbruksdrift set større krav til dreneringstilstanden.Dreneringstilstand verkar sterkt inn på arealproduktiviteten.Ved-likehald av jordkapitalen har vore for lite vektlagt over tid, og det er eit etterslep som må takast att. Overvintring av engvokstrar er vist til både som viktig utfordring i dag sett i samanheng med klima og driftsmåte, og at det er ei utfordring å skaffa klimatilpassa plantemateriale framover. Gjødslingspraksis må både ut frå agronomiske- og miljømessige grunnar leggjast opp slik at ein unngår spreiing av husdyrgjødsel seint i veksetida, for å auka N- og P-utnyttinga og redusera tap til vatn og luft. Dette vil innebera at ein del må utvida lagerkapasiteten for husdyrgjødsel. Frukt og bærproduksjon er svært klimaavhengig. Auka frekvens av vind vert vurdert som utfordrande, ikkje minst økonomisk. Meir nedbør er utfordrande m.o.t. meir sjukdom og bakteriosar. Sterk vind, kombinert med vassmetta jord, fører til meir vindfall i skog. Dette er økonomisk, fagleg og i ressurssamanheng utfordrande for ei ung næring. Auka nedbørsmengde og nedbørintensitet er tilhøve som gjer at fare for flaum og skred må vurderast grundigare i ulike samanhengar, noko som vedkjem landbruket m.o.t. dimensjonering av drenering, avlaup, stikkrenner og sikring mot graving og erosjon. Verksemd som skogsvegbygging må ta meir omsyn til auka vassføring, og med fare for erosjon, flaum og skred. Det å dimensjonera for auka vassføring og førebyggja mot flaum og skred, gjeld og for andre samfunnssektorar.